Hopp til innhold
X
Innhald

Riksforsamlinga

Riksforsamlinga, nemning på den første norske folkerepresentasjonen, som var samla på Eidsvoll i dagane frå 11. april til 20. mai 1814. Forsamlinga var sett saman av 112 representantar for borgarar, bønder, embetsmenn, hær og flåte, og ho var vald ved indirekte val. Riksforsamlinga valde ein konstitusjonskomité til å utarbeide forslag til grunnlov. Ein kjenner til 27 utkast til Grunnlova, men truleg var det endå fleire.
 
Grunnlova kom til å omfatte 110 paragrafar. Til grunn la ein eit utkast av lektor Johan Gunder Adler og sorenskrivar Christian Magnus Falsen.
 
Sjå video frå NRK Skole om Christian Magnus Falsen:
 
 
 
 
 
Grunnlova skapte ei myndig nasjonalforsamling med eit svært breitt veljargrunnlag for si tid, men etter ønske frå Christian Frederik gav ho kongen stor makt. I det grunnleggjande var likevel Grunnlova basert på prinsippet om folkesuverenitet og maktfordeling. Falsen føreslo at riksforsamlinga skulle sjå på arbeidet sitt som avslutta etter at Grunnlova var underteikna, og at ein skulle velje Christian Frederik til norsk konge. Dette skjedde, og underteikninga og kongevalet fann stad 17. mai.
 
 
Sjå video om valet til Riksforsamlinga, frå NRK Skole:
 
 
 

Først publisert: 06.02.2015
Sist oppdatert: 06.02.2015