Hopp til innhold
X
Innhald

Torgslaget

Torgslaget, nemning på dei opptøyane som fann stad i Christiania 17. mai 1829. Kong Karl Johan hadde forbode festleg aktivitet på dagen, men mange samla seg likevel i gatene. Styresmaktene greip inn med kavaleri og infanteri og jaga vekk ei folkemengd som hadde samla seg på Stortorvet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2016
Sist oppdatert: 11.04.2016