Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Pedersen Høiland

Ole Pedersen Høiland var ein stortjuv som braut seg inn i Noregs Bank og stal 64 000 dalar.

Ole Pedersen Høiland, 1797–1848, namngjeten stortjuv som rømde 11 gonger frå fengselet. Høiland er særleg kjend for innbrotet i Noregs Bank i 1836, der han stal 64 000 dalar. Justisdepartementet utlova dusør på 300 spesidalar for Høiland, og etter sju veker frå rømmen, vart han arrestert. Etter fire år i fengsel, rømde han igjen. Etter tre år på rømmen, vart han pågripen. Han søkte om nåde, men fekk avslag.

Han tok sitt eige liv i cella på Akershus.

Henrik Wergeland skreiv visa Ny Vise om Ole Pedersen Høilands sidste mærkelige Undvigelse fra Agerhuus Fæstning Natten til den 17de September 1839, 1839 der han skildra rømming og pågripinga av Høiland. Det er også laga film, basert på livet hans.

Høiland Ole Pedersen teikning av Funch, Jens Peter KJelde Oslo Museum.jpg?w=600

Ole Pedersen Høiland, etterlysning. Teikning av Jens Peter Funch. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2016
Sist oppdatert: 15.02.2016