Hopp til innhold
Himmelvarden er debutsamlinga til Olav Aukrust. Boka er på over 300 sider, og med eitt slag gjorde den Aukrust til den sentrale nynorske lyrikaren. Tittelen på samlinga viser til den sterke orienteringa mot fjell og høgde, som hos han er knytt til det guddommelege. Tilsvarande er djup og strup knytt til vondskap og undergang. Det er svært sterke polaritetar hos Aukrust: ørneflukt eller ormegard. Det handlar om ein religiøs erkjenningsprosess, der ein stig opp gjennom motstand og farlege landskap.
Himmelvarden er debutsamlinga til Olav Aukrust. Boka er på over 300 sider, og med eitt slag gjorde den Aukrust til den sentrale nynorske lyrikaren. Tittelen på samlinga viser til den sterke orienteringa mot fjell og høgde, som hos han er knytt til det guddommelege. Tilsvarande er djup og strup knytt til vondskap og undergang. Det er svært sterke polaritetar hos Aukrust: ørneflukt eller ormegard. Det handlar om ein religiøs erkjenningsprosess, der ein stig opp gjennom motstand og farlege landskap.
X
Innhald

1910–1930 Romantikk og romanar

På få år skriv få menn dei få, men store diktsamlingane som utgjer den store nynorske romantikken. På same tid kom Olav Duun og Kristoffer Uppdal som store fornyarar av norsk forteljarkunst. 

Fornyarane i norsk prosa

Kristofer Uppdal var ein av dei største fornyarane i norsk litteratur. I lyrikken sprengde han seg ut av det tradisjonelle, versifiserte og nasjonalt inspirerte songlyrikken som dominerte nynorsk lyrikk. I prosaen førte han nye subjekt inn i den nynorske diktarkunsten.

Hos Uppdal er det ikkje lenger nordmannen og fiskarbonden som fører utviklinga framover; det er rallaren og arbeidaren. Gjennom å bryte opp frå den gamle forteljinga om det gode mennesket på bygda, som vert der han er, eller reiser til byen og vert verande bonde der, bryt han med den tradisjonelle forteljemåten. Både bondesamfunnet og industrien er historiske krefter, og begge har sine eigne rettar. Uppdal var ein av dei første i norsk litteratur som forstod krafta av arbeidarrørsla.

Kristofer Uppdal (på benken, drikk frå kopp) på skogstur. Foto: Norsk Allkunnebok-arkivet. Nytta etter avtale mellom Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.

Kristofer Uppdal (på benken, drikk frå kopp) på skogstur. Foto: Norsk Allkunnebok-arkivet. Nytta etter avtale mellom Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.

Olav Duun var ein av dei store selebritetane i nynorsk litteratur. Som mange andre samtidige nynorskforfattarar kritiserte han pietistisk kristendom høglydt og direkte. Men i motsetnad til dei fleste nynorskforfattarane priser han ikkje den frilynde rørsla med nasjonal religiøsitet og optimisme. Det oppløysande og undergravande dominerer romanane hans. Han er heller ikkje fritenkjar. Både Vårherre og motparten har plass i bøkene – med fullt alvor. Dei seks banda om Juvikfolke (1918–1923) og dei tre om Ragnhild (1929–1933) er hovudverka hans. Med folkelege vendingar i det namdalsprega språket og stor språkkunst vert folkespråket verdslitteratur. 

Eit eige rom

Den mannlege dominansen i litteraturen har lite med ulikt fordelt talent å gjere, hevda Virginia Woolf. Det hadde med å gjere at ein forfattar må ha ei nokolunde trygg inntekt og dessutan eit eige arbeidsrom. Ei som kunne ha vorte ein større forfattar i samtida – og ettertida – var Petra Kvisli. Ho var den første kvinna som skreiv ein nynorsk roman, og ho skreiv to romanar og to skodespel. I romanane hennar reindyrka ho kvinneperspektivet på forboden kjærleik og er med det ein fornyar av litteraturen. Ho skreiv friskt, med godt språk, karakteristisk innsikt i detaljane i arbeidsprosessar og med gode personportrett.

Frå Birgit
Sveinung Omland var ingen væn kar aa sjaa til no lenger. Posar under augo, raud nase, og um dei breide lipporne laag eit sjølvgodt drag.

Han var noko raud i hudi, hadde ljost haar, som tok til aa tynnast, ljost kinnskjegg og tjukke, ljose augnebruner. Augo var kvasse og ein grand raudsprengde.

Den unge gjenta som sat innmed honom, var ikkje mykje lik honom. Andletet hennar var tunnt, panna høg, augo myrke og aalvorsame, nasen ein grand bøygd; munnen var liten og rund yver ei mjuk barnsleg hoke. Det myrke haaret og det svarte skautet gjorde at ho saag bleik ut. Det var eit andlit ein hugsa, naar ein hadde set det ein gong. 
 
Frå Petra Kvisli: Birgit, forteljing, Norlis forlag, 1907

I nynorsk litteratur er det heilt frå Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg ein viktig tanke at ein forstår sin eigen bakgrunn og kultur opp mot «verdas store vit», som Vinje kallar det. Å forsvare sin eigen kultur gjer ein best ved å opne opp mot dei store og klassiske tradisjonane. Ein av dei som gjer det, er Olav Sletto i Hol i Hallingdal, og på tjuetalet skriv han fem romanar frå bibelhistoria og den første kristne tida, tre romanar om biskop Ambrosius og fleire romanar frå antikken. 

Den store nynorske romantikken

Nynorsklyrikken vart ikkje rekna med då omgrepet nyromantikken vart konstruert, med unntak av Haugtussa (Arne Garborg 1895). Perioden rundt hundreårsskiftet var i litteraturen på nynorsk prega av realistiske bygdeforteljingar. Etter 1905 vaks romantikken fram på nytt. Her spela til gjengjeld nynorskforfattarane ei hovudrolle. Den store romantikken i nynorsk lyrikk frå 1905 til 1930 er eit høgdepunkt i den nynorske diktinga. Tore Ørjasæter, Olav Aukrust, Olav Nygard og Henrik Rytter skaper noko ingen har sett maken til, og som få i dag veit om, fordi vegen er smal og porten trong for å kome inn i desse språklege universa.

På ulikt vis greip desse diktarane det nasjonale språket og prosjektet og førte det heilt opp mot grensa til det språklause, der ein møter ein taus Gud, ein kunst i mystikkens grenseland, ein natur som er forvandla til musikk og visjonar.

Ivar Aasen hadde hatt reservasjonar mot romantikk som dette; han var for sindig og klassisk streng. Med Olav Aukrust og Olav Nygard kom ein romantikk som vart driven så langt det var mogleg – kanskje også lenger enn det. Denne generasjonen av store romantikarar skapte noko av det beste som er gjort i norsk lyrikk; det ser ein også etter at tida har gått frå ideologiane dei støtta seg til.

Dei store lyriske forfattarskapane som kom etter førre hundreårsskifte, tok utgangspunkt i den nasjonale ideologien og såg på det norske språket som ein eineståande ressurs. Men der den nasjonale ideologien var optimistisk og lys, finst det eit stort mørke som bakgrunn for desse diktarane. Olav Aukrust teikna i Solrenning (1930) opp eit bygdesamfunn på kanten av undergangen, og han skildra angst og det demoniske som ein farleg understraum i universet sitt. Henrik Rytter vart driven ut av sitt nyvunne jordiske paradis (eigen gard og eigen folkehøgskule) og måtte skape seg eit nytt rike i poesien. Og Olav Nygards absolutte musikalitet klang heile tida i dialog med Ljåmannen; døden var hans faste samtalepartnar.

Mot dag
Fyll mit hjarta med heilag song,
fyll min hug med heilage tankar.
Gjev meg næring kvar naudstadd gong,
styrk meg kvar helst eg vankar.

Gjev meg det som eg djupast treng,
truskap på vågsam veg gjenom verdi.
Kjærleiken lyfte sin engleveng,
fylgje min vilje på ferdi. 

Lat meg få leite i sorgfull lyst
og lyfte or djupet den skire skatten.
Gjer meg alt meire og meire tyrst,
læk meg med livsens vatn.

Upp du lyfte min kjellarlem -
no fløymer di sol over blomar bleikte.
Takk for di eg kjenner du kjem,
takk for at ljos vert kveikte.

No mot den blåe, strålande dag
stryk du skoddi frå fjell og tindar.
Otten min kverv for ditt andedrag
som eimar for morgonvindar.

Frå Olav Aukrust: Himmelvarden, 1916. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

Den store nynorske romantikken har vorte ståande som eit høgdepunkt i seg sjølv. Ragna Rytter, Henrik Straumsheim ogKåre Bjørgen er blant dei få som liknar i stil og form dei neste tiåra.

Allalderlitteratur

Fleire av mellomkrigsforfattarane skriv for både barn og vaksne. Olav Sletto skreiv frå 1939–1942 fire bøker om Per, som høyrer til dei beste barne- og oppvekstskildringane i norsk litteratur. Dei kom også ut i nye utgåver på 1970-talet. Dei er skrivne for både barn og vaksne og kan minne om barnelitteratur i tradisjonen etter Rasmus Løland, som handlar om å sjå alt frå barnehøgd.

Skal vi tru desse bøkene, er det nynorske barnet glad i arbeid, kjenner ansvar for gard og grend og har blikk for dei som kan falle utanfor. På same tid er dei barn som lett kan la seg rive med i leiken, lokke ut i baktale og det vi i dag ville kalle mobbing av andre barn. Halvor Floden er blant dei som balanserer realisme og idealisme i bøkene sine. I bøkene om Kari Trestakk har han òg eit sjeldan døme på ein upåliteleg forteljar i ei barnebok. Forteljaren Håvard skildrar alt i eg-form, og Floden greier å avsløre at forteljaren ikkje ser konsekvensane av handlingane han sjølv utfører. 

To barnebøker frå Olaf Norlis forlag (1924): Helga av Sigrun Okkenhaug og Frik med fela av Halvor Floden. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.

To barnebøker frå Olaf Norlis forlag (1924): Helga av Sigrun Okkenhaug og Frik med fela av Halvor Floden. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.

Sigrun Okkenhaug kjem som ei ny kvinnestemme inn i barnelitteraturen. Det var korte forteljingar, somme av dei publiserte i Norsk Barneblad tidlegare. Ho syner eit bygdeliv med mange kvalitetar, med omsorg og ansvar. Men det var også farlege krefter som gjekk til åtak på dette samfunnet, og i vaksentekstane hennar er det desse som er sterkast. Også Floden og Ragnvald Vaage greip til vaksenlitteraturen då dei skulle skildre det vanskelege dei ikkje fekk utløp for i barnelitteraturen. 

Frå ungdomslag og folkehøgskular til lyrikk

Det organiserte målarbeidet, gjennom folkehøgskular og ungdomslag, inspirerte og oppfordra til dikting. Det fanst talarstolar å lese frå og lokale blad å trykkje i. Difor er det ein tett underskog av lyrikarar i den same tida, samstundes som berre nokre få dominerer. 

Matias Orheim på forkynningstur med Sigurd Bødal. Foto: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Rettane er overført saman med tekstane frå NRK Sogn og Fjordane 2015.

Matias Orheim på forkynningstur med Sigurd Bødal. Foto: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Rettane er overført saman med tekstane frå NRK Sogn og Fjordane 2015.

Matias Orheim er mest kjend som song- og salmediktar, men kom mellom 1911 og 1932 med åtte romanar som synte dei ulike kulturelle og kyrkjepolitiske debattane i mellomkrigstida. 

Matias Skard og Olai Aalen kan stå som døme på underskogen som skreiv om «Gud og heim, folk og land». Diktinga deira er prega av idealisme, entusiasme, nasjonalkjensle og gudsfrykt. Det er morgonstemning og morgonsol, og det er ei lykkekjensle ved å få kunnskap og utdanning. Kvardagsliv, tru, arbeidsliv og gudsfrykt vert bundne saman i diktinga deira. Sjølv om denne diktinga er lite lesen i dag, held mykje av han høg kvalitet og var så å seie akkompagnementet til den store lyrikken som kom i perioden.

Drama og spel

På 1920-talet er fleire drama høgt oppe i opplagstal. Dei var populære for teatergruppene i ungdomslaga, men lesedramaet eigna seg også til underhalding på eiga hand, med kjappe replikkar og tydelege scener. Olav Hoprekstad nådde topp 20-lista med ei dramatisering av soga om Fridtjov og Ingebjørg i 1912, Anders Hovden om Helga den fagre i 1915 og Tore Ørjasæter om Jo Gjende i 1917. Dei to første forteljingane var moderniseringar og dramatiseringar av historier frå norrøn mytologi. Då Olav Sletto gav ut trilogien om Loke, selde han meir enn populære krimforfattarar i samtida. Interessa for fortida var stor i denne perioden.

 

 

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 05.09.2018