Hopp til innhold
X
Innhald

Unntakstilstanden i Oslo 1941

Unntakstilstanden i Oslo 1941, unntakstilstand som vart erklært 10. september 1941. I dagane 8.–9. september det året streika 20 000–30 000 arbeidarar ved ei rekkje bedrifter i Oslo som protest mot at mjølkeforsyninga var stoppa, og dette utløyste unntakstilstanden.

Ein serie dommar vart gitte ved standrett, og mellom dei var dødsdommane over Viggo Hansteen, som var juridisk konsulent i LO, og Rolf Wickstrøm, som var klubbformann. Dommane vart eksekverte same ettermiddagen. Unntakstilstanden varte til 16. september. Streiken førte også til at fagforeiningane vart nazifiserte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2016
Sist oppdatert: 11.04.2016