Hopp til innhold
Arne Garborgs Bondestudentar (1883)

Bondestudentar er ei av dei viktigaste bøkene i den tidlege nynorsklitteraturen. Motivet vert også viktig for seinare nynorskforfattarar. Både Ivar Aasen, Arne Garborg, Aasmund O. Vinje, Ivar Mortensson-Egnund og Elias Blix kan kallast bondestudentar.
Arne Garborgs Bondestudentar (1883) Bondestudentar er ei av dei viktigaste bøkene i den tidlege nynorsklitteraturen. Motivet vert også viktig for seinare nynorskforfattarar. Både Ivar Aasen, Arne Garborg, Aasmund O. Vinje, Ivar Mortensson-Egnund og Elias Blix kan kallast bondestudentar.
X
Innhald

1850–1890 Den nynorske diktinga tek til

Ivar Aasen fann att det norske skriftspråket og tok det i bruk frå midten av 1800-talet. Allereie før nynorsk vart likestilt med dansk i 1885, hadde 30 diktarar debutert med skjønnlitteratur på nynorsk.

Byrjinga

Historia om den nynorske skjønnlitteraturen kan byrje mange stader. Det har vore fortalt og skrive dikt, forteljingar og songar på norske dialektar i lang tid. Ein stad å byrje er 20. juni 1863. P.T. Mallings Forlagsboghandel gav denne sommardagen ut ei av dei første bøkene på nynorsk. Med dei 26 dikta i Symra (1863) tok Ivar Aasen i bruk det språket han fann til å dikte. Før det hadde han funne att og systematisert det nynorske skriftspråket, gjennom Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) og Ordbog over det norske Folkesprog (1850). 

I diktinga til Ivar Aasen, som omfatta over hundre viser, syngjespelet Ervingen og ein dramatisk monolog, er konturane av spenningar som har prega nynorsklitteraturen sidan: mellom klassisk form og folkelege uttrykk, mellom andakt og ironi, mellom landleg idyll og byharselas. 

Aasen Ivar Ervingen.jpg?w=600
Ungdomslaget i Fåset i Østerdalen er kledde i kostyma dei skal nytte under framføringa av syngjespelet Ervingen. Syngjespelet var det første teaterstykket der alle så nær som ein snakkar nynorsk, og hadde premiere på Kristiania norske Theater i 1855. Foto: Henrik Augustinsson Stinessen, ca. 1900. Biletet er eigd av Musea i Nord-Østerdalen og er publisert utan restriksjonar for vidare bruk.

Ikkje nasjonalromantikk, men klassikarar og bygderealisme

Aasen meinte han hadde vist to ting gjennom språkarbeidet sitt: at det gamle, norske språket, som miste sitt skriftlege uttrykk etter svartedauden, framleis fanst i dialektane, og at det var mogeleg å skape eitt nytt skriftspråk av dialektane. Han ville gi den nye nasjonen språket sitt tilbake. Difor måtte det norske kunne brukast til alt. Sjølv var han med på å omsetje heile Det gamle testamentet, og gjendikta Macaulay, Shakespeare, Schiller, Byron og Eliot frå engelsk og tysk.

Sjølv om denne nynorske litteraturhistoria byrjar samstundes som den danske litteraturen i Noreg er på høgda av nasjonalromantikken – omkring 1850 – er ikkje den første nynorske litteraturen romantisk. Aasens litteratur peikar i større grad tilbake til klassisk litteratur og fram mot modernismen enn til dåtidas romantikk.

Midt i den norske romantikken nekta Aasen å vere romantikar. Han misliker det ekspressive, enten det er ekstatisk jublande som hos Henrik Wergeland eller melankolsk klagande som hos Johan Sebastian Welhaven. I staden manar han til stoisk resignasjon og tillit til kollektivet.

Romantiseringa av norsk natur i diktinga på dansk i Noreg, frå 1700-talet og framover, handla om at byborgarane eklast ved bylivet og reiste ut på landet, og helst opp på fjell og seter, for å finne noko som var ekte, idyllisk og naivt. Med nynorskdiktinga fekk den romantiserte bonden eit eige skriftspråk og kunne sjølv skrive om realitetane. Dei visste godt at menneska var små og forgjengelege, medan fjella og landet var store og varige.

Ein song frå syngespelet Ervingen av Ivar Aasen
Dei vil alltid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
(som no ingen kann undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er Hugnad aa sjaa.

Lat det ganga fram, lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar Fedra-Sed.

Lat oss inkje Forfederne gløyma,
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gøyma,
han er større, en mange vil tru.

Lat det merkast i meir en i Ordi,
at me halda den Arven i Stand,
at naar Federne sjaa att paa Jordi,
dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.

Frå Ervingen av Ivar Aasen (1855), eit av dei mest spelte amatørteaterstykka i norsk historie.

Kvinner og byfolk med frå byrjinga

Det tok ei tid før kvinnene fekk ta plass i den nynorske litteraturen, men dei var med heilt frå starten. Bernhardine Catharina Brun i Bergen gav ut diktsamlinga Nogle Decemberfrembringelser i Landsmaalet fra det sydligste Søndhordland i 1857, seks år før Aasen kom med Symra. Bruns bok vert ofte rekna som den første skjønnlitterære boka på nynorsk, og det er tydeleg i tekstane at ho kjenner til Aasens arbeid med å lage eitt skriftspråk basert på dei norske talemåla. 

I 1862 kjem Skrift og Umskrift i Landsmaalet ut i Kristiania. Overklassekvinna Aasta Hansteen gav ut eigne dikt og omsetjingar av norske forfattarar som Henrik Wergeland, Bjørnstjerne Bjørnson og Jørgen Moe. Det var viktig for Hansteen å syne at det nye skriftspråket også høvde seg for den fremste norske diktinga, som til då hadde kome på dansk.

Untitled.jpg?w=600
Kunstnaren Aasta Hansteen teikna portrett av seg sjølv i 1869 og av Johan Sebastian Welhaven i 1855. Aasta Hansteen omsette dei største danskspråklege norske diktarane, deriblant Welhaven, til nynorsk. Frå Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Delt til fri bruk.

I Bergen var Henrik Krohn sentral. Han var med på å skipe Vestmannalaget (1868), som er det eldste mållaget i landet, ni veker før Det Norske Samlaget vart skipa. Som den viktigaste i laget var han med i opptakten til Ferdamannen og Fraa By og Bygd. Det var avgjerande at det fanst skrifter på språket, så folk vande seg til å lese det. 

Innsatsen til Aasta Hansteen og Henrik Krohn syner kor opptekne nokon i byborgarskapen var av språkspørsmålet i denne første fasen av nynorsk litteratur. Ein del av den norske eliten var opptekne av å finne fram til eit språk den nye eller gjenfødde nasjonen kunne bruke. Den første litteraturen på nynorsk vart gitt ut, og ofte også skriven, av folk med bakgrunn i dei øvste laga i Bergen og Oslo.

Frekk prosa og populære forteljingar

Den neste store nynorskforfattaren etter Ivar Aasen frå Sunnmøre var Aasmund Olavsson Vinje frå Telemark. Der Aasen hadde stoisk ro, var Vinje impulsiv, forelska, ekspressiv og direkte i lyrikken og frisk og frekk i prosaen. Vinje samla røynsler frå mange stader og mange miljø. Parallelt med at han las seg opp på både samtidsfilosofi og klassisk litteratur, snakka han livleg med bønder, arbeidarleiarar, sjøfolk, handelsmenn, austlendingar, vestlendingar – alle som hadde noko å seie. 

Vinje fornyar det lyriske diktet, skaper det lyriske eposet, vert den første moderne journalisten og fornyar essayistikken. Medan Aasen fann det nynorske språket, tok Vinje det i bruk – til alt. 

IAAM-K-00003-1500pix_skalert.jpg?w=600
Dei to første store pionerane i nynorsk litteratur var Ivar Aasen og Aasmund Olavsson Vinje. Her ligg Vinje i ei seng og er på dødsleiet. Det ser ut som Vinje fortel, medan Aasen lyttar. Teikninga er frå 1905 og skal illustrere møtet dei hadde 22.7.1870, berre åtte dagar før han døydde. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Biletet er teikna ca. 1904

Den største nynorskskribenten på 1870-talet var Kristofer Nagel Janson. I 1876, ti år etter debuten, fekk han som første nynorskbrukar diktarløn av Stortinget. Fram til år 1900 var han ein av dei mest lesne forfattarane i Noreg. Janson var i realiteten den første store fiksjonsdiktaren i prosaform på nynorsk. 

På denne tida var den nynorske romanen lite utvikla, men dei kortare forteljingane var det mange av. Medan Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg hadde ironi og tvisyn, var Janson ein begeistra og engasjert formidlar. Han nytta dramatiske, stundom melodramatiske historier, med eintydige figurar og brå vendingar i handlinga. Dette gjorde dei eigna til filmmediet, og Rasmus Breistein laga dei første norske spelefilmane med utgangspunkt i nettopp forteljingane til Janson. 

Teologi, mystikk og bondestudentar

Både Kristofer Janson og Arne Garborg drøfta ulike nye teologiske synsmåtar i litteraturen. Teologiske retningar, som teosofi og unitarisme, tok plass i litteraturen deira. På slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet, var dette viktige idédebattar der fleire nynorskdiktarar deltok.

Østerdølen Ivar Mortensson-Egnund er også ein av desse tidlege nynorskdiktarane som undersøkjer både Edda og Draumkvedet, Pjotr Kropotkin og Rudolf Steiner, mystikk og anarkisme, samstundes som han var med på å omsetje Det gamle testamentet. Ideane til nynorskdiktarane kom oftare frå andre delar av verda og tida enn frå den samtidige nasjonalromantiske danske litteraturen i Noreg.

Jærbuen Arne Garborg vart raskt ein viktig diktar i Noreg og Norden. Han vart tidleg omsett til mange språk og fekk internasjonale prisar. Med Bondestudentar (1883) skreiv Arne Garborg ei viktig eksempelforteljing for målrørsla. Aasen og Vinje gjorde noko av den same reisa og skreiv om det på kvar si vis: Aasen med bygdenostalgi og sine bysatirar, Vinje med sitt store repertoar av ordbruk og innfall. Hos Garborg er den moralske undertonen noko sterkare og forpliktinga på det opphavlege tyngre.

28anmbondestudentar4.jpg?w=600
Forteljinga om Daniel Braut (her spelt av Nils Golberg Mulvik) i Bondestudentar, har blitt ei eksempelforteljing i nynorsk litteratur. Foto: Det Norske Teatret (2011).


Og så song dei på nynorsk

Vinje og Garborg rydda plass for ein offentleg debatt, og ein skjønnlitteratur der alle tankar kunne drøftast, også kritikk av religion og makthavarar. Teologen, politikaren og målmannen Elias Blix tok hand om tradisjonen og sørgde for at bibelsoger kunne både forteljast og syngjast til nye slekter.

På 22 år frå 1869 til 1891 skreiv og omsette Blix 150 salmar og ordna dei etter kyrkjeåret. Det Norske Samlaget var heilt frå skipinga i 1868 opptekne av å gi ut salmar og omsetje Bibelen; det fekk dei også statsstøtte for. Den nynorske salmediktinga er likevel ikkje berre ei taktisk erobring av kyrkjerommet. Ho høyrer til ein av dei viktigaste fornyingane i norsk salmehistorie.

Untitled.jpg?w=600

Andre juledagen 1884 bryt kyrkjelyden i Høydalsmo i Telemark gjeldande liturgisk praksis og lovverk. Dei er dei aller første som syng nynorske salmar i ei offisiell gudsteneste. Salmane til Elias Blix var ikkje godkjende til kyrkjebruk, men vesttelemarkingane trassa det. 347 år etter reformasjonen i Noreg ville dei endeleg syngje, be og tru på eige språk. Mange av dei eldste nynorsksalmane er framleis mykje i bruk, blant anna «Å leva det er å elska» av Anders Vassbotn, «No livnar det i lundar» av Elias Blix og «Fagert er landet» av Anders Hovden. Foto av Høydalsmo kyrkje: Hans Tveito (ca. 1920). Samlinga er deponert på Telemark museum.

Elias Blix, og dei andre nynorske salmediktarane etter han, nytta enkle og kjende mønster i daglegspråket og faste vindingar. Han nytta parallellismar, som storm og hav, vind og våger, og ofte bokstavrim (båt, bord, båre; vaknad, vind, våger). Fornyinga av salmespråket har ein klar parallell til forenklinga av det språket som Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg stod for. Alle fann fram til enklare seiemåtar enn det vi kan sjå hos dei danskspråklege forgjengarane.

Den nynorske diktinga byrja med få forfattarar. Vi har éin Aasen på femtitalet, éin Vinje på sekstitalet, éin Janson på syttitalet og ein heilt dominerande Garborg på åttitalet. Samstundes tek Blix plass i kyrkje og heim med salmane sine. Desse få dannar eit solid utgangspunkt for litteraturen som kjem, og fleire av dei skriv klassikarar som framleis vert siterte, lesne og sungne. 

No koma Guds englar (første verset)
No koma Guds englar med helsing i sky.
Guds fred og velsigning dei bjoda.
No stig ifrå jordi ein helgasong ny,
som skal gjennom himmelen ljoda:
Guds fred og vel møtt,
du barn som er født!
Vår fredsfyrste høgt vere lova.

Første gongen prenta i Elias Blix: Nokre Salmar, gamle og nye.Hefte III, 1875. Språkleg modernisert versjon frå  Det lyser i stille grender, 2000. Elektronisk utgåve 2002 ved Nynorsk kultursentrum


Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 27.07.2018