Hopp til innhold
X
Innhald

Nasjonalhjelpa

Nasjonalhjelpa, norsk organisasjon som vart oppretta av administrasjonsrådet under Andre verdskrig i 1940, som eit framhald av Fellesutvalget for humanitært hjelpearbeid. Under namnet Nasjonalhjelpen til de skadelidte distrikter vart det i juni 1940 sett i gang ei innsamling som fekk inn om lag 22,7 millionar kroner.

Seinare formidla Nasjonalhjelpa svensk og anna utanlandsk hjelp til Noreg under den tyske okkupasjonen for i alt 135,2 millionar kroner. Ved frigjeringa vart namnet forandra til Nasjonalhjelpen til frihetskampens ofre.

Nasjonalhjelpa Oslo telefonanlegg si kampanje for nasjonalhjekpa 1945 ukjend fotograf Telemuseet CC BY SA 4.jpg?w=600


Oslo telefonanlegg si kampanje for nasjonalhjelpa rundt 1945. Ukjend fotograf/Telemuseet CC BY SA 4.0.











 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.03.2016
Sist oppdatert: 29.03.2016