Hopp til innhold
Med Glør i oska debuterte Olav H. Hauge i 1946. "Svarte krossar" og "Gartnaren drøymer" er to mykje nytta dikt frå debutsamlinga. Hauge kom til å prege den nynorske litteraturen, men meir i tiåra som kom enn i tiåret han debuterte.
Med Glør i oska debuterte Olav H. Hauge i 1946. "Svarte krossar" og "Gartnaren drøymer" er to mykje nytta dikt frå debutsamlinga. Hauge kom til å prege den nynorske litteraturen, men meir i tiåra som kom enn i tiåret han debuterte.
X
Innhald

1945–1960 Tradisjon og krise

Etter andre verdskrigen gjekk Noreg frå å vere eit postkolonialt land til å verte eit postokkupert land. Den nynorske litteraturen måtte finne seg sjølv på nytt. Blant dei som skapte og fann denne litteraturen, var Olav H. Hauge og Tarjei Vesaas.


Mange publiserte bøker i fredsdagane

Under krigen slutta forfattarar å publisere, blant anna fordi fleire av dei store forlaga fekk nazistisk leiing. Det er med på å forklare at talet på bokutgjevingar auka radikalt dei første par åra etter krigen. Det vart gitt ut dobbelt så mange skjønnlitterære bøker i Noreg i 1946 som i 1939. Sentrale forfattarar hadde bøkene klare då okkupasjonen var over.

Tarjei Vesaas hadde til og med grave ned manuset til Huset i mørkret ute i skogen. Han er saman med Alfred Hauge dei to dristigaste nyskaparane i nynorsk prosa dei to første tiåra etter krigen. Den mest lesne litteraturen desse tjue åra var likevel historiske romanar. Modernismen gjorde seg gjeldande i lyrikken, men også der var tradisjonalistane framleis i fleirtal.

Opninga av Huset i mørkret
Spør noken kva det er! dette som er så stort, og kavar og brest i mørkret, så er det eit forgjort hus.

Her er det samla, under eit einaste bylgjande kjempetak, tallause rom og gangar og smog – og skild frå all verda med eit teitt, tungt mørker. Her er opne gardsrom inni dette vide huset, men mørkret ligg over alt som ei krasande vekt. Om noken i ønske kleiv opp på taket for å få eit glimt av eitkvart så ville det berre kjennast som augo var stungne ut. Han ville koma fort ned att og krabbe inn til seg sjølv.

Frå Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945), Gyldendal Norsk Forlag. Les heile boka på nettstaden til Nasjonalbiblioteket.

Frå kultur til juss

Den nasjonale spørsmålet i Noreg vart etter andre verdskrigen flytta frå kultur til juss. I perioden frå 1905 og fram til okkupasjonen var dette eit kulturelt spørsmål som litteraturvitarar, kunstnarar og kulturfilosofar var opptekne av. Gjennom krigsåra vart spørsmåla overtekne av juristar og politikarar. Det nasjonale vart først og fremst knytt til å vere på rett side i krigen. Unasjonal var den som gjekk okkupasjonsmakta sitt ærend. I mellomkrigstida krangla ein høglytt om språksak og kulturelle spørsmål, men ingen ville ha motparten i fengsel. Etter krigen kom ein i fengsel for å vere unasjonal. Det ramma først NS-folk og dei som samarbeidde med okkupasjonsmakta. Sidan vart logikken overført på kommunistane.

Ein konsekvens av dette var at engasjementet for norsk kultur og språk frå norskdomsrørsla ikkje lenger var sentralt i det politiske livet på same måte som før. Den nasjonale kampen stod ikkje mot dansk kultur, men mot eit væpna Tyskland. I jubelen i fredstida vart det skrive nasjonale dikt – og nasjonale symbol var viktige, men dei handla om fridom, sjølvstende og demokrati, ikkje så mykje om språk og kultur. Måldebatten var ikkje lenger ein nasjonal strid, og språkspørsmåla var langt mindre sentrale enn før andre verdskrigen.

Det nynorske vart omdefinert

Etter 1945 gjekk målsaka tilbake, og dei nasjonale symbolsakene var i rørsle. Bjarne Slapgard var ein av få forfattarar som framleis synte at han var overtydd grundtvigianar og folkehøgskulemann, fråhaldsmann, idealist og med i fredsrørsla, og han var leiar i Noregs Mållag. Denne syntesen av målsak, fråhaldssak og religion vart langt mindre sjølvsagd i etterkrigstida enn han hadde vore før krigen. 

Slapgard Bjarne dobbeltbryllaup.jpg?w=600
Familien Slapgard feira dobbeltbryllaup på Hordatun, Ullensvang folkehøgskule i 1955, der Olav Slapgard var styrar, og kona Astrid lærar. Familien var tett knytte til norskdomsrørsla. Bak frå venstre: lærar og seinare styreleiar for Ivar Aasen-museet (1966–2000) Jens Kåre Engeset, organist og lærar Olav Slapgard, folkehøgskulestyrar, mållagsmann og diktar Bjarne Slapgard, bonde Paul Martinus Lein. Framme frå venstre: lærar Bjørg Engeset (f. Slapgard), Åslaug Bjørke Slapgard, folkehøgskulelærar og diktar Astrid Hamnes Slapgard og folkehøgskulelærar Gunnveig Slapgard Lein. Seinare journalist og forfattar Sigrun Slapgard sit i fanget til mora Åslaug. Ungane Torhild, Bjarne og Kjellrun Slapgard sit fremst. Foto: Ukjend. Frå Hardanger og Voss museum. Nytta etter avtale med museet.

Det er i gjenreisingsperioden at det norske samfunnet vert modernisert, for andre gong etter det store hamskiftet frå midten av 1800-talet. Det er to ulike litterære reaksjonar på framsteget: historiske romanar, som minner om ei felles fortid, og litteratur som er nysgjerrig på framtid og endringar.

Historiske romanar

I prosaen vart løysinga for mange å forlate samtida og skrive historiske romanrekkjer. Blant hovudverka er Engvald Bakkans trilogi Krossen er din og Knut Hauges Kross og kvitsymre, Ingebjørg Sandsdalen skreiv ein romanserie om presten Zacharias Schanke, og Sjur Bygd fullførte ein trilogi han byrja før krigen. Johannes Heggland er endå eit døme som heile tida hadde ei ukueleg tru på framtida saman med ei historisk orientering. 

Åsta Holth frå Finnskogen førte eit heilt nytt stoff inn i den historiske romanen. I hennar visjon handlar ikkje den historiske romanen om den norske nasjonen som heilskap, men om grupper med andre røter. Ho representerer ei gruppe som innvandra til Noreg frå Finland, og som slo seg ned i grensetraktene mot Sverige. Sven Moren og Halvor Floden har skrive om livet lenger nord i Glåmdalen, men dei representerer ein nasjonal forteljartradisjon der storgardane på ein særleg måte er berarar av det norske. Holth fører småbrukarar og innvandrarar inn i denne litteraturen. 

Åsta Holth heime i Finnskogen. Foto: Dagfinn Grønoset. Frå arkivet til Glomdalsmuseet, Anno museum. Delt med lisensen CC BY-NC-ND.
Åsta Holth med kalv heime i Finnskogen. Foto: Dagfinn Grønoset. Frå arkivet til Glomdalsmuseet, Anno museum. Delt med lisensen CC BY-NC-ND.

Store prosaforfattarar

Alfred Hauge gjer eit anna brot med det tradisjonelt nynorske. Oppgjer med pietisme og vekkingskristendom hadde på det næraste vore eit sjangertrekk i nynorsk litteratur, så for diktarar med den bakgrunnen var konflikten verkeleg og pinefull. Hauge løyste den med å vere ærleg og setje seg heilt fri som kunstnar, utan å demonisere eller håne eigen bakgrunn. Derimot tok han eit oppgjer med dei som prøvde å løyse kulturkonflikten med tilpassing til eit syn dei ikkje delte sjølve.

Frå Alfred Hauge: Kvinner på Galgebakken (1958)
Kvifor rømde eg ikkje frå den forbanna staden der eg laut sjå mi naud og mi vanære i augene kvar dag som rann? Falch venta på meg, huset hans venta, gartneriet venta. Det låg ein stor arv åt den bortkomne sonen.

Eg var visst ikkje budd og ferdig. Eg gjekk visst og vona at det enno skulle finnast piner eg ikkje hadde røynt. 
– Kunne eg ikkje få lov å laga det litt triveleg for deg til jul? spurde Hanna ein dag.
– Til jul? sa eg.
Kven tenkte på jul? Men då eg hadde nappa kalenderen, fann eg ut at det var berre fjorten dagar igjen.
Ho kunne ha grunn til å spørja. Det hadde grodd over med lort og rot hos meg. Der ho ikkje stelte, blei ikkje stelt.

[...]

– For det er ekstra godt med litt kalv i persesylta, seier Hanna.

Ja, det er vel det. Og der ligg dette kalvehovudet på bordet, flått, og det lyser i strimler av raudt kjøt og kvitt feitt, i store døde auger; det grin i tenner. Eit flådd kalvehovudet skal tena til anna enn pryd, og eg er ser på det og seier til alle som vil høyra:
– Som eit flått kalvehovud er eg for deg, Gud.
– Sa du noko? spør Hanna inne frå stova.
– Nei, ikkje noko større.

Frå Alfred Hauge: Kvinner på Galgebakken (1958),  Gyldendal Norsk Forlag.

Tarjei Vesaas syner allereie med Kimen (1940) at han er inspirert av dei modernistiske ideane, som kom til å verte endå viktigare i litteraturen i Noreg etter andre verdskrigen. Med Kimen etablerer han seg som eit svært viktig namn i prosasjangeren. Erfaringane hans med konsentrerte formar, som noveller og dikt, tek han med tilbake til romanane. Han finn balansen mellom sansing og symbolikk, mellom det minimum han treng av realistisk gjenkjenning og symbolsk førebuing. 

Dei fire største prosaforfattarane i perioden var Tarjei Vesaas, Johannes Heggland, Knut Hauge og Alfred Hauge. Debutantlista er lite imponerande rett etter krigen, dei fleste med stor produksjon, som Engvald Bakkan, Inge Krokann, Kristoffer Uppdal, Sjur Bygd, Ragnvald Vaage og Tarjei Vesaas, var fødde på 1800-talet. Det store generasjonsskiftet kom seinare. 

muv-5-2015 Norskstudentar hovudfag og bifag vitja forfattarekteparet Vesaas heime på garden Midtbø i Vinje våren 1959 Her står Tarjei Vesaas og pratar med professor Olav Midttun.jpg?w=600
Norskstudentar (hovudfag og bifag) vitja forfattarekteparet Vesaas heime på garden Midtbø i Vinje våren 1959. Her står Tarjei Vesaas og pratar med professor Olav Midttun. Rundt omkring på tunet går studentane. Foto: Universitetet i Oslo. Publisert etter avtale med Museet for universitets- og vitskapshistorie.

Meir bruk av dialekt

Dialektane hadde vore i bruk i nynorsk litteratur heilt frå første stund. I mellomkrigstida fekk dei ulike dialektane stort rom i replikkane i store forfattarskapar, som hjå Inge Krokann og Olav Duun. Heile tekstar på dialekt var mindre vanleg, men Torvald Tu var pioner i etterkrigstida.

Ajax (pseudonym for Andreas Jacobsen) i Stavanger skreiv humoristiske skisser, Einar Skjæraasen nådde større lesarskarar på dialekt enn på bokmål, og Alf Prøysen innleidde ein stor forfattarskap i 1945 på ein dialekt som gjorde seg like godt i barnebøker som i salmar. Hans Hyldbakk i Surnadal var kanskje den einaste forfattaren frå dialektbølgja på tjuetalet som skreiv vidare langt inn i den nye dialektbølgja som kom på 1970-talet.

Sjå Henning Sommero framføre "Vårsøg" (1945) av Hans Hyldbakk på Josefine Visescene i april 2016. Vokal/Piano: Henning Sommero. Munnespel: Sigmund Groven. saksofon: Jon Pål Inderberg.

Dialektane handla ikkje om å finne fram til den norske folkeånda, men var ein veg inn i lettare og folkelege sjangrar. Samstundes som det nasjonale prosjektet forsvinn, vart nynorsk og dialekt eit språk for underklassen. Målrørsla la også meir vekt på klassespørsmål enn tidlegare.

Litteratur i takt med tida

I tiåra etter andre verdskrigen vart litteraturen eit meir påliteleg barometer for det som rørte seg i folket, enn i det som kom til uttrykk i det allmenne politiske ordskiftet. Samstundes som det handla om gjenreising, produksjon og vekst, lurte angsten under overflata. Lettast var det vel å sjå angsten som låg under i utanrikspolitikken. Det doble biletet som desse åra gav, kan ein lettast sjå ved å veksle mellom entusiastiske episodar av Filmavisen og modernistisk lyrikk, som freistar å fange ein diffus angst i ofte diffuse bilete.

Den nynorske utanforskapen svarte til den modernistiske litteraturens utanforskap, og i etterkrigstida kom nokre av nynorsklitteraturens finaste prestasjonar, i ei tid der politikken gjekk til Nato og kulturen til Hollywood. 

I etterkrigstida kom ei imponerande rekkje lyrikarar. Ikkje berre var dei gode diktarar, dei største var også nyskapande. Dei braut ut av tradisjonen og innsåg, av tilfeldige eller nødvendige grunnar, at nasjonen etter krigen ikkje sette songaren og skalden øvst ved bordet. Dei trudde ikkje på den offisielle optimismen og eksponerte den angsten som politikarane utløyste, men ikkje snakka om. Dette gjeld både tradisjonalistar, som Olav Kaste, og modernistar som Olav H. Hauge og Ragnvald Skrede.

Kor fins ei kraft?
Kraft som knuser,
kraft som sprenger,
snu deg hit.
Hand som tett med slag
kan drysje,
hand som sundt kan kna
og knysje,
tann som bit
i eit åtak
ut dykk stupe,
i det dulde
og det djupe
riv og slitt 

Frå Olav Kaste: Og det blei kveld, Gyldendal Norsk Forlag 1950. Les heile boka hos Nasjonalbiblioteket.

Tor Jonsson er han som endrar den nynorske lyrikken mest på femtitalet. Han var fødd inn i det tvitydige og greidde aldri å få seg til å dele den nasjonale optimismen, verken før eller under krigen. Jonsson bryt vekk frå dei sentrale førestillingane i norskdomsrørsla. Han skriv om «den satans coctailen av nasjonalisme og religion». Det er ein stygg måte å seie grundtvigianisme på. Dikta vert kortare, meir poengterte og med meir fri bruk av versa. Kvart dikt har si eiga form. Han riv seg laus frå bygda, kollektivet og tradisjonen og vert einsam. Og nettopp dette vert den lyriske posisjonen hans. Jan-Magnus Bruheim gjer, på ein langt meir stillferdig måte, det same som Jonsson.

Olav H. Hauge debuterer

IMG_0026.jpg?w=600

Olav H. Hauge i frukthagen på Hakastad i Ulvik, ca. 1950. Foto: Olav H. Hauge-senteret, arkiv. 


Ein av dei viktigaste lyrikkdebutantane etter andre verdskrigen var Olav H. Hauge, og han gir ut tre diktsamlingar før 1960. Hauge skriv heilt frå første samlinga om livskampen med bilete frå kvardagsliv og vestlandsnatur. Det endra seg lite gjennom forfattarskapen. Han fann også impulsar i folkemusikk, ordtak og tradisjonar. Han tek i bruk frie vers, og dikta hans vert i løpet av karrieren markant kortare. Dette skjer gradvis, samtidig som både ting-dikt og sonettar pregar diktinga hans mot slutten.

Korea
Side um side. Uven, ven, med gras
imillom bringebein; valmuor skin
i augneholor, rusta våpen grin,
til alt er gøymt under kjørr og kvas.

No har dei fred. Det skil kje lenger der
var grensa gjeng, um rett eller urett vann.
Og dødens løyndom flakkar yver tann
frå stundi dei på eigi grense streid.

Eg ser dykk, beinmenn frå Koreas jord,
skrymta som skuggar bak eit tingingsbord,
der din død, bror, er bos i planlagd bragd.

Ordlaus er døden, berre eit bleikt grin
i statsmenns kalde medvit. Domen din
er stempla, underskriven – burt lagd.

Frå Olav H. Hauge: Seint rotnar skog i djuvet (1956, Noregs Boklag). Les fleire dikt av Olav H. Hauge på Haugesenteret.no.

Trass i endringa i form, utviklinga mot eit språk som er meir utvitydig hans og eit større rom for roleg refleksjon er det ein forbausande stabilitet i Hauges univers. Han skildra eit utsett liv, der ein likevel må leve og bu og vere budd til å rydde plassen og byrje på ny om raset skulle gå. Han skreiv sterke dikt om einsemd. Han skreiv om å bu under stjerner i høg rigg og ei sjel og eit hjarte som ikkje roar seg. Hauge er også endå eit døme på ein nynorskforfattar som les stor litteratur frå fleire tider og fleire kulturar og omset det til eigne dikt samstundes som han gjendiktar deira tekstar.

Tradisjon og modernisme

Arnljot Eggen skreiv nokre av dei mest periodetypiske dikta på både 1950-, 1960- og 1970-talet. Først gjer han eit oppbrot frå den religiøs-nasjonale bygdediktinga. Deretter forlèt han tung eg-lyrikk til fordel for meir episk og sosial samfunnskritikk. På 1970-talet tek han i bruk den politiske visa. 

Marie Takvam var ein av forholdsvis få lyrikarar som opplevde å verte folkekjær i levande live. Ho skreiv sterkt og intenst om livsfasar, både ung lengt og lidenskap, brytningar i midtlivsfasen og smertefulle erfaringar av aldring og forfall. Ei annan ein kan merke seg frå perioden, er Anna Skeide, som nytta både tradisjonell naturlyrikk og fri verseform som inspirasjon og på den måten peikar ut retninga mykje lyrisk dikting kom til å gå.

Trø varsamt
Trø varsamt.
Isen er veik.
Kvi kjem du så nær?
Kvi er du så bleik?  

Ver varsam.
Det er blod under hud.
Rør ikkje ved meg
du ande frå sud.  

Trø alltid stilt
over nyfrosen sjø.
Noko i djupet
kan liggje og blø.

Første gongen prenta i Marie Takvam: Syngjande kjelder, 1954. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum. Publisert etter avtale med Gyldendal.

Dei som er nemnde, peikar framover mot modernismen, men dei var i mindretal. Dei fleste diktsamlingane heldt fram i tradisjonelle spor. Ein skal ikkje forveksle kvalitet med litterær orientering. Det finst gode tradisjonalistar, og fleire av desse var frå Telemark.

Olav Kaste var ein av dei første som førte inn eit stort alvor i lyrikken etter jubeldagane i 1945. Han er ikkje mykje lesen i dag, det kjem neppe av kvaliteten på dikta, men snarare av at den nynorske tradisjonalismen, med tyngd og musikalitet, har kome i bakgrunnen. Det er noko tidstypisk med den alvorlege og pessimistiske poesien Kaste skreiv på femtitalet. Det spesielle med Kaste er at han formulerer det moderne i tradisjonens språk. 

I Sandsdalen i Seljord var det tre sentrale diktarar som skreiv om både prestar og proletarar, tradisjonsdikt og frie vers. Halvor J. Sandsdalens dikt kan syngjast og lener seg til folkevisetradisjonen. Dikta til Ingebjørg Kasin Sandsdalen er prega av naturinntrykk, livet på garden og bak det heile ei lys og optimistisk gudstru. Biletkunstnaren Andreas Sandsdalen skreiv òg dikt i den same tradisjonen.

Ingebjørg Kasin Sandsdalen les eigen prolog under Dyrsku'n i Seljord i 1966. Ukjend fotograf. Nytta etter avtale med msueet og Dyrskun-arkivet.
Ingebjørg Kasin Sandsdalen les eigen prolog under Dyrsku'n i Seljord i 1966. Ukjend fotograf. Nytta etter avtale med msueet og Dyrskun-arkivet.

Optimistisk gudstru var det også hjå Trygve Bjerkrheim i Rogaland. Han hadde evna til å seie ting enkelt og kvardagsleg og likevel med ein tone av høgtid. Han skreiv positivt og optimistisk. Naturdikta hans siktar mot vår og sommar. Og songane hans, vert det sagt, plasserer alltid siste vers i himmelen. Han har skrive heile 15 000 dikt, av dei er 400 tonesette og trykte i song- og salmebøker. Bjerkrheim er dømet på ein lyrikar som vert mykje lesen og sungen i det kristelege forlagskrinsløpet, og som selde i store opplag, men som har vore lite kjend utanfor desse krinsane. 

Radioen kjem, og barnelitteraturen veks

Etterkrigstida kom med store endringar i mediesituasjonen. Radioen var på plass i mellomkrigstida, men først etter krigen tok radioen for alvor til å prege litteraturen. Verda kom inn i stovene, og det gjorde også talt nynorsk. Både gjennom Hartvig Kirans «Ønskediktet», gjennom sentrale dagsnyttjournalistar og ikkje minst gjennom litteraturen.

Radioen skapte ei eiga form som fekk størst gjennomslag i tiåra etter andre verdskrigen. Rett nok finst radioteater og radiodokumentarar framleis, men i denne perioden dominerte det som sjanger. Det førte til at ein forfattar som Tarjei Vesaas skreiv nokre fine arbeid for dette mediet. For ein forfattar med sans for det musikalske i både det sagde og det usagde var det konsentrerte lydmediet ideelt.

Åsmund Bjordal høyrer barnetimen i 1956. Foto: Jon Bjordal, Romsdalsmuseet. Nytta etter avtale med museet.jpg?w=600

Åsmund Bjordal høyrer barnetimen i 1956. Foto: Jon Bjordal, Romsdalsmuseet. Nytta etter avtale med museet.

Størst verknad fekk nok radioen for barnelitteraturen. Kvar morgon var det barnetime for dei minste om morgonen – i ei tid då barn flest var heime til dei byrja på skulen – og så laurdagsbarnetimen. Den kom på plass 20. desember 1924 og hadde siste sending 11. september 2010. Lyttartala var størst på 1950-talet. Ei undersøking frå 1953 synte at 94 prosent av norske barn høyrde på programmet, og at nesten 50 prosent av dei vaksne lytta.

Det store publikummet fekk mange etablerte forfattarar til å skrive for radio, ikkje minst dei nynorske. Johannes Heggland er eit godt døme på det; ungdomsromanane hans frå førhistorisk tid vart dramatiserte for radio og fekk nytt liv der. Ein annan forfattar som mange vart kjende med, var lyrikaren Marie Takvam, som kombinerte diktskriving med tekstar til barnetimen.

Davik Ingebrigt med gitar og fiskar for å promotere Det hende i Taremareby 1962 foto Leif Ørnelund Oslo museum CC BY SA .jpg?w=600
Ingebrigt Davik med gitar og fiskar for å promotere Det hende i Taremareby i 1962. Foto: Leif Ørnelund. Delt av Oslo museum med lisensen CC BY SA

Tekstar av Halldis Moren Vesaas, Sigmund Moren, Halvor Floden, Bjørn Rongen og Arnljot Eggen kom på lufta, dei var frå før etablerte forfattarar i andre sjangrar. Ingebrigt Davik, med Taremareby, gjorde radioen – og seinare fjernsynet – til sitt hovudmedium.

Alf Prøysen er også viktig for den nynorske skriftkulturen. Han fekk gehør for at det var mogeleg å bruke dialekt på radio, ein dialekt som var knytt til både bygd og underklasse. Kirsten Langbo, som også skreiv bøker på hadelandsdialekt, var òg viktig for nynorskrørsla. I tillegg til dagsnyttredaksjonen og gudstenestene var truleg barnetimen det programmet som i størst grad gjorde kjent korleis nynorsk høyrdest ut.

Davik Ingebrigt Oslo-ungar følgjer med på forteljarstund på Deichmanske bibliotek i Oslo 15.9.1977 med Ingebrigt Davik Foto: Leif Ørnelund. Nytta etter avtale med Oslo museum.jpg?w=600
Oslo-ungar følgjer med på forteljarstund på Deichmanske bibliotek i Oslo 15.9.1977 med Ingebrigt Davik Foto: Leif Ørnelund. Nytta etter avtale med Oslo museum.


I nynorsk barnelitteratur var det heile tida to parallelle strategiar. Den eine er å skrive bøker som kan lesast av barn, men som er for alle aldersgrupper. Somme er skrivne utan tanke på ei aldersgruppe, som Sivles soger. Den andre er å skape eigne plattformer for barnelitteratur, som ein gjorde med Norsk Barneblad, og som ein gjorde gjennom NRK sine program.

På same tid vart meir barnelitteratur omsett til nynorsk. Til dømes sette Guri Vesaas (under pseudonymet Hanna Midtbø) og Halldis Moren Vesaas om Janosch sine bøker om den vesle bjørnen og den vesle tigeren (1977–1991).

Barna på bygda

Målrørsla har heile tida arbeidd for at nynorsken skal vere eit språk for heile folket, og heile tida har dei nynorske organisasjonane halde til i dei store byane. Likevel vart det slik at nynorske forfattarar skreiv mest frå bygda, særleg i barnelitteraturen. I Thorbjørn Egners lesebøker, som Halldis Moren Vesaas omsette og tilpassa til nynorsk, var det traktor og folk i lønsarbeid på bygda. I bøkene på bokmål møtte elevane ei landsbygd med sjølvbergingshushald og hest som arbeidsverktøy til langt utpå 1980-talet.

Jonsmoen Ola Humle Brumle 1962 Noregs boklag By Sverre Ketil på marknad 1963 Rune forlag Gjengedal Knut Frå skogen og villmarka 1964 Norsk barneblads forlag.jpg?w=600

Dei tre lærarane Ola Jonsmoen frå Østerdalen, Sverre By frå Helgeland og Knut Gjengedal frå Nordfjord gav ut høvesvis Humle Brumle (1962) på Noregs Boklag, Kjetil på marknad (1963) på Rune forlag og Frå skogen og villmarka (1964) på Norsk Barneblads forlag.

Ola Jonsmoen var ein  forfattar som la vekt på å formidle geografisk og kulturell kunnskap om landskapa han skreiv om i barnebøkene sine. Han veit akkurat kvar og når handlinga går føre seg, og han veit at verda tek seg annleis ut dersom du flyttar den. Dette er viktig i den nynorske barnelitteraturen.

Knut Gjengedal frå Hyen i Nordfjord skreiv om kor tungt bygdefolket opplevde det når bygdene var truga av fråflytting, og han gjekk til åtak mot sentraliseringa i barnebokform. Sverre By frå Helgeland skildra barn i leik og arbeid og hadde blikk for korleis bygdene endra seg og gjerne var prega av industri og utbygging. Vossingen Nils Bjørgås var også mykje lesen. Denne litteraturen peikar både framover og bakover. Dei er i slekt med bygdesogene frå mellomkrigstida, men dei har mindre av det oppgjeret med dei vaksne som fanst i den aller eldste nynorske barnelitteraturen. Kanskje var dei på det punktet dei prega av tilpassinga til lesebøkene i skulen. 

Sverre By underviser ei klasse på Åsvang skole medan Skulekringkastinga tek opptak. Foto: Museene i Sør-Trøndelag. Nytta etter avtale med museet.
Sverre By underviser ei klasse på Åsvang skole medan Skulekringkastinga tek opptak. Foto: Museene i Sør-Trøndelag. Nytta etter avtale med museet.

Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk vart på 1950-talet med Skrythøna og andre barnerim ein pioner for nynorske barnedikt. Dikt for barn har ein lang tradisjon i Noreg. Den didaktiske og moraliserande tradisjonen stod lenge sterkt. Ein annan tradisjon fanst i folkediktinga, med eit rikt tilfang av rim og regler. Her var nynorskpioneren Bernt Støylen tidleg ute i innsamlingsarbeidet. På 1950-talet kom det fleire innslag av nonsensvers, først som omsetjingar frå tysk og engelsk. Bruheim henta impulsar frå alle desse tradisjonane. Han var ein trygg, morosam og vennleg diktar som talte til barna frå eit vaksent forteljarperspektiv. 

Nynorskens punkt null

Utover på 1950-talet minkar tilskotet av nye røyster. På heile 1950-talet var det berre 60 som debuterte skjønnlitterært på nynorsk og dialekt i bokform. Av dette var det berre 14 prosabøker for vaksne. Det er det lågaste talet på 1900-talet. Både i mellomkrigstida og på 2000-talet har det vore rundt 100 debutantar kvart tiår.

Det er vanskeleg å finne årsaker til dette. Ein grunn kan vere at dei nasjonale spørsmåla ikkje vart diskuterte som før andre verdskrigen. Etterkrigstida var også prega av sentralisering og press på bygdene. Dette var også tida for eit krast oppgjer med folkelege språkformer. Dei vanskane bygdeungdommen hadde med å halde på språk og dialekt, og som er skildra i Bondestudentar og talrike oppfølgjarar, materialiserte seg i eit næringsliv som forbaud dialektbruk på arbeidsplassane.

Det var også ei forfattarøkonomisk side ved dette. På 1960-talet vart det selt færre norske bøker. Det slo ut i politisk handling, og i 1965 vart Kulturfondet oppretta og innkjøpsordninga av norsk skjønnlitteratur innført. Frå då av auka talet på utgivingar av skjønnlitterære bøker i Noreg.

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 27.07.2018