Hopp til innhold
Då den 22 år gamle Halldis Moren debuterte med "Harpe og dolk" (1929) var det ei viktig hending i norsk lyrikkhistorie. Dette var truleg den første kvinna som fekk eit nasjonalt gjennombrot som lyrikar, og Halldis Moren Vesaas heldt denne posisjonen heile livet ut.
Då den 22 år gamle Halldis Moren debuterte med "Harpe og dolk" (1929) var det ei viktig hending i norsk lyrikkhistorie. Dette var truleg den første kvinna som fekk eit nasjonalt gjennombrot som lyrikar, og Halldis Moren Vesaas heldt denne posisjonen heile livet ut.
X
Innhald

1930–1940 Litteratur om ein ny kvardag

Forholdet mellom høgt og lågt er i mellomkrigstida ikkje lenger knytt til bygd og by eller bonde og embetsmann, men mellom ulike klassar i byane. Nye tider krev ny litteratur.

Nye emne i lyrikken

For dei som skulle føre litteraturen vidare etter den store nynorske lyrikken, var det vanskeleg å vite kva ein skulle gjere. Perioden var svært viktig og eineståande, men det gjekk ingen veg vidare frå han. Lyrikarane som debuterte på 1920- og 1930-talet, byrja heilt andre stader.

Den store romantikken i tiåret før kravde at nye diktarar vart store på noko anna enn romantikk. Jakob Sande knytte saman det karnevalistiske med skillingsviser og melodrama. Ein trubadur og skrønemakar hadde kome inn i litteraturen. Han fører lyrikken nærare songen og visa igjen. Heilt sidan Ivar Aasen og Aasmund Olavsson Vinje har den nynorske lyrikken vore nærare songen og visa enn skriftlyrikken på dansk, dansknorsk og bokmål.

Halldis Moren Vesaas i arbeidsrommet på Midtbø. Fotoet er frå arkivet i Ivar Aasen-tunet og kan berre nyttast av Nynorsk kultursentrum.
Halldis Moren Vesaas i arbeidsrommet på Midtbø. Fotoet er frå arkivet i Ivar Aasen-tunet og kan berre nyttast av Nynorsk kultursentrum.

Den unge Halldis Moren (seinare Vesaas) distanserte seg frå bileta av kvinna som sanningsberar og gudsmor og skreiv gjenkjenneleg om å vere ei ung jente. Ho var leikande og underfundig der dei tidlegare hadde vore høgstemde, ambisiøse og gravalvorlege. Aslaug Vaa reiste rundt i europeiske hovudstader og leitte etter filosofiske reiskapar til å forstå den telemarkskulturen andre oppfatta som komande museumsgjenstandar. Ho kom med fire diktsamlingar frå ho debuterte i 1934 til krigen braut ut i 1945.

«Å eiga»

Stundom spør ein:
Kan ein eiga eit anna menneskje? 

(...) 

Fyrst når to men’skjer kan sei til kvarandre:
Gå der du vil, 
du er du! 
Gjer det du vil, 
eg er eg – 

Men eg ser vegen din 
og eg lyder etter fotefari dine 
og eg kjenner din vilje 
strøyma gjenom blodet 
i javne, rolege pulsslag – 

Fyrst då kan to men’skje eiga kvarandre. 

Utdrag frå diktet «Å eiga» av Aslaug Vaa: Skuggen og strendan. Gyldendal 1935. 
Les boka på nettsidene til Nasjonalbiblioteket.

Homoerotiske dikt

Lyrikken nærmar seg modernismen i denne perioden. Ein av desse lyrikarane er Åsmund Sveen. Han har eit komplekst og dissonerande innhald, og han skriv med frie vers. Han er også ein av dei første forfattarane som tematiserte det homoerotiske. Homoseksualiteten er ikkje det viktigaste litterære temaet, men utanforskapen det fører med seg. Det er spelet mellom lys og skugge, mellom drift og straff som trer fram. Sveen går frå naturekstase til modernistisk fortviling ved å vrengje tradisjonelle bilete til sin motsetnad.

Uro og nye spørsmål

Tarjei Vesaas er ein av dei viktigaste forfattarane i norsk litteratur. Han er omsett til mange språk og var allereie dei første tiåra han skreiv, ei viktig røyst. I bøkene hans er det ei veldig intens sansing av natur og menneske, og samstundes ei drift mot å forstå det som ligg bak det kvardagslege og umiddelbare. Frå debuten og fram til krigen kan ein sjå korleis Vesaas kjempar for å balansere desse impulsane i ei tid då mykje av prosaen elles var meir orientert mot ei realistisk norm. 

Gro Holm skriv skarpt og originalt om arbeidsliv og arbeidskår, og ho skreiv om overgangen frå jordbruk til industri. Den kulturradikale ideologien, som kritiserer autoritet og insisterer på det forløysande i eit uskadd driftsliv, slo inn i nynorsk bokheim med Lars Berg og Bjørn Rongen. Dei idealiserte bygdesamfunna vart avkledde på fleire vis, til dømes i dei djupt alvorlege og pessimistiske Vesaas-romanane.

Gro Holm sitjande på bakken, mora Marie Holm på stol, utanfor heimen Reiret på Berjaflot i Odda. Foto: Norsk vasskraft- og industristadmuseum. Nytta etter avtale med museet.
Gro Holm sitjande på bakken, mora Marie Holm på stol, utanfor heimen Reiret på Berjaflot i Odda. Foto: Norsk vasskraft- og industristadmuseum. Nytta etter avtale med museet.

Historie og underhaldning

Nokre heldt fram med å dyrke norskdomsideologien i litteraturen. Ein av dei var Inge Krokann. I sitt store fembandsverk som starta med romanen I Dovre-sno og følgjer ei slekt i Oppdal frå 1470-talet til 1580-talet, karakteriserer han reformasjonen som Noregs undergang. Kulturstriden frå 1920-talet ligg like under, men han legg òg vekt på dei store mentalitetsendringane. Han skildrar også psykiske grensetilstandar hos heltane sine. Han var sterkt inspirert av Olav Duun, og på den måten tek han kjende emne, motiv og haldningar til nye stader med litteraturen sin. 

Det kjem også meir underhaldningslitteratur på nynorsk i mellomkrigstida enn i tiåra før. Ein av dei som skreiv det, var pressemannen Olav Gullvåg med tibandsverket Det byrja ei jonsoknatt, som selde eventyrleg godt i både Noreg og Tyskland. Endå større suksess hadde han med anna underhaldande historisk dikting. Det var han som skreiv Spelet om Heilag-Olav, som framleis vert sett opp på Stiklestad kvar sommar.

Komedien Kjærleik på Lykteland av Torvald Tu vart spela meir enn femti gongar utover våren 1924 på Det Norske Teatret og seinare sett opp i heile landet. Han livnærte seg som forfattar og skreiv til saman 33 scenestykke, og små litterære stubbar og dikt, på jærdialekt. Desse vart også lesne som underhaldning på radio på sekstitalet. Tu var ein pioner på dialekt og den første som skreiv heile bøker på dialekt. 

Tu Torvald Kjærleik på lykteland.jpg?w=600
Odda dramatiske selskap sette opp Torvald Tu: Kjærleik på Lykteland, i 1929. Foto: Norsk vasskraft- og industristadmuseum. Nytta etter avtale med museet.

Også på 1930-talet er det dei realistiske romanane i bygdemiljø som dominerte i opplagstal på nynorsk. Vetle Vislie, Olav Duun og Sven Moren var framleis mykje lesne. Lars Berg braut i 1934 gjennom med romanen Men det var det ingen som visste

Kristenlitteraturen

På 1920-talet debuterer mange forfattarar på kristne forlag, som Ansgar, Lunde, Sambåndet, De unges forlag. Det vert skipa eit eige Norsk Kristelig Forfatterlag, og den kristne skjønnlitteraturen vart såpass stor at det også vart etablert eigne prisar. Nynorske forfattarar var i mindretal i den kristne litteraturen, men nokre skreiv og selde mykje, til dømes Anders Gil, Anders Kvellestad og Per Hilleren. På same måte som ungdomslaga vart ein arena for skriving, vart lekmannsrørsla det på 1920- og 1930-talet med eigne blad og distribusjonskanalar. 

Ingebjørg Mælandsmo i biblioteket på Romerike folkehøgskule. Foto: Lars Bry. Eigar: Museene i Akershus. Nytta etter avtale med museet.
Ingebjørg Mælandsmo var, som mange andre kristne nynorskforfattarar, folkehøgskulelærar. Her er ho i biblioteket på Romerike folkehøgskule. Foto: Lars Bry. Eigar: Museene i Akershus. Nytta etter avtale med museet.

Andre verdskrig bryt ut

Då tyske soldatar brått marsjerte opp Karl Johans gate i Oslo i april 1940, var nynorsk litteratur framleis dominert av historiske romanar og tradisjonsformidling, men mange av forfattarane gav samstundes uttrykk for eit moderne krisemedvit. Det er balansen mellom tradisjon og modernisme det kom til å handle om også i framhaldet. Verdskrigen førte nok til ei krisestemning, men den skapte også eit nytt behov for å gå tilbake i historia og finne ei forankring der. Men i første omgang vart krigen eit opphald for diktinga. 

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 27.07.2018