Hopp til innhold
Foto: Arkivverket. Biletet er falle i det fri.
Foto: Arkivverket. Biletet er falle i det fri.
X
Innhald

Sverre Riisnæs

Sverre Riisnæs, 1897–1988, var justisminister i Vidkun Quisling si regjering i 1940–45

Sverre Riisnæs, 1897–1988, var jurist og NS-politikar. Riisnæs var justisminister i Vidkun Quisling si regjering i 1940–45. Han sat som statsråd for Nasjonal Samling fram til frigjeringa. Han var ein pådrivar for å deportere norske jødar under krigen. Riisnæs vart fengsla i 1945 og det vart reist straffesak mot han. I 1948 vart han erklært sinnsjuk og vart dermed ikkje dømd for landssvik. Han var innlagt på Reitegjerdet sjukehus fram til 1958. I 1973 var saka mot Riisnæs forelda.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.04.2016
Sist oppdatert: 06.04.2016