Hopp til innhold
Med Kvitebjørnen (1906) lagar Rasmus Løland den første moderne barneboka. Fire gutar i eit norsk bygdemiljø byggjer ein kvitebjørn i snøen og kryp inn i bjørnekroppen, og dei eldste gutane fortel om alle eventyra kvitebjørnen har vore med på. Med nynorsklitteraturen vert bygda eit naturleg miljø å fortelje historier frå. Løland og andre pionerar skriv også dei første barnebøkene som ikkje primært er oppdragande, men spennande og ut frå livsverda til barna som les dei.
Med Kvitebjørnen (1906) lagar Rasmus Løland den første moderne barneboka. Fire gutar i eit norsk bygdemiljø byggjer ein kvitebjørn i snøen og kryp inn i bjørnekroppen, og dei eldste gutane fortel om alle eventyra kvitebjørnen har vore med på. Med nynorsklitteraturen vert bygda eit naturleg miljø å fortelje historier frå. Løland og andre pionerar skriv også dei første barnebøkene som ikkje primært er oppdragande, men spennande og ut frå livsverda til barna som les dei.
Foto: Bokomslag (2007). Nytta etter avtale med Det Norske Samlaget.
X
Innhald

1890–1910 Barnet, bygda og bohemane

Med nynorskforfattarane kom forteljingar og dikt der bygda ikkje berre var eit romantisk nasjonalt bakteppe, men eit erfart utgangspunkt for litteratur. På same tid danna nynorskforfattarar skule for ein ny barnelitteratur, som tok utgangspunkt i barnet sin synsvinkel, ikkje den vaksne som skulle lære barnet kva som er sant eller rett. 

Frå få til mange

Frå om lag 1900 går nynorsklitteraturen frå å vere eit knippe forfattarar til å verte ein heil litteratur. Mange viktige institusjonar, som forlag, tidsskrift, barneblad og ungdomslag, vert skipa og sørgjer for at litteraturen vert publisert og spreidd. Då nynorsk vart kyrkje- og skulespråk frå 1890-talet, auka òg breidda i sjangrar og målgrupper for litteraturen.

Med det nynorske skriftspråket får ein ny generasjon eit språk for å fortelje om sine erfaringar, sine kvardagar og sine forteljingar. Forteljingar, dikt og skodespel kjem frå forfattarar som skriv frå bygdemiljø dei sjølv har vakse opp i. Forfattarane kjem først og fremst frå kysten frå Nordland i nord til Agder i sør, men snart kjem også Austlandet med full tyngd. Folk frå heile landet skriv. Og dei tek med seg sine landskap og sin språklege farge i det dei skriv.

Barnelitteratur for barnet sjølv

Omkring 1900 vaks det fram ein stor barnelitteratur i Noreg. Noko av det nye var at fleire  av dei som skreiv for vaksne, også tok til å skrive for barn. Før dette hadde det vore ein stor oppdragande litteratur, ofte skrivne av pedagogar eller prestar. Nokre nynorskforfattarar skreiv òg vidare i den oppdragande tradisjonen, særleg då dei tok til å lage lesebøker.

Nynorskforfattarane spelar ei stor rolle i etableringa av den moderne barneboka, ved at barnet si eiga oppleving av livet vert utgangspunktet, ikkje den vaksne som skal lære barnet kva som er sant eller rett. Det er også karakteristisk at ein del av barnebokklassikarane ikkje alltid var skrivne som barnelitteratur, det gjeld særleg sogestubbane til diktaren Per Sivle, som kom alt i 1887. 

Rasmus Løland som barnebokpioner

Det er Rasmus Løland av dei tidlege nynorske barnebokforfattarane som har sett sterkast spor etter seg i barnelitteraturen. Han skreiv forteljingar der han konsentrerte seg om korleis dei unge gutane sjølve opplevde hendingane. Forteljingane var tydelege nok i seg sjølv. Han tok ikkje med vaksne vurderingar av kva som skjedde, og kva dei kunne lære av hendingane dei opplever. 

Utdrag frå Kvitebjørnen av Rasmus Løland
Og bjørnen voks og voks så et gjekk monaleg fram. Han kunne nok ikkje stå heilt fritt på fire føter, når han skulle vera så stor og vera hol innvendig, han måtte stå nedpå med heile bulen. Men dei laga greie føter i alle fire kantane på han, og hovud og hals og rygg og rumpe var alt som på ein skikkeleg bjørn. Han fekk svarte augo og naseborer av kol. Kjeften stod på vidt gap, og det låg ei diger tunge inni. Og han stod så høgt med hovudet at dei måtte stå oppå ein høg stabbe då dei skulle få det til. 

Utdrag frå Rasmus Løland: Kvitebjørnen. Det Norske Samlaget 1999 (modernisert utgåve). Først gitt ut i 1906 på Gyldendalske Boghandel / Nordisk Forlag. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Eit heilt sentralt motiv hos Løland er forholdet mellom fantasi og røynd. Mykje av dynamikken i forteljingane handlar om dette. Denne spenninga kjem att i mange versjonar; barna i Lølands forteljingar har livleg fantasi og ser ofte ting dei vaksne berre ler av. Løland viser fram uforstanden hos vaksne, som ikkje har respekt for barna si førestillingsverd; for ungane er fantasien verkeleg. Løland viser også at dei vaksne sanningane kan vere både fordomsfulle og feilaktige. Løland har vorte symbolet på ein ikkje-didaktisk, ikkje-moraliserande barnelitteratur.

I nokre krinsar vart både vaksen- og barnelitteraturen av Løland sett på som for radikal. Difor vart viktige målfolk frå kyrkja knytte tettare til Norsk Barneblad då Rasmus Løland var redaktør frå 1902 til han døydde i 1907. Hovudgrunnen til å ta dei inn var frykt for å utfordre tradisjonell teologi. Denne redsla var like markert i frilynde miljø som i pietistiske krinsar. Spenninga mellom ulike teologiske posisjonar, som òg kjendest i vaksenlitteraturen, kom inn i barnelitteraturen. Det var også eit stort tilfang av didaktisk og moralsk litteratur i Norsk Barneblad, sjølv om Løland etablerte ein ny barnelitteratur, vart også den gamle barnelitteraturen med inn i det nye skriftspråket. 

Litteratur frå bygder i heile landet

moren, sven braaten, oskar falkberget, johanDagfinn Grønoset Public domain Trysil Engerdal museum.jpg?w=600
Sven Moren, Johan Falkberget og Oskar Braaten sit på ei trapp på Moren. Foto: Dagfinn Grønoset. Biletet er publisert av Glomdalsmuseet med lisensen CC BY-NC-ND.


Nynorskforfattarane plasserte seg i ein litt ironisk eller meir kvardagstru posisjon samanlikna med den meir lettbeinte nyromantikken som prega Norden elles. Dette har den nynorske litteraturen med seg heilt frå Aasen: Det finst nokre trauste og strenge realismekrav i bygda som ikkje lèt seg omforme til romantikk. I alle fall ikkje i overgangen mellom 1800- og 1900-talet. Det er ikkje vendinga mot romantikk, stemningar og indre liv som er det viktigaste for den nynorske litteraturen rundt hundreårsskiftet. Det er snarare at fleire tek til å skrive nynorsk og gjer bygda til arena for bøkene sine.

Desse forfattarane flytta bygdeperspektivet frå lyrikken og over i forteljingane. Forfattarane trong ikkje lenger skrive om korleis det er å reise frå bygda. Dei nye forfattarane skildra bygdelivet i seg sjølv med godt samvit og som eit midtpunkt i verda. Folk frå Nes i noverande Flekkefjord kommune, Kvinnherad, Røros og Namsos tok til å skrive om sine eigne landskap. Dei var meir i slekt med den realistiske impulsen frå tiåra før enn med romantiske idear. Denne bygderealismen er nynorskforfattarane sine eigne, originale bidrag til perioden og skilde seg frå annan litteratur i Noreg på same tid. 

Dei som fortalde frå bygdene dei var frå

På svært få år kom det til mange nye forteljarar i norsk litteratur. Dei skreiv forteljingar frå bygda dei var frå, og flytta realismen. Frå 1885 til 1906 debuterer heile 16 forfattarar med realistiske bygdeforteljingar, som var med på å kartleggje landet. Zoom inn eller ut. Trykk på markørane for å sjå opplysingar om forfattar, tittel og årstal for første bygdeforteljing i bokform og fødestad.


Kanskje går det eit skilje mellom dei forfattarane som vert i bygda og er nøgde med det, og dei som brukar bygda som arena for ein større problematikk. Og mange gjer det siste: Dei analyserer den vanskelege vegen inn i det moderne med industri og pengeøkonomi. Dei skildrar bygdesamfunn under press, verda melder seg med sine krav. Oskar Braaten gjer det same, på nynorsk, frå arbeidarbydelen Sagene i Oslo.

Den første skildringa av austkanten i Oslo 
Elling er ein gut paa kring dei 30. Han er einaste son til ho Inger Olsen, Bikj-Inger dei kallar, og er so heppen aa liva i ein kant av byen der det ikkje altid er spurlag etter faren. – 

Ho Bikj-Inger liver sitt liv paa tvo maatar. Fraa klokka seks um morgonen til klokka seks um kvelden er ho paa fabrikken og arbeider og trætter med alle ho kan faa høve til. Og fraa klokka seks um kvelden til klokka seks um morgonen er ho heime og trætter med han Elling. – Ja trætte er vel ikkje nett det rette orde, for han Elling svarar aldri.   

Bikj-Inger hev gjenge paa fabrikken i 30 aar, eilt fraa ho kom inn til byen som ei sekstan aars gamal gjente. Og ho hev berre skofta nokre faa dagar – det var den gongen han Elling kom til verda 

Frå Oskar Braaten: Kring Fabrikken, Olaf Norlis Forlag 1910. 

Bygda som arena for litteratur fører fram til det vanskelege omgrepet «heimstaddikting». Ofte har ein kalla oppvekstskildringar frå byen universelle skildringar av oppvekst, medan bygdeskildringar vert sett på som eksotiske historier om framande folk langvegsfrå. Spørsmålet er heile tida kvar midtpunktet er. Det finst litteratur som legg handlinga i eit avgrensa miljø, men som vi automatisk oppfattar som universell.

Garborg og verdshungeren

Arne Garborg prega dei periodane han var aktiv i. Han skapte eit moralsk og ideologisk grunnlag for målarbeidet. Ein skal være trufast mot opphavet. Samstundes kasta han seg med full kraft inn i den nye tida: Han tek opp overleverte tankemønster og institusjonar til prøving. Garborg brukar jærlandskapet til å setje i scene store filosofiske problematikkar frå Tolstoj og Nietzsche; han ser kva desse tankane kan tyde på Bryne og Nærbø. Folk frå mange kantar har historier å fortelje og land å vise fram, og det dei fortel, er kvardagshistorier meir enn idyll. I den førre perioden var Bjørnssons bondeforteljingar eit tydeleg mønster for Kristofer Janson, og nasjonale og moralske idear er målestokken. Frå Garborg av går litteraturen nærare på, med mindre heroisme og ei sterkare lut av folk.

Nynorsk litteratur er eit framhald av realismen, med ein sterk verdshunger og vilje til å vise fram landskap og miljø som harde realitetar. Litteraturen er ikkje nyromantikk som gjer landskapet til kulissar for urbant kjensleliv. Men i fleire av forfattarskapane ser vi at folketru og folkloristikk kjem aktivt i bruk. Desse elementa er ein måte å skildre dei irrasjonelle sidene ved mennesket på. Menneskebiletet endrar seg, ein vert fascinert av det gåtefulle og irrasjonelle, og dette kan ein skildre gjennom mytologien.

Arne Garborg i Knudaheio i Time kommune, 1909. Foto: K. K. Kleppe, kredit: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com, biletnr. blds_03546 (ingen kjente restriksjonar/falle i det fri).
Arne Garborg i Knudaheio i Time kommune, 1909. Foto: K. K. Kleppe, kredit: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com, biletnr. blds_03546 (ingen kjende restriksjonar/falle i det fri).

Det nynorske kollektivet: Askerkretsen

I overgangen frå nokre få dominerande figurar til eit større nynorskmiljø spela familien Arne og Hulda Garborg ei viktig rolle. Då dei slo seg ned på Labråten i Asker i 1897, vart det opptakten til eit miljø av nynorske forfattarar og kunstnarar som kom til å setje varig merke i norsk kulturliv.

Utgangspunktet var heimløysa til Garborg-familien, som hadde hatt Kolbotn i Østerdalen som ei slags forankring frå slutten av 1880-talet, men der vart det vanskeleg å bu heile året. Dei ville helst at sonen skulle vekse opp ein stad med «norskt mål», på same tid hadde begge to bruk for å vere nær Kristiania, der forlag, publikasjonar og teater fanst. Det hindra dei i å velje å busetje seg i ei av nynorskbygdene på Vestlandet.

Løysinga var at tre ektepar allierte seg: Karen og Ivar Mortensson-Egnund, Marta og Rasmus Steinsvik og Hulda og Arne Garborg. Etter ei tid vart området ein nynorskkoloni og ein kunstnarkoloni. Ordbokforfattaren og historieforteljaren Steinar Schjøtt kom til, og biletkunstnarane Tilla og Otto Valstad. Bergljot og Kristofer Uppdal budde i nabolaget nokre år. Rasmus Løland leigde eit hus i Garborg-tunet ein periode. Også Henrik Rytter og Olav Nygard budde her i periodar.

Det nynorske kollektivet: Askerkretsen
Les meir om dei nynorske pionerande som budde i same grenda i Asker i heile eller delar av perioden 1897–1934 (frå Hulda og Arne Garborg flytta dit, og til Hulda døydde). 

 

Trass i dårlege føresetnader med både pengar og helse for dei som budde der, hadde dette miljøet ei enorm produktiv kraft. Her vart det omsett bøker i stor stil, underhaldningsromanar, greske drama, Homer, Goethe og Molière. Her vart også grunnlaget for Det Norske Teatret lagt.

Hulda Garborg har vore viktigast som organisator i nynorsk- og norskdomsrørsla, men ho hadde også ein omfattande forfattarskap. Som mange andre kvinner i målrørsla skreiv ho mange skodespel. Den største publikumssuksessen hennar var Rationelt Fjøsstell (1896), der ho flyttar Erasmus Montanus til norsk bygdeliv. Den fordervastuderte unge mannen er agronom og skal revolusjonere fjøsstellet med sine abstrakte modellar. Dette stykket er ein komedie og eigna seg godt for dei mange amatørane som organiserte seg i ungdomslaga. Stykket syner i seg sjølv fleire av dei viktige teikna i den tidlege nynorsklitteraturen. Det hentar impulsar frå den store tidlegare litteraturen, flyttar handlinga til bygdemiljø og gjer den relevant for nye generasjonar og nye stader.

Untitled.jpg?w=600
Hulda Garborg taler på mållagsstemne i Folldal i 1920. Foto: Musea i Nord-Østerdalen. Publisert etter avtale med museet.

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 03.10.2018
Hulda Garborg
Arne Garborg
Marta Steinsvik
Rasmus Steinsvik
A.M.St. Arctander
Oskar Braaten
Ivar Mortensson-Egnund
Karen Grude Koht
Halvdan Koht
Rasmus Løland
Torkell Mauland
Olav Nygard
Henrik Rytter
Steinar Schjøtt
Olav Sletto
Kristofer Uppdal
Klara Semb