Hopp til innhold
X
Innhald

Tukthuslovene

Tukthuslovene, lover som tok sikte på å hindre arbeidarar og organisasjonane deira i å ta i bruk effektive verkemiddel i klassekampen. I Noreg har fleire slike lover vorte vedtekne. Nemninga er likevel særleg knytt til eit lovvedtak i 1927, då Stortinget avgjorde at den som hindra andre i å arbeide i samband med arbeidskonfliktar, kunne bli straffa med bøter eller fengsel i opptil eitt år. Føremålet var å verne streikebrytarar. Lova vart teken i bruk i fleire konfliktar før ho vart oppheva i 1935.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2016
Sist oppdatert: 11.04.2016