Hopp til innhold
Åsmund Sveen var den einaste sentrale nynorskforfattaren som vart dømd for landssvik. Han var teaterdirektør, og redigerte antologien Norsk ånd og vilje (1942) for NS. I 1943 kom Bygdeviser. Diktsamlinga blei gitt ut på nytt av Cappelens forlag i 1970, og då fekk Åsmund Sveen eit nytt publikum.
Åsmund Sveen var den einaste sentrale nynorskforfattaren som vart dømd for landssvik. Han var teaterdirektør, og redigerte antologien Norsk ånd og vilje (1942) for NS. I 1943 kom Bygdeviser. Diktsamlinga blei gitt ut på nytt av Cappelens forlag i 1970, og då fekk Åsmund Sveen eit nytt publikum.
X
Innhald

1940–1945 Norskdomsrørsla og okkupasjonen

Det var relativt få frå målrørsla som støtta NS-regimet. Berre éin sentral nynorskforfattar, Åsmund Sveen, vart dømd for landssvik

Nasjonal Samlings symbol og verdiar

Nasjonal Samling (NS) tok over dei tradisjonelle og nasjonale verdiane. Deira symbol og deira forteljingar var overlappande med forteljingane og symbola norskdomsrørsla hadde nytta i mellomkrigstida. Det tyder ikkje at det var stor politisk overlapping mellom rørslene. Dei fleste av dei som var engasjerte i dei nasjonale folkerørslene, oppfatta denne NS-bruken som eit ran. Dei avviste politikken til NS, og framfor alt avviste dei støtta til okkupasjonsmakta.

Både Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag vart forsøkt lagde inn under NS-leiing, men både styra og medlemmane stritta imot. Ser ein på kart over kvar NS-sympatiane var størst, er det i byar og tettbygde strok, medan dei typiske nynorskområda, prega av motkulturane: fråhaldssak, lekmannsrørsle og norskdomsrørsla, hadde minst oppslutning om NS. Unnataket er nokre dalføre med tradisjonell odelsbondeideologi: Setesdalen, Gudbrandsdalen og Østerdalen.

Ein må skilje mellom dei ideologiske mønstera og sjølve okkupasjonen. Det fanst nok folk innanfor dei nasjonale miljøa som delte somme av bekymringane i nazismen: Dei var skeptiske til klassekamp og revolusjon, dei var redde for oppløysing av den tradisjonelle moralen, og dei mislikte dei kulturradikale aktørane. Men dei avviste nazismen. Det var aldri stor oppslutning om NS som parti, heller ikkje før krigen. Og då Vidkunn Quisling gjorde seg til talsmann for okkupantane, miste han mange av sympatisørane. Derimot fekk han tilslutning av folk som av meir opportunistiske grunnar søkte makt.

Forfattarforeininga under krigen 

Okkupasjonen skapte nye utfordringar for forfattarane. NS-styret forbaud straks ein del bøker dei mislikte.. Fleire vart arresterte, andre måtte rømme. Likevel heldt dei andre fram med å skrive – i første omgang. Somme gjorde som Tarjei Vesaas – han gav ut ei bok i 1940 (Kimen), deretter skreiv han for framtida og gøymde manusa. Forfattarforeininga greidde å vere uavhengig og fekk inga kommissarisk leiing, det gjorde derimot fleire forlag. Det breidde seg ein parole om at ein skulle halda seg unna reine naziforlag, som Stenersens Forlag og etter kvart det nazistyrte Gyldendal. Frå 1943–44 gjaldt parolen om å la vere å publisere, men ikkje alle følgde den

Oppgjeret

I 1945 kom så oppgjeret. Det vart straff for å ha vore NS-medlem, og desse vart også ekskluderte frå Forfattarforeininga. Men i tillegg oppretta Forfattarforeininga ein «æresrett» – parallelt med andre kunstnarorganisasjonar – og desse rettane kunne refse og påleggje medlemmar straff av ulikt slag.

Berre fem nynorskforfattarar var medlemmar av NS: Dramatikarane Cally Monrad og Sigurd Eldegard, som hadde framståande posisjonar på vegner av okkupasjonsmakta på Det Norske Teatret, Haakon Garaasen, Peter Munheim og Åsmund Sveen.

Åsmund Sveen

Sveen Åsmund Norsk ånd og vilje.jpg?w=600
Norsk ånd og vilje (1942) var redigert av Åsmund Sveen, på oppdrag av NS, og gitt ut på Stenersens forlag.

Den einaste betydelege nynorske forfattaren som gjekk inn i NS, og som spela ei politisk rolle der, var Åsmund Sveen. Han var ein gåverik og vellykka forfattar på trettitalet og var knytt til Dagbladet som kritikar. Han skreiv om homoerotikk, livsvilje og vitalitet i eit spenn mot einsemd og mørke.

Sveen gjekk inn i Nasjonal Samling av djup overtyding hausten 1940. Det nye styret hadde bruk for folk som alt hadde ein posisjon, og han fekk viktige roller både i forlag og i departement. I denne tida gav han ut Norsk ånd og vilje, ein antologi av det han meinte var verdfullt i norsk litteratur. Det startar med sagaen, og ei rekkje av dei store norske forfattarane er tekne med. Nasjonalsosialistane meinte at dei hadde den rette tolkinga av historia og kunne byggja vidare på dei nasjonale diktarane, som dei tolka inn i sitt skjema.

Åsmund Sveen om antologien Norsk ånd og vilje

Minister dr. Gulbrand Lunde åtte ideen til verket. Norsk ånd og vilje, ordgjeve gjennom tusen år. Då ministeren tidleg i sumar spurde meg om eg vilde taka på meg arbeidet med ein antologi på dette grunnlaget, gav han meg samstundes innanfor den råma tittelen set, friende hender både med omsyn til utval og redaksjon. Målet for meg vart då å støypa dei ulike ideologiske og kunstnarlege drag i alt dette tilfanget saman til ein harmonisk grunnhått. Eg vilde syna norsk sjølvmedvit slik det har ovra seg gjennom soga vår, fyrst og fremst i tidlaus dikting, men dernæst og i dei tidbundne ord som ein historisk situasjon føder.
[...]
Mange diktarar ser med mistru på den norske nasjonalsosialistiske rørsla. Og likevel spring dei ord som denne rørsla føder, djupast fram or den samme grunnviljen som desse diktarane just har aust inspirasjon or. Samanhengen er der – anten ein likar det eller ikkje. Om tjuge år vil ein sjå alt dette klårare. Om femti år vil det visst vera heilt klårt. 

Frå "Fyreord" av Åsmund Sveen til Norsk ånd og vilje (1942). Les heile boka hos Nasjonalbiblioteket.

Sveen fekk fire og eit halvt års fengsel for sitt samarbeid med okkupasjonsmakta. Etter at straffa var sona ferdig, vart han nekta å gi ut eigne bøker. Dette opplevde han sjølvsagt som sterkt frustrerande, fordi han såg at andre landssvikdømde fekk kome ut med sine bøker, mellom anna lyrikaren Rolf Jacobsen, som fekk sitt store gjennombrot på femtitalet. Men vilkåra for landssvikdømde var harde. I 1960 tok Henrik Groth på Cappelen Sveen inn i forlaget sitt, gav han oppgåver og lét han skrive. Nokre av bøkene hans kom ut etter at hans død, og både eit diktutval og den eine romanen hans kom ut i nye utgåver. Det kan nok finnast element hos han som peikar mot nazisme, men neppe særleg meir enn ein kunne finne hos andre i mellomkrigstida.

Vitalismen var eit element som var svært utbreidd, og som nazistane hadde si utgåve av. Sveen er eit døme på ein forfattar som vart øydelagd, reint karrieremessig, av dei politiske vala sine. I etterkrigstida sleit han med både sjukdom og alkoholisme. Respekten for forfattarskapen hans kom ikkje tilbake i norsk ålmente før etter han var død. Dersom han hadde handla annleis under okkupasjonen, kunne han hatt ein meir sjølvsagd plass i nynorsklyrikkens kanon enn det som vart tilfellet. 

Refs til Tu og Sletto

To nynorskforfattarar fekk refs av Forfattarforeininga: Olav Sletto og Torvald Tu. Ingen av dei hadde noko med NS eller deira ideologi å gjere. Sletto hadde teke imot diktarløn og forsvarte seg med at det var avgjort før okkupasjonen og berre vart følgt opp. Han miste løna, men fekk den att på slutten av livet. Torvald Tu hadde gitt ut bøker etter at den uformelle semja om boikott var inngått. Han skulda på at han ikkje var godt orientert. Men han var også i pengenaud.

Det er ikkje mogeleg å sjå ei generell tilnærming mellom norskdomsrørsla og NS eller fascismen. Men gjennom krigsåra skjedde det truleg ei symbolforskyving på anna vis. Kampen for det nasjonale vart knytt til kampen mot okkupasjonen. Dei som overtok dei nasjonale symbola, var motstandsrørsla, kongen og kanskje London-regjeringa. Det var ikkje slik at alle nasjonale symbol vart kompromitterte i krigstida. Motstanden var heile tida grunngjeven nasjonalt, og kjærleiken til flagget, nasjonalsongen og nasjonaldagen har vel aldri vore sterkare. Men det fanst ein nazistisk bruk av nasjonal retorikk som kompromitterte bruken av nasjonale argument. Mellom anna forsynte NS seg av nokre uttrykk i Olav Aukrusts nasjonale ideologi. Sidan Aukrust døydde i 1929, kunne han ikkje haldast ansvarleg for Quisling, og det lesande publikum såg på han som nasjonal, ikkje nasjonalsosialistisk. 

Oppgjer med oppgjeret

I mai 1945 var okkupasjonen over, og det var jubel i gatene og glede over at krigen vart avslutta utan nye, store krigshandlingar etter brenninga av Finnmark. Men så kom oppgjeret med dei som var på feil side. Dei som kritiserte oppgjeret, vart mistenkte for sjølv å vere «stripete» dersom dei kritiserte den rette sida. Det kvilte eit ubehag over oppgjeret etter krigen. Styresmaktene innførte dødsstraff med tilbakeverkande kraft. Dei som kritiserte dette og peika på at ein dømde dei små og lét dei mektige gå, har i stor grad fått rett.

Under feiringa av fridommen vart det kritiske ytringsrommet innskrenka. Kritikk mot rettsoppgjeret var uvelkomen, og kritikarar som Marta Steinsvik møtte trugsmål og skuldingar om sjølve å vere på feil side. På lang sikt kom også meir kritiske synspunkt fram, og oppgjeret vart etter kvart analysert kritisk av historikarar og juristar. Det rådde ikkje lovløyse, men det var skuggesider ved oppgjeret; kanskje verst i den primitive forfølginga av «tyskartøsene». Dei som gjennomførte oppgjeret, hadde neppe lese Kimen, som åtvarar mot hemnlyst.

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 30.07.2018