Hopp til innhold
X
Innhald

Riksrådsforhandlingane

Riksrådsforhandlingane, nemning på dei forhandlingane som vart førte mellom den tyske okkupasjonsmakta og presidentskapet på Stortinget i juni og september 1940. Føremålet var å gjere om Administrasjonsrådet til eit riksråd.
 
Presidentskapet strekte seg svært langt for å kome dei tyske krava i møte, mellom anna ved å vilje føreslå for Stortinget at regjeringa Nygaardsvold skulle avsetjast, og at kong Haakon skulle oppmodast til å trekkje seg tilbake. For dette fekk presidentskapet skarp kritikk av Undersøkingskommisjonen av 1945.
 
Forhandlingane stranda i september, og rikskommissær Terboven oppløyste dei politiske partia og utnemnde eit «kommissarisk råd» som vart dominert av Nasjonal Samling.

 

Først publisert: 06.02.2015
Sist oppdatert: 06.02.2015