Hopp til innhold
Norske emigrantar, rundt 1870-1890. Foto: Moses W. Burnes. Wisconsin.  Kjelde: Finnmark fylkesbibliotek CC BY SA 4.0.
Norske emigrantar, rundt 1870-1890. Foto: Moses W. Burnes. Wisconsin. Kjelde: Finnmark fylkesbibliotek CC BY SA 4.0.
X
Innhald

Utvandringa til Amerika

Utvandringa til Amerika byrja i 1825. I løpet av knapt 100 år utvandra 800 000 personar frå Noreg til USA.

Utvandringa til Amerika byrja då det første norske utvandringsselskapet på 52 personar drog frå Stavanger 5. juli 1825 med sluppen «Restauration». Den regelmessige utvandringa byrja kring 1840. I alt reknar ein at om lag 800 000 menneske vandra ut frå Noreg til USA før 1920-åra. Dei største utvandringsbølgjene kom i åra 1865–75, 1879–93 og 1903–07.

At omlegginga og mekaniseringa i jordbruket gjorde arbeidskraft overflødig, samtidig som folketalet i Noreg auka, var mellom dei viktigaste årsakene til utvandringa.

Høyr radio frå NRK Skole, der historikar Knut Sprauten fortel om utvandrarane:


Sjå video frå Aschehoug forlag om utvandringa til Amerika:


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2016
Sist oppdatert: 12.04.2016