Hopp til innhold
Med "Dyr last" (1963) synte Aslaug Høydal eit oppgjer med dei pedagogiske reformene i samtida. Ho forsvarte bygda – og barn med alle slags evne. Tradisjonsforsvararen Høydal er eit døme på at også konservative krefter på bygdene tok del i dei mange politiske oppgjera på 1960- og 1970-talet. Oppgjeret var ikkje for studentar og ungdom aleine.
Med "Dyr last" (1963) synte Aslaug Høydal eit oppgjer med dei pedagogiske reformene i samtida. Ho forsvarte bygda – og barn med alle slags evne. Tradisjonsforsvararen Høydal er eit døme på at også konservative krefter på bygdene tok del i dei mange politiske oppgjera på 1960- og 1970-talet. Oppgjeret var ikkje for studentar og ungdom aleine.
X
Innhald

1960–1980 Mange oppgjer på ein gong

Det nynorske språket og litteraturen samlar frå 1960-talet av både bygdeopposisjonen og unge radikale i byane. Nynorsk er ikkje éin politikk, éin religion eller éin sinnstilstand, men mange oppgjer på ein gong.


Folkeleg mobilisering

For nynorsk litteratur vart 1960-talet eit vendepunkt og ei generasjonsveksling. Den nasjonale syntesen av ånd, tradisjon og språk var ikkje mogeleg lenger. Nynorsk vart frå då av språket til alle undertrykte grupper: underklassane i byane, folk i distrikta og dialektbrukarar i alle landsdelar.

Den nye sjølvforståinga henta kraft frå den breie mobiliseringa av folkelege grupper mot norsk medlemskap i EEC og EF (no: EU) i 1972, der den konservative bygdeopposisjonen og liberale ungdommar gjekk hand i hand med sosialistane i byane. Ein som kombinerer mange av desse posisjonane, er forfattaren , som oppdaga at marginalposisjonen – kjensla av å vere i mindretal i mange samanhengar – er godt eigna for satire, fordi ein ser alt frå nedsida eller frå utsida. 

Frå Lita grøn grasbok
Djupt nedi molda
budde ein kanin
med utsvinga bukse
og vaskemaskin

Han såg opp til folka
kva nytt det var der
så kjøpte han det same
og trudde han var svær   

Det siste han fekk kjøpt
var ein bil med eksos
No ligg han nedi molda
så daud som ein ansjos

Frå Rasmus Lie (pseudonym for Hans Sande): Lita grøn grasbok, barnebok (1972). Det Norske Samlaget. 

Mange held fram med å skrive historiske romanar, dikt i bunden form og forteljingar om livet på bygda, men også denne litteraturen tek oppgjerstida innover seg. Dei globale farane og distriktsoppgjer vert viktige bakteppe også i denne diktinga.

Ei politisk tid

Profil Hauge.jpg?w=600
Med Profil nr. 4 (1966) løftar redaksjonen med dei dåverande studentane Tor Obrestad, Espen Haavardsholm, Paal-Helge Haugen, Otto Homlung, Dag Solstad, Jan Erik Vold og Einar Økland fram Olav H. Hauge med to artiklar, eit intervju og fire dikt. Frå Olav H. Hauge-samlinga. I same heftet er det nyskrivne dikt av Eldrid Lunden, Ingvar Moe og Einar Økland 


Vietnamkrigen, folkerøystinga om norsk medlemskap i EF (no: EU), studentopprøra og ein ny ungdomskultur i opposisjon til alt som hadde vore, førte ikkje berre til oppblomstring av ei kulturell venstreside. Medan femtitalet for mange var prega av distanse til politikk og ei slags semje om at ideologiar var døde, kom politikken og ideologien for fullt på 1960- og 1970-talet.

I forteljinga om norsk litteratur desse tiåra står studenttidsskriftet Profil sentralt. Ei gruppe radikale studentar på Universitetet i Oslo tok i 1966 over studenttidskriftet Filologen og døypte det om til Profil. Tidsskriftet vart det sentrale organet for å diskutere og utforske modernismen og tok klar stilling for venstresida i norsk og internasjonal politikk. Tidsskriftet var eit opprør mot etablert litteratur, inkludert delar av nynorsklitteraturen.

Det var også Profil-krinsen som løfta fram Olav H. Hauge og gjorde han meir lesen i langt fleire generasjonar og miljø enn tidlegare.

Omkring 1970 vart det radikale studentmiljøet delt i to. Marxist-leninistane, med Tor Obrestad og ei tid også Edvard Hoem, vart verande i Profil, medan dei som ikkje vart med i revolusjonstoget, var med over i Basar, der kritikken av samfunnet gjekk gjennom kritikken av språket. Eldrid Lunden, Einar Økland, Kjartan Fløgstad og Jon Hellesnes høyrde til denne krinsen, som kan verte kalla sosialmodernistar.

Tor Obrestad, Paal-Helge Haugen og Einar Økland møtest til møte i redaksjonen i Profil 1966 foto Arild Hordnes NTB Scanpix Løyve for Allkunne.jpg?w=600
Tor Obrestad, Paal-Helge Haugen og Einar Økland møtest til møte i redaksjonen i Profil 1966 foto Arild Hordnes NTB Scanpix Løyve for Allkunne

Kvinner som tok oppgjer

Autoritetsoppgjeret på slutten av sekstitalet vende seg også mot mannsdominansen i samfunnet. Det tok likevel tid før dette slo inn i det litterære miljøet. Såleis var det få kvinner i Profil-redaksjonen. Eldrid Lundenn var ei av dei som skreiv i tidsskriftet, og ho fekk dei første dikta sine på trykk der.

Heilt frå starten av var ho orientert mot den språkkritiske retninga, og overgangen til Basar var difor naturleg. Forståinga hennar for poesi fekk konsekvensar. Diktet, tematikken og tonefallet vart meir kvardagsleg, ho er med på å avmytologisere diktarrolla, utviklar ein skepsis til metaforar og aukar medvitet om språket sine politiske dimensjonar. 

Lunden Eldrid Feks juli Hard mjuk Mammy Blue.jpg?w=600

Tre av diktsamlingane til Eldrid Lunden: F.eks. juli (1968), omslag av Per Kleiva, "Hard, mjuk" (1976), omslag av Judith Allan og "Mammy, blue" (1977), omslag av Judith Allan.

I 1963 kom romanen Dyr last av Aslaug Høydal ut. Boka skildrar nedlegging av ein barneskule i ei lita grend og kva som skjer med barna når dei må reise inn til den nye ungdomsskulen. Romanen vekte oppsikt, og vurderingane var delte. Ho fekk den nynorske litteraturprisen Melsomprisen, og biskop Per Lønning meinte at alle skuleleiarar og politikarar burde lese ho, for sjølv om mangt var overdrive, så var det alvorleg nok om ti prosent var sant.

Høydal var langt frå ein venstreradikal samfunnsstormar. Ho kom frå dei nynorske kulturinstitusjonane: folkehøgskulen og lærarseminaret, og det var dei tradisjonelle bygdeverdiane ho ville forsvare. Men i det kompromisslause åtaket på skulereformer er Høydal eit døme på at også heilt andre enn venstreradikale kan gå til åtak på samfunnsautoritetar og gjennom tidene har valt å gjere nettopp det.

Då Ånond blei flytta frå teoretisk til praktisk linje
Styrane viftar med eit ark, fleire ark.
"Evneprøva seier noko anna. Foreldra overlet alt til oss, og vi til psykologen. Her er resultatet. Ånond ligg kring nitti. Ein seinkar som vil liggja etter i alle fag."
"Ånond er like flink som tvillingane når han er i skulen."
"Ikkje no lenger, slikt skjønar berre psykologen."
"Eg har hatt han i skulen i to år."
"Er du psykolog?"

Frå Åslaug Høydal: Dyr last (1963).

Fløttjevlane

Moe Ingvar Jacobsen Stanley frå 1981 Foto Norsk vasskraft- og industristadmuseum. Delt utan restriksjonar. Fotonr. I-HF0780.jpg?w=600
Ingvar Moe og Stanley Jacobsen er to av diktarane som tok dialektbølga frå 1970-talet inn i songlyrikken (Jacobsen med blant anna Skigardsvise og Imorgon, imorgon) og skriftlyrikken (Moe). Sunnhordlendingane flytta austover, men tematikken var ofte henta frå bygdelivet på Vestlandet. Foto frå 1981, frå samla til Norsk vasskraft- og industristadmuseum. Nytta etter avtale med museet. Fotonr. I-HF0780

Ingvar Moe var ein annan politisk engasjert forfattar, i målsak og distriktspolitikk, og forsvarer gjennom litteraturen sin dei «mørke bøgdene» mot sentralisering og ignorering. Det er ingen grunn til å undervurdere denne sida ved bøkene hans. Det er likevel ikkje politikken som har ført han til litteraturen. Det ligg ein identitetspolitikk i det han skriv.

Moe var ein av «fløttjevlane», ein bondestudent som ikkje finn seg til rette i det framande. Han lengtar både til og frå bygda. Han kom til å spele ei viktig rolle, fordi han nytta dialekt og bygdemiljø i tekstar som var eksistensielle. Han er eit godt døme på den nye dialektbølgja på 1970-talet, der det var rocken som skylde inn med dialektar over radioen.

Vers 6 (rødt lys)


byen
er kje annleis
enn bygda
skilt og signal
kor du snur deg
du smett og smyg
med hjarta i halsen
for leiken
går ut på det same
om reglane er litt ulike;
ho ventar
til du trur deg trygt over
men gjer det grundig
han
får deg fort på føtene igjen
rettar på kleda dine
kostar av deg
så du kan vera klar
til neste overkøyring

6. verset i diktet "Fløttjevel har hamna på Austlandet, søkjer trøyst i lagnaden til andre fløttjevlar og ser kor urealistisk lengten deira er" i Ingvar Moe: Fløttjevels bok (Det Norske Samlaget 1977). Les heile boka på Bokhylla.no.

Utvida perspektiv hjå tradisjonalistane

Med den venstrepolitiske dreiinga i dei litterære miljøa rundt universiteta vaks det fram ein kritikk til religion. Dette la premissane, og mange frilyndte og fritenkjarar kunne kjenne seg heime der. Mange av dei som søkte religiøse kjelder, kunne kjenne seg usynlege eller ufrivillig opposisjonelle. Det er nytt for nynorskforfattarane.

Religionen er vanskeleg å undertrykkje og er der heile tida, hos både den antipolitiske Knut Ødegård, kristensosialisten Oskar Stein Bjørlykke, den sprelske Sissel Solbjørg Bjugn, den estetiske Åse-Marie Nesse, den eksistensielt modernistiskeJan Ove Ulstein og tradisjonsmodernisten Paal-Helge Haugen.

Karl Marx/ Sissel Solbjørg Bjugn: "Oppgåve"
det er ikke menneskenes bevissthet
  sjå!
som bestemmer ders tilværende
  der stig ei sjøstjerne
men omvendt
  opp mot gud
deres samfunnsmessige tilværelse
  ønsk deg tre ting
som bestemmer deres bevissthet
  fort! 

Teksten på bokmål i diktet er frå Karl Marx. Diktet blei første gang publisert i Sissel Solbjørg Bjugn: Den første avisa på Lofotveggen og andre tekstar 1972–1977 (Det Norske Samlaget 1977). Les heile boka her.

Signe Seim var ein av dei som skriv i den naturlyriske tradisjonen. Dikta hennar lever i nær kontakt med fuglar og alt som gror. Dette perspektivet utvidar ho til heile jordkloden, og sjølv om ho er varleg, så endrar ho i løpet av 1960-talet rytmeskjemaet til ei ledigare form. Sjølv om ho tek utgangspunkt i tradisjonell naturlyrikk, lyttar ho til ei samtid der den sårbare naturen vert eit politisk tema. I Trø varleg, min fot er angsten for atombomba det eigentlege motivet. Slik kombinerte ho tradisjonelle formar og motiv med den politiserte samtida. 

Jordskjelv

Kven er Du,
du med din knytte neve
som hamrar vilt
mot jordi si bringa
og skjek henne ilt?
– Jordskorpa dirrar og brest. – 
Kven er Du
som helsar med attstengt visir
og held din usæle domedagsfest
i byar som Agadir?

Utan varsel
trengjer di uro frå kjernen mot yta
i dult raseri.
Menneskei granskar di heksegryta
og reknar seg fram til krefter og tid.

Men attom seg gøymer dei teikni som vil
vitna om verre skaking
enn jordskjelvi du får til.
Og likevel sig dei på kne,
finn deg i ferske ruinar:
– Kven var din våpensmed? – 

Frå Signe Seim: Trø varleg, min fot (Fonna forlag 1960)

Liv Holtskog skreiv mange diktbøker med tema frå omgjevnadene, med religion, lokal tematikk og tradisjon frå Telemark. Undervegs i forfattarskapen utvidar ho perspektivet: Tekstane søkjer seg utover i verda og bakover i tid. Hos Holtskog vender den kristne tradisjonen seg mot andre tider og andre rørsler, som teosofi og antroposofi. 

Arvid Torgeir Lie er òg frå Telemark, men beveger seg i andre landskap enn Liv Holtskog. I  Snøvinter (1968) og Sol og sekund (1973) skriv forfattaren og anleggsarbeidaren om samspelet mellom pinserørsla og arbeidarmiljøet, slik det er fleire stader på Austlandet. 

Dei nynorske romanane

Samstundes med denne utviklinga i lyrikken held den nynorske tradisjonen med historiske romanar fram. Anders O. Klakegg frå Jølster skriv ein trilogi om hekseprosessane på 1700-talet, og Marta Schumann skriv ein trilogi som utspelar seg i Valldalen. Det vekslar mellom stor dramatikk og kvardagsliv, men det underliggjande temaet er dei religiøse motsetnadene, der forfattaren signaliserer ein tvil på vedtekne sanningar. Ei grunnleggjande feministisk orientering er ein del av denne tvilen. Noko seinare skriv ho bøker om rusbrukarar, Tsjernobyl-ulykka og krigshandlingar. 

Edvard Hoem er ein forfattar som kombinerer noko av tradisjonens diktarrolle med radikal politikk og modernistisk tidskjensle. Han er syttitalsforfattaren som seinare skreiv salmar og dyrka Bjørnstjerne Bjørnson. Han starta i lyrikken, men tyngda i forfattarskapen hans ligg i romanar og dramatikk. Heilt frå byrjinga skriv han lyrikk og prosa i vestlandske landskap, samstundes knyter han det tradisjonelle til dei politiske spenningane som gjaldt sentralisering, trugsmål mot bygdene og hjartelaus kapital.

Frå Kjærleikens ferjereiser

Ferja ligg uroleg på kulingen som kjem strykande med regnet frå babord. Høgtalaren over den stengde kaffeluka tar Oslo dårleg inn. Marianne ser den forlatne kaffekoppen der på bordet, og kjenner at ho må kaste opp, kjem seg opp på dekket, heng utover rekka og brekker seg.
    Der står ho, Marianne Kretsen. Vinden og regnet gjer henne godt. Ho er 18 år og serveringsdame på Rutebillcaféen i Ramvik. Ramvik sentrum kan så vidt skimtast i tåka. Marianne går ned i salongen og hentar veska si, låser seg inne på toalettet til båten er inne, og studerer ansiktet nøye: I ein sprukken og skitten spegel.

Frå Edvard Hoem: Kjærleikens ferjereiser (Det Norske Samlaget 1974).  

Gjennom 1960- og 1970-talet skifta oppvekstskildringane på bygda karakter. Bygda vart arena for politisk kamp. Den politiske radikalismen som bles over landet, skapte også om den nynorske romanen. Samstundes heldt femtitalsmodernismen fram på 1960-talet. Knut Ødegård debuterer i denne tradisjonen, og Tarjei Vesaas skriv Is-slottet og Brannen.

Andre bollar i barnelitteraturen

Frå 1960-talet av har svært mange vaksenforfattarar også skrive barnelitteratur. Medan barnetimane i radio dyrka fram eit skilje mellom litteratur for barn og litteratur for vaksne i etterkrigstida, kom det på 1960-talet ein motreaksjon. Dei tyngste namna i barnelitteraturen var også dei dominerande i vaksenlitteraturen, og dei fornya begge delar. Noko av fornyinga av barnelitteraturen var det gode samarbeidet mellom sentrale illustratørar og forfattarar forlaga fekk til frå syttitalet av. 

Einar Økland er ein av dei viktigaste barnebokforfattarane i sin generasjon. På alle punkt, så vel for vaksne som for barn, utfordrar han grensene til dei kjende sjangrane. Barnebøkene til Økland hadde naturleg nok, for den leikne psykologen, forfattaren og kulturhistorikaren, lite kontakt med den sterkt oppdragande didaktiske barnelitteraturen. Moralske oppdragarar har han ein motvilje mot. Han kjenner seg heller ikkje så heime i den heroiserande barnelitteraturen, der barske gutar tek ansvar og bergar både gard og sjølvkjensle, gjerne i møte med uforstandige vaksne.

kari bøge einar økland.jpg?w=600

Frå Einar Økland: "Du er så rar" (Det Norske Samlaget 1973), illustrert av Karin Bøge.

Økland er heller ikkje ein barnebokforfattar som primært skriv ut frå barndomsminna sine. Han skriv allalderlitteratur, der det heller er røynslene som far han forsyner seg av: ein som ser barn og har mykje med dei å gjere. Men dermed får barnet ei dobbeltrolle: Det vert skildra med innleving og utan didaktiske ærend, og det vert ein slektning av kunstnaren eller diktaren. Sansinga til barnet er open, udogmatisk og undrande, og dette er attraktivt for kunstnaren. Han ønskjer seg dit, og då kan han reise dit.

Øklands bøker for barn tek likevel med seg fleire sentrale trekk frå eldre nynorsk barnelitteratur: bygdekvardagen, barneperspektivet og vekslinga mellom fantasi og sanning. Samstundes bryt han ut av kjende sjangrar med opne avslutningar, uventa eller fråverande moral og assosiasjonar som ingen hadde hatt før. Kanskje er det mest ikoniske ved bøkene hans dialogen mellom biletkunst og tekst. På alle desse felta verkar han inn på barnelitteraturen. Kanskje er barnelitteraturen staden der han klarast formidlar sitt litterære program: Det skal verte andre bollar.

Sjangerblanding og inspirasjon til vaksenlitteraturen

Øklands leik med sjangrar flytta seg også over til vaksenlitteraturen. Også Eldrid Lunden har plutseleg essayistiske innslag i lyrikken, og Paal-Helge Haugen fekk stort gjennomslag med forma punktroman, som nettopp er ei blandingsform av forteljing og lyrikk.

Ved at dei same forfattarane skriv for fleire målgrupper, bidreg også barnelitteraturen til fornying av vaksenlitteraturen. To døme på det er Huttiheito (1972) og Lasse Li (1975) av Oskar Stein Bjørlykke. Her oppdagar forfattaren det poetiske potensialet i forteljinga og det episke drivet mot eit narrativt sluttpoeng. 

Essayet kjem med filosofane

Hans Skjervheim. Frå Norsk Allkunnebok-arkivet. Nytta etter avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum.
Filosofen Hans Skjervheim. Frå Norsk Allkunnebok-arkivet. Nytta etter avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum.


Det er ei eiga linje frå 1950-talet med filosofisk essayistikk på nynorsk. Pioneren var Hans Skjervheim, som publiserte mykje av sin faglege produksjon som essay. Han skreiv om sentrale filosofiske emne, gav konsentrerte framstillingar av diskusjonar i samtida og skreiv slik at både fagfolk og lekfolk kunne lese det. Frå 1960-talet vart studentkulla sterkt utvida, og han trefte eit stort publikum her. Mellom anna skreiv han om det han kalla filosofien bak studentoppgjera: Frankfurtskulen.

Etter Skjervheim kom både Gunnar Skirbekk, som nyttar fleire litterære teknikkar frå skjønnlitteraturen i essaysamlingane sine, og Jon Hellesnes. Hellesnes argumenterte med at dersom ein berre skal skrive det som er strengt fagleg og vitskapleg, så vert mangt usagt. Essayet tek utgangspunkt i fagleg kunnskap, men prøver kunnskapen i møte med spørsmål som høyrer til eit område for drøfting og politikk. Desse tre filosofane la, i lag med Ånund Haga og Atle Moseide, truleg noko av grunnlaget for at essayet vart ein stor sjanger frå åttitalet av, og då også som ein attraktiv sjanger for skjønnlitterære forfattarar. 

Det var først på 1980-talet at essayet som sjanger slo ut i full blomster og dei skjønnlitterære forfattarane gjekk inn i sjangeren, men då var mange av forfattarane frå tiåra før mellom dei viktigaste: Einar Økland, Eldrid Lunden og Kjartan Fløgstad

Den første skansen
Vår tids menneske står midt opp i den mest dynamiske tidsalder i menneskeætta si historie. Nasjonar reiser seg og går til grunne. Og med dei, millionar av menneske. Gamle kulturelle og etiske verdiar har smuldra bort eller er i oppløysing. Gud. Demokrati. Humanitet. Menneskeverd. Alt som før syntes grunnfast og udiskutabelt er på drift, løyst opp, forvrengt eller trampa ned. Ei global teknisk omveltning har ført til sosial og nasjonal gjæring. Vi andar i ein atmosfære av permantent maktkamp og politisk stillingskrig. Krig, terror, massemord og svik blir blanda opp med fredsvilje, samkjensle og tru. Den labile og usikre atmosfæren er ladd med ei uuthaldeleg blanding av lysande håp og desperat angst. Og når vi i dag står framfor valet om eit være eller ikkje være, synes mennesket å ha mista herredømmet over hendingane, og dermed å vera ute av stand til å velja.

Frå Gunnar Skirbekk: Nihilisme? – eit ungt menneskes forsøk på å orientere seg (Tanum forlag 1958). Boka kom i fleire nye opplag på 1960-talet. Han debuterte med denne boka som 21-åring. Les heile boka hos Nasjonalbiblioteket.

Impulsar utanfrå

Einar Økland, Hartvig Kiran og Åse Marie Nesse under Det Norske Samlaget sin presentasjon av haustlista 1973. FOTO NTB Scanpix Løyve for Allkunne.jpg?w=600
Einar Økland, Hartvig Kiran og Åse Marie Nesse under Det Norske Samlaget sin presentasjon av haustlista 1973. FOTO NTB Scanpix Løyve for Allkunne


Som Ivar Aasen, Arne Garborg, Aasmund Olavsson Vinje og andre i generasjonane før dei tok også dei nynorske diktarane i denne perioden inn impulsar utanfrå og fornya norsk litteratur gjennom desse. Lektoren Åse-Marie Nesse frå Jæren henta inspirasjon frå gammalgresk, tysk og fransk lyrikk. I tillegg kom det med ho nye impulsar frå latinamerikansk poesi. Før ho debuterte, hadde ho allereie omsett verk av Nelly Sachs, Wolfgang Hildesheimer og Carlos Fuentes.

Debutdiktsamlinga hennar startar som ein dialog mellom ulike personar i Odysseen og sluttar med ein fri bruk av den katolske messa. Denne inngangen til litteraturen gjer at ho skriv i ei form av høgstil. Samstundes som andre er opptekne av folkespråk, undertrykte språk, subversjon og opprør fornyar ho den høgstemde lyrikken. Ho er nyskapande fordi ho ikkje orienterer seg ut frå det nasjonale, men mot ein stil ein kan finne i tysk romantikk og tidleg modernisme. 

Oddysevs

Eg søkkte mine fastlands-år i djupet
og talde fyrlys kvar ei uvers-natt.
Eg stemnde skipet inn mot nye strender,
men havets fulle fred kom aldri att.

Til bølgjespelets fridom er eg bunden
frå endelause draumar er eg løyst.
Eg er ein draum, drøymd av ei klårøygd kvinne
som kalla meg med månens mjuke røyst.

Kven sådde alle stjerner på min himmel?
Eg søkjer nye gåter her på jord
og siglar mellom Skylla og Karybdis.
I klippevigen tonar mine ord.

Frå Åse Marie Nesse: Av hav er du komen (Det Norske Samlaget 1970). Les heile boka hos Nasjonalbiblioteket.

I 1965 debuterte setesdølen Paal-Helge Haugen som gjendiktar av japanske haikudikt. Året etter kom Kinesisk lyrikk. Det han gjendikta, påverka også det han skreiv sjølv. Med den austleg inspirerte lyrikken fann Haugen ein objektivitet, ei glede ved tinga og ein fridom frå subjektivt trykk som verka opnande og frigjerande. Også Olav H. Hauge hentar impulsar frå austleg lyrikk til samlingane Dropar i austavind (1966) og Spør vinden (1971).

Olav H. Hauge skriv heilt frå debuten i 1946 sonettar. Per Olav Kaldestad og Kjartan Fløgstad nyttar songen, rimet og sonetten som eit oppgjer mot «dagboksmodernisme», der ein teikna ned nokre spreidde inntrykk i ei nokså laus form. Også modernistane tek med seg tradisjonar frå fortida og frå andre stader når dei skriv ny litteratur.  


Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 04.10.2018