Hopp til innhold
X
Innhald

Mot Dag

Mot Dag, politisk gruppe som hovudsakleg var sett saman av intellektuelle. Gruppa vart stifta av Erling Falk i 1921. I byrjinga var ho tilslutta Arbeidarpartiet, der ho tok sikte på å utgjere ein revolusjonær elite. I 1925 vart gruppa ekskludert frå partiet. I 1926–28 var ho tilslutta Kommunistpartiet, men frå 1929 til 1936, då organisasjonen vart oppløyst, var Mot Dag partipolitisk uavhengig.
 
Størst politisk rolle spela organisasjonen under diskusjonane om Moskva-tesane før splittinga i Arbeidarpartiet i 1923, då Mot Dag støtta Tranmæl-fløya. Mot Dag er også namnet på tidsskriftet i organisasjonen, som bidrog i utviklinga av ein offentleg marxisme i Noreg. Organisasjonen stod også bak utgivinga av Arbeidernes leksikon og to bind av Kapitalen av Karl Marx i 1930-åra.

Først publisert: 04.02.2015
Sist oppdatert: 04.02.2015