Hopp til innhold
Foto: Ludwig Szacinski. Kjelde. Oslo Museum CC BY SA 4.0
Foto: Ludwig Szacinski. Kjelde. Oslo Museum CC BY SA 4.0
X
Innhald

Thomas Johannessen Heftye

Thomas Johannessen Heftye var bankier, konsul og spela ei viktig rolle i norsk næringsliv. I tillegg var han ein av stiftarane av Den Norske Turistforening (1868).?

Thomas Johannessen Heftye, 1822–86, var bankier, konsul og spela ei viktig rolle i norsk næringsliv. Heftye leidde i mange år det fremste bankierhuset i landet. I tillegg var han ein av stiftarane av Den Norske Turistforening (1868).

Heftye var ein av pionerane i norsk friluftsliv. Han hadde store eigedomar rundt Oslo, mellom anna Sarabråten og Frognersetra. Han oppmoda borgarane i hovudstaden om å gå på ski. Heftye overtok også ein stor eigardel i Eidsbugarden ved Tyin i Jotunheimen og kjøpte store fjellområde. Thomas Heftye var ein av initiativtakarane til Den Norske Turistforening og var første formann frå 1868.

Thomas Johannessen Heftye var utnemnd til ridder av St.Olavs Orden.


Heftye Thomas Henrik Obsen på besøk på Sarabråten i ØStmarka 1874 foto Christensen, Thorvald Chr Kjelde Oslo Museum CC BY SA 4.jpg?w=600


Henrik Ibsen gjestar Thomas Heftye på Sarabråten i Østmarka i 1874 .Foto: Thorvald Chr. Christensen. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.02.2016
Sist oppdatert: 08.02.2016