Hopp til innhold
X
Innhald

Randsfjordkonflikten

Randsfjordkonflikten, arbeidskonflikt om organisasjonsretten mellom skogsarbeidarar og skogeigarar i Randsfjordsdistriktet i 1930–34/36. Låge tømmerprisar førte til at skogsarbeidarane fekk lågare løn og fløting av tømmer vart sett ut på anbod. Fløtarane organiserte seg i Norsk Skog- og Landarbeiderforbund og kravde tariffavtale. Konflikten ramma hardt og mange vart arbeidslause. Konflikten hamna i retten og i 1936 enda konflikten med at anbodssystemet vart avskaffa og at fløtarar og skogsarbeidarar fekk tariffavtale.






 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2016
Sist oppdatert: 05.04.2016