Pressemelding: Meir nynorsk til fleire
Pressemelding: Meir nynorsk til fleire
Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon går saman om meir nynorsk leksikoninnhald på nettet frå 2021. Det nynorske nettleksikonet Allkunne blir integrert i Store norske leksikon.
Temaside: Den nynorske skjønnlitteraturen 1850–2015
Temaside: Den nynorske skjønnlitteraturen 1850–2015
Over 1400 har debutert med skjønnlitteratur i bokform på nynorsk og dialekt etter at Ivar Aasen fann att det nynorske skriftspråket.
Tema: Språkfakta
Tema: Språkfakta
Språkfakta 2015 er ei forteljing om språk i Noreg og verda. På allkunne.no kan du no lese utdrag frå Språkfakta 2015 i ein interaktiv presentasjon.
Ivar Aasen
Ivar Aasen
Ivar Andreas Aasen, språkforskar, språkgrunnleggjar og diktar. Han endra den språklege framtida i Noreg og forma skriftspråket nynorsk.
Maria Parr
Maria Parr
Maria Parr er forfattar. Ho debuterte med barneboka Vaffelhjarte i 2005. Parr er i dag ein av dei mest populære og profilerte norske barnebokforfattarane.
Oversorbisk - Oversorbisk skil mellom eintal, total og fleirtal, som i ruka ‘hand’, ruce ‘to hender’ og ruki ‘fleire enn to hender’.
Les meir om OversorbiskNynorsk skriftkultur år for år 1646—2020.
Les meir om Nynorsk skriftkultur år for år 1646—2020EØS
EØS
EØS, Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, er ein felles marknad for dei 27 EU-landa og dei tre EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein.
Bibelomsetjing
Bibelomsetjing
Bibelomsetjing, det største og mest langvarige omsetjingsarbeidet av noko verk. Bibelen er omsett til meir enn 2500 språk.
Nynorsk
Nynorsk
Det nynorske skriftspråket byggjer på norsk folkemål. Dei fleste norsktalande nyttar eit språksystem og eit ordtilfang som ligg nærmare nynorsk enn bokmål.
Samiske språk
Samiske språk
Det engelske ordet morse ‘kvalross’ er av samisk opphav.
Thai
Thai
Thai blir snakka av mellom 50 og 60 millionar menneske. Dei fleste bur i Thailand, men også i Kambodsja, Burma/Myanmar og Malaysia finst det thai-talande folk. Thai er eit tonespråk som skil mellom høg, midtre, låg, stigande og fallande tone.
Libyakrigen
Libyakrigen
Libyakrigen var ein utanlandsk militær intervensjon i Libya i 2011, som førte til Muammar Gaddafis fall. Etter krigen har Libya vore prega av kaos.
Skeiv teori (queer theory)
Skeiv teori (queer theory)
Skeiv teori (engelsk: queer theory) er teoriar som tek for seg spørsmål om kjønnsidentitet og seksualitet.
Halldis Moren Vesaas
Halldis Moren Vesaas
Halldis Moren Vesaas, lyrikar og gjendiktar, var ein av dei mest lesne, mest siterte og mest folkekjære forfattarane i norsk lyrikk sidan Wergeland og Bjørnson.
Olav H. Hauge
Olav H. Hauge
Olav H. Hauge, forfattar og fruktdyrkar som etter kvart vart ein av dei fremste norske lyrikarane på 1900-talet, omsett til over tjue språk og sjølv ein viktig omsetjar av lyrikk.
Aasmund Olavsson Vinje
Aasmund Olavsson Vinje
Aasmund Olavsson Vinje, journalist og diktar, var banebrytande ved å gjere landsmålet til eit levande bruksspråk, og han la grunnlaget for ein nynorsk essaytradisjon.
Hulda Garborg
Hulda Garborg
Hulda Garborg, forfattar og kulturentrepenør og folkeopplysar. Ho gjorde ein stor kulturhistorisk innsats for å gjenopplive folkevisedansen og bunadtradisjonen i Noreg.
22. juli
22. juli
22. juli 2011 skjedde dei verste terrorhandlingane i Noreg etter andre verdskrigen. 77 menneske vart drepne.
Energi
Energi
Energi er det same som evne til å utføre arbeid. Energi kan ikkje oppstå eller forsvinne, men berre gå over til andre former.
Arameisk
Arameisk er førstespråket til om lag ein halv million menneske – og det liturgiske språket til mange millionar. I antikken var arameisk lenge det viktigaste språket i Midtausten. Det var morsmålet til Jesus, og namnet Jesus er arameisk.
Kjeldetilvising
Kjeldetilvising
Ei kjeldetilvising vert nytta i skriftleg tekst for å syne kvar ein har funne påstandar og opplysningar frå andre kjelder enn seg sjølv.
Israel-Palestina-konflikten
Israel-Palestina-konflikten
Israel-Palestina-konflikten er ein strid mellom to historisk undertrykte folk som klamrar seg til det same stykket land.
Kymrisk (walisisk, velsk)
Kymrisk (walisisk, velsk)
Kymrisk – også kalla walisisk eller velsk – har vore offisielt språk i Wales ved sida av engelsk sidan 2011. 19 prosent av walisarane seier at dei kan snakke språket.
Elena Ferrante
Elena Ferrante
Elena Ferrante er pseudonymet til ein verdskjend italiensk forfattar. Med bøkene i Napolikvartetten har ho oppnådd stor internasjonal suksess.
Kjemiske reaksjonar
Kjemiske reaksjonar
Alle stoff er bygde opp av atom som er bundne via ulike bindingar. Når desse bindingane blir brotne og sette saman på nye måtar, får vi det vi kallar ein kjemisk reaksjon.
Guro Sandsdalen
Guro Sandsdalen, forfattar. Bøkene hennar har tydeleg kvinneperspektiv og fokuserer på sosiale endringar og nye livs- og buformer i det norske samfunnet etter krigen.
Tove Ditlevsen
Tove Ditlevsen
Tove Irma Margit Ditlevsen, dansk forfattar. Med utgangspunkt i eigne livserfaringar formidla ho vanskelege tema på ein lett forståeleg måte.
Noreg under andre verdskrigen
Noreg under andre verdskrigen
Noreg valde motstand då Tyskland gjekk til åtak 9. april 1940. Etter to månaders kamp måtte dei norske styrkane gi opp, men motstandskampen heldt fram.
Myanmar
Myanmar
Etter 50 år med lukka militærdiktatur og stagnasjon har Myanmar opna seg for verda. Landet er rikt på naturlege og menneskelege ressursar, men har vore kronisk plaga av etniske konfliktar. Som eit av dei mest klimaendringsutsette landa i verda får Myanmar ei utfordrande framtid.
Pønskarlaget
Pønskarlaget
Pønskarlaget, ein klubb av filologistudentar ved universitetet i Kristiania som møttest for å drøfte vitskaplege emne på landsmål, mest aktive i åra 1903–1912.
Edvard Munch
Edvard Munch
Edvard Munch, målar og grafikar, verdskjend for dei ekspressive og symbolistiske bileta sine. Kjærleik, sjalusi og død var viktige motiv for Munch.
Cora Sandel
Cora Sandel
Cora Sandel, forfattar og kunstmålar. Ho skreiv romanar, noveller og forteljingar. Romantrilogien om Alberte er hovudverket hennar.
Spansk (kastiljansk)
Spansk (kastiljansk)
Dei to landa med flest spansktalande ligg i Nord-Amerika, nemleg Mexico og USA. Landet med den høgaste prosenten spansktalande er Cuba, der bortimot alle har spansk som førstespråk.
Vietnam
Vietnam
Sidan Vietnamkrigen (1961–75) har Vietnam hatt ei eventyrleg økonomisk utvikling, men landet er i dag plaga av korrupsjon og miljøøydeleggingar.
Aslaug Høydal
Aslaug Høydal
Aslaug Høydal, forfattar og lærar, skreiv romanen Dyr last i 1963 som vekte mykje debatt om det nye skuleslaget ungdomsskulen.
Kautokeino-opprøret
Kautokeino-opprøret
I Kautokeino-opprøret i 1852 gjekk ei gruppe samar til åtak på både samar og ei overklasse av innflytta bygdefolk. Opprøret hadde religiøse, sosiale og økonomiske årsaker.