Hopp til innhold
Då boka "Farvel, Rune" (1986) av Marit Kaldhol, illustrert av Wenche Øye, kom fekk ho eit stort gjennomslag. Boka handlar om Sara og Rune, som leiar då Rune fell ut i eit vatn og druknar. Ho formidlar korleis Sara opplever dette, kva spørsmål ho stiller om døden, og korleis ho kan leve vidare med det som har hendt. Temaa død og sorg var ofte til stades i barnebøkene frå mellomkrigstida, men i Kaldhols generasjon var dei ofte usynlege i barnebøkene.
Då boka "Farvel, Rune" (1986) av Marit Kaldhol, illustrert av Wenche Øye, kom fekk ho eit stort gjennomslag. Boka handlar om Sara og Rune, som leiar då Rune fell ut i eit vatn og druknar. Ho formidlar korleis Sara opplever dette, kva spørsmål ho stiller om døden, og korleis ho kan leve vidare med det som har hendt. Temaa død og sorg var ofte til stades i barnebøkene frå mellomkrigstida, men i Kaldhols generasjon var dei ofte usynlege i barnebøkene.
X
Innhald

1980–2000 Eit språk for alt

Frå 1980-talet går litteraturen frå å vere realistisk til å verte meir leiken: fantasi, leik, mytar, symbol og kreativt språk.


Ny litteratur frå 1980-talet

På 1950-talet fekk modernismen sitt gjennomslag i norsk litteratur. På 1960-talet kjem autoritetsoppgjeret, som munnar ut i det politiserte 1970-talet. Sjølv om forfattarane og dei politiske aktivistane delte seg i ulike politiske grupper, var dei samde om at politisk litteratur var rett og viktig. Vendinga på 1980-talet drog denne premissen i tvil.

Den røyndommen den politiske litteraturen skulle skildre og avdekke, var den sosiale røynda knytt til klassar og makt. Markante politiske forfattarar, som Edvard Hoem og Tor Obrestad, tok på 1980-talet til å problematisere den politiske litteraturen, og medan ein på 1970-talet kunne avvise eksistensielle spørsmål, som meininga med livet, døden og kjærleiken, som borgarleg tilsløring av klasseskilja, var det no dei radikale forfattarane som skreiv om slike tema.

Tor Obrestad skriv:

Det meiningslause høyrer med. Lenge etter at eg opplevde det meiningslause forstod eg kva det var med det. Du må integrera det, elles går det ikkje. Støyter du det ut, blir du eit umenneske eller gal. Du strevar og strevar etter å skape meining, men alltid grips slumpen inn i livet ditt og krev sin plass.

Frå novellesamlinga Sjå Jæren, gamle Jæren (Tor Obrestad 1982, Gyldendal Norsk Forlag)

Postmoderne teori var direkte inspirasjon og ressurs for nokre få forfattarar, med Karin Moe i spissen. Hos andre var påverknaden meir indirekte og synte seg som ein konsentrasjon om skrivinga sjølv, som metanivå og ironiske kommentarar til eigne tekstar. Det musikalske og klanglege språket kom meir til syne, som i romanane til Jon Fosse, Lars Amund Vaage og Hermann Starheimsæter. Når språket kom i sentrum, kunne dei også framheve det den strengt realistiske skrivemåten hadde løynt: fantasi, leik, mytar, symbol og heile språkets herlegdommar. 

Frå åttitalet av er det ei rørsle bort frå det politiske, bort frå det kvardagslege og inn i språk, fantasi og mytar. Vendinga på åttitalet førte ikkje til ein einsarta litteratur. Den hadde mangfald som program. Musikaliteten vart viktig. Ironien vart løfta frå litterært verkemiddel til livshaldning, mellom anna av Finn Øglænd og Ragnar Hovland. Samstundes kjem nokre rørsler motsett veg: til den kjende verda, kvardagen og politikken. 

Gøyale og teoretiske postmodernistar

Karin Moe, ein gong på 1980-talet, foto: Margun Eriksen.

Karin Moe, ein gong på 1980-talet, foto: Margun Eriksen. Nytta etter avtale med Morgenbladet.

Med bakgrunn i franske postmodernistar, som Jean-François Lyotard og Jean Baudrillard, hevda dei at litteraturen ikkje først og fremst peika på ei ytre røynd, men på andre tekstar. Språket var ikkje gjennomsiktig, det peika ikkje eintydig mot noko utanfor seg sjølv. Det var si eiga verd, som heller konstruerte enn refererte verda.

Det var ikkje vanskeleg å leggje merke til at sunnhordlendingen Karin Moe debuterte med Kjønnskrift i 1980. Den slagferdige vestlendingen og universitetslektoren i fransk var godt opplesen på postmodernisme og feminisme. Men der feministisk teori pakka referansane til kropp og kjønn inn i tung terminologi, gjekk Moe meir resolutt til verks.

Språket hos Moe er langt frå eit nøytralt medium som menneska formulerer tankane sine i. Språket tenkjer og taler i menneska, som strukturalistane formulerer det. Det spring ut av kjønn, kropp, tradisjonar, opposisjonar – men mest av alt makt og avmakt. 

Kvinna som ville skriva litteratur

Eg går med resolutte steg inn i den store bokhandelen på Karl Johan og ser meg ut ein disingvert ekspeditør som sikkert har lang erfaring og greie på litt av kvart i bransjen, for han snur seg på den spesielle måten 180 grader rett i figruen som ei boksida som blar.

"Har du ein passe lang, ikkje for tjukk, ikkje glatt, men heller ikkje ru penn, heller ein sånn med skaft som av glatt skinn som ikkje glepp, du forstår, eg skal begynna å skriva litteratur og så lurte eg på om det ikkje skulle gå an å skriva ut frå min kjønnspesifikke kvinnesituasjon på ein konkret, materiell måte, altså gripande om pennen med skjedemusklane... [...]."

[...]
Den desorienterte bokhandlaren blar 180 grader mot bokhyllene sine og lurer på kor det skal bli plass til den nye kvinnelitteraturen.

Frå "Kvinna som ville skriva litteratur" i Karin Moe: Kjønnskrift (Aschehoug 1980). Les heile boka hos Nasjonalbiblioteket.

Eldrid Lunden er eit godt døme på at generasjonane etter andre verdskrigen levde nærare akademia enn generasjonane før; dette er folk med høgre utdanning. I Gjenkjennelsen (1982) kombinerte ho innsikter frå språkfilosofi og feminisme og viser korleis språket vi brukar om oss sjølve og verda, faktisk skaper både verda og oss. I Det omvendt avhengige (1989) finst det heile tida ein dialog med dekonstruksjonen og impulsane frå Lacan og Kristeva. Vi er no komne eit godt stykke frå den tidlege nynorsklitteraturen som tok utgangspunkt i Grundtvig og norskdom, som Halldis Moren Vesaas og ungdomslaget i Trysil kan stå som eit døme på.

Mange nynorskforfattarar har skrive skriftlyrikken nærare songen. Det gjer ikkje Eldrid Lunden. Dikta hennar ligg nærare essayet; ho resonnerer i frie vers. Tenkinga er gjennomført ved å vise korleis språk oppstår mellom sansing, sosialt liv og kropp. Ho skriv ikkje i filosofiens tradisjonelle medium, der ein siterer forgjengarens tesar og distanserer seg frå dei eller fører dei vidare. Staden for Lundens dikt er der omgrepa vert til. 

Ein annan som tok i bruk filosofi på ein leiken måte, både i barne- og vaksenbøker, er nordlendingen Sissel Solbjørg Bjugn. Dette personlege særpreget, med humor, glede ved ting, tekstar, erotikk og erting, greier ho å ta med seg inn i svært ulike sjangrar og temaområde. I vaksenbøkene kan vi peike på to viktige felt: arbeidslivet og den religiøse institusjonen. 

Henrik (dikt)

Han har tjuefem minutt å ete og kvile seg på.
Han kastar ikkje bort tre minutt til
  med å vaske seg på nevane.

Mellomleggs-papiret

det brukar han til å halde kring kanten
   av brødskiva si med.

Frå Sissel Solbjørg Bjugn: Spenn beltet kring livet og hald lampa tend! Ei bok om gruva (1981, Det Norske Samlaget).

Triste barn 

Barnelitteratur får stor vekst frå 1980-talet av. Ei bok som fekk eit heilt eventyrleg gjennomslag, var Farvel, Rune (1986) av Marit Kaldhol. Boka handlar om Sara og Rune som leikar då Rune fell ut i eit vatn og druknar. Ho formidlar korleis Sara opplever dette, kva spørsmål ho stiller om døden, og korleis ho kan leve vidare med det som har hendt. Desse store og nesten uoverkomelege spørsmåla skriv ho om på ein måte som er tilgjengeleg for både store og små.

Bileta til biletkunstnaren Wenche Øyen var ein integrert del av verket, slik det vart i større grad frå og med 1970-talet. Temaa død og sorg var ofte til stades i barnebøkene frå mellomkrigstida, men i Kaldhols generasjon var dei ofte usynlege i barnebøkene. Denne enkle, kloke teksten møtte eit behov, og boka vart omsett til tolv språk. For Kaldhol vart boka starten på ein stor produksjon for barn og unge, med både dikt og forteljingar, mellom anna spenningsbøker.

Frå Farvel, Rune

Fire dagar seinare sit Sara, mamma og pappa i stova.
Sara har skjørt og fineblusen på seg. 
Mamma har forklart at Rune er død. Han drukna i dammen. 
Kan hende han prøvde å nå tak i båten sin, og så glei han, og klarte ikkje kome seg opp att. 
No er han død. 
Han kan ikkje snakke meir. Ikkje sjå eller høyre. 
Han kan ikkje gå eller springe eller leike meir. 
Ikkje smile til Sara. Ikkje klemme ho fleire gongar.
Sara skal aldri få sjå Rune meir. 
Fordi han er død. 

Frå Marit Kaldhol: Farvel, Rune. Samlaget 1997.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Sårbare ungdommar

Ein annan produktiv forfattar på åttitalet er Rune Belsvik. Han debuterte med Ingen drittunge lenger (1979). Belsvik vil skrive så sannferdig som mogeleg om den vanskelege ungdomstida. Hans eiga oppleving var at tekstane om ungdom og ikkje minst erotikk anten gav glansbilete eller fornekta kjenslekaoset i puberteten. Belsvik sakna nokon som skreiv om det utrygge og famlande i ungdomstida. Heltane i ungdomsbøkene hans er nettopp usikre, famlande gutar (oftast) som gjer dumme feil, men dei er skildra med varme og solidaritet.

Åttitalsforfattarane er mediemedvitne og kritiske. Ungdomsromanane til Belsvik er korrektiv til alt frå populærlitteratur til porno. Døme på dette er Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine (1987), der den amerikanske filmstjerna Krystall Evenes kjem til øya Vindholmen for å finne røtene sine. I bakgrunnen ligg Krystle i såpeoperaen Dynastiet, spela av Linda Evans. Det vrimlar av forelska par i denne boka, og alle får kvarandre i beste såpestil.

densom.jpeg

Frå omslaget til "Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine" (1987). Omslaget er laga av Marita Andersen for Det Norske Samlaget.

Med Bjørn Sortland kom endå ein ny og produktiv forfattar inn i barnelitteraturen. Sortland skriv lett og humoristisk om alvorlege tema: det kompliserte kjærleikslivet, religionen og familiar som går i oppløysing. Sortland skriv gjerne om reiser, både i barnebøker og i ungdomsbøker. Reisene kan føre bort frå triste tilstandar, men også inn i noko som er nytt og opnande.

Magisk realisme

Kjartan Fløgstad er mellom dei viktigaste, mest ambisiøse og produktive forfattarane i sin generasjon. Når han først har funne fram til kombinasjonen av modernisme, fabulering, politisk engasjement og realitetsorientering i dei første prosabøkene, held han fram med å blande desse ingrediensane i ein stor forfattarskap.  

Døme på magisk realisme
[...] Hertingen er heilt oppe på toppen og går så langt ut på stupet som kan komma, og om han ser så langt utover som auga kan nå, så går det opp for han at den mørke kveldshimmelen ikkje reiser seg framfor han som vegg, at den ikkjer er noko som stengjer, og at stega hans, stega til hans Aattraa frå Kristiania i Noreg, betre kjend som Hertingen, ikkje berre fører vestover fjellet, nedover fjellsida, nedover liene, men også framover i tida, innover i den mørke ukjende himmelen som reiser seg framfor han.
[...] Hertingen slår inn på den slagne landeveg, han står yttarst ute på dampskipskaiane og går opp slingrande høge leiderar om bord i tørrlasteskipa, står ut dei trange fjordane, ser landet bli borte under horisonten, kvittar los og er aleine om styringa, når fram til den nye kysten etter ei lang krossing, dreg over heile det veldige amerikanske kontintentet og seilar vidare på ny, til han endeleg, midt ute på det endelause Stillehavet finn staden der døgnet skifter og aust og vest fell saman og tar til på ny. Og frå himmelen i vest held historia fram med å rulla ut den umålelege raude løparen som er innsydd med stjerner og som menneska skal gå, skrida, vakla, springa, kravla inn i framtida på. Slik er det, Hertingen har sjølv sett det, Hertingen har sjølv gått denne vegen. Døgnet rullar over jorda, natt følgjer dag, og ingen dag er den andre lik, morgonen gryr over ein ny dag, årstidene rullar side utal av fargar ned frå den blå himmelen, alltid framover, berre framover, vår, haust, vinter, vår, framover, fram over naturen, alltid framover, mot kraftstasjonane og fabrikkane, aldri tilbake til handverket og naturalhushaldet, til den førmonopolistiske kapitalismen, til lønsslaveriet, til kvinnas husslaveri, men framover, over trustane, over monopola, over intervensjonismen og statskapitalisem, framover mot fridom, likskapen, brorskapen og søsterskapen, vidare mot sosialmen! 

Frå Kjartan Fløgstad: Fyr og flamme (1980, Det Norske Samlaget).

Frå 1980-talet har Fløgstad vore ein av dei viktige fornyarane av norsk prosa. Impulsane frå den latinamerikanske magiske realismen er det ikkje så lett å finne døme på før hans tid. Men når han tek inn impulsar frå filosofi, modernisme, surrealisme, karnevalisme og barokk – så kan han også karakteriserast som ein Garborg-figur i si samtid.

Dei nynorske pionerane, og særleg Vinje og Garborg, var opptekne av å ta inn mest mogeleg frå internasjonal litteratur. Det er dette også Fløgstad gjer. Dermed hjelper han også nynorsk litteratur ut av noko som kunne vorte ein stagnasjon: om ein hadde halde fram med å skrive om «barn og bøling», om fjellgardar og det gode livet i Storskogen.

Mytar og fantasi

Saman med den magiske realismen er det fleire som nyttar mytar og fantasi i både vaksen- og barnelitteraturen. Hans Sande har også eit stort repertoar av det fantastiske, både i barnebøkene og i vaksenbøkene. Han skriv ei bok om fiskepuddingen Pim, og han skriv om bananfroskar i trea. Det er lett å forstå at han liker barnelitteraturen, som opnar mot fantasien. Men han nyttar dette også i bøker for unge og vaksne, og han snertar òg innom noko som kan likne på science fiction.

Rune Belsvik har også skrive for mindre barn, og her legg han for dagen ein lun humor og ein fortryllande fantasi. I 1991 kom Dustefjerten, som handlar om nokre udefinerbare skapningar (små dyr?) som bur nede ved bekken. Dei utgjer ein heil sivilisasjon, og dei har små og store problem som er lette å kjenne att for både barn og vaksne. Det er eit eige univers, som Taremareby, fullt og heilt prega av påfunna og humoren til Belsvik. 

Når bakaren diktar vers går mange ting på tvers (utdrag)
Kavringreven begynte å rydda opp etter henne. Ho var flink til å sløla, og dei kvite smulane låg og lyste rundt stolen og fatet. Under bordet var det så mørk som natta. Medan han sat på huk og plukka opp dei lysande smulane, kom desse orda susande inn i hovudet hans:

Himmelen er våt og mørk
Skuggane er lange
Stjernene er hengt til tørk.
Dei er så veldig mange.

Han ville spretta opp, og springa etter Oktava med eit smil. Desse stilige orda gjorde han brått glad igjen. Men i det han retta ut kna skall han hovudet i bordet, så alle orda blei hulter til bulter. Dermed var han like langt. Han bøyde seg ned igjen, og venta på at hovudverken skulle gå over.

Frå Rune Belsvik: Dustefjerten og det store Bekketeateret (1992, J.W. Cappelens Forlag)

Dette var den første av seks bøker om dette samfunnet. I den første spelar tilblivinga av forteljinga ei stor rolle. Her framstiller Belsvik forfattarkarakteren som ein sjarmerande, barnsleg og kakeglad person, som vert ein høveleg guide inn i fantasiverda. Det er eit typisk Belsvik-grep å gjere forteljaren synleg som ein eigen, lett komisk person. Sjarmørane er figurane med namn som Dustefjerten, Kavringreven, Andungen, Bollefisen, Oktava og Holesnusken. Dei går gjennom små kvardagsdrama og syner seg å vere typar med individuelle laster og dygder.

Sissel Solbjørg Bjugn hadde ein omfattande produksjon for barn (12 bøker). Også her batt ho saman forteljingar om eit faktisk stoff med humor og lett absurde vendingar. Ho greidde å ta opp store og vanskelege tema, som gutungar som plagar badande jenter, eller den sovjetiske invasjonen i Ungarn (Stakkars Ungarn), og ho kan leike seg med ord og førestillingar, slik at ho nærmar seg nonsensverset.

Bjugn er ein av fleire forfattarar som lèt barnebøkene inspirere vaksenbøkene og omvendt. Det er nettopp det barnlege i stemma som er overtydande i vaksenbøkene, medan det kloke, vaksne nærværet aldri er langt borte i barnebøkene.

Elisa der og Beth her.jpg?w=600

Bokomslaget til Sissel Solbjørg Bjugn: Elisa der og Beth her (1983, Det Norske Samlaget). Bjugn illustrerte dei fleste bøkene sine sjølv.

Solfrid Sivertsen høyrer til dei forfattarane som greier å overføra kvalitetar frå barnebøkene til vaksenbøkene – og omvendt. Ho skriv klårt og gjenkjenneleg, men får fram både djupner og smertepunkt i det kvardagslege og kjende.

Skitten realisme

Ragnar-Hovland_foto Herborg Pedersen.jpg?w=600

Ragnar Hovland, foto: Herborg Pedersen, Det Norske Samlaget.

Ragnar Hovland er ein av dei som sterkast har endra inntrykket av kva nynorsk litteratur er; nasjonal patos er erstatta av munter språkleik og ironi. Det gjeld ikkje minst i dei mange bøkene hans for barn og ungdom. Men det er vaksenperspektiv i barnebøkene og eit umiskjenneleg naivistisk og barnleg preg i vaksenbøkene, så skiljet mellom barnebøker og vaksenbøker er tilsikta uklårt.

Hovland er den som med størst kraft viser at moderne populærkultur no er vorten meir formande og avgjerande for norske ungdommar enn heimstad, språk og tradisjon. 

Å lese unorsk (utdrag)
Ein veit ikkje kven ein er, før ein har sett dei andre. Utlandet er staden ein aldri kjem til. Mi kjære er reist over havet, i ein skrøpeleg farkost, og kva anna kan eg gjere enn kvar kveld å gå ut på pynten og stire?
    Ein blir ikkje seg sjølv før ein har møtt dei andre, der på hi sida av havet, der mi kjære drog.
    Stundom blir dei store skogane altfor indianarlause, og fjella og reinsbukkane har inga meining. Det er då ein må av stad, til Prahas dunkle gater eller til dei tronge, matosande smaua i Paris for å duellere med kårde. Guds død! Tankane blir så store og lidenskapane tar alltid overhand, men mi kjære vil ikkje vende tilbake.

Frå Ragnar Hovland: Åleine i Alpane (1999, Det Norske Samlaget).

På 1980-talet skapte den amerikanske kritikaren Bill Buford uttrykket «dirty realism» – skitten realisme – som han brukte om ei gruppe forfattarar som skreiv om eit litt forhutla persongalleri, i ein sakleg tone og objektiv stil, men også med ein grunnleggjande sympati. Denne måten å skrive på hadde røter i naturalismens preferansar for dei lågaste samfunnslaga og konsentrerte seg om overflate og hendingar og vurderte personar og hendingar minst mogeleg. 

Nådelause skildringar

Forsvaret for landsbygda har vore sterkt i nynorsk litteratur og er eit gjennomgåande tema hos Edvard Hoem. Sjølv om Ingvar Moe både knurrar og gøyr mot «dei som har nåke med det», har han også ei fundamental solidaritetskjensle med utkantane. Men utover nittitalet kjem det skildringar som er meir nådelause. På landsbygda er det heimebrenning, hjartelause intrigar mellom naboane, rus og slagsmål. I byen finst alt dette, men i tillegg smaklause og karakterlause pengefolk. Ein bit skittenrealisme kan vi også sjå hos Frode Grytten, då primært lokalisert til småbyen eller bygdebyen.

Med Bikubesong (1999, Det Norske Samlaget) slo Frode Grytten gjennom som forfattar. Gjennom 25 forteljingar frå Murboligen i Odda skildrar han røynda til "fittetjuven", "prinsessa av Burundi", "skuggeboksaren" og fleire i den vesle industristaden. Denne videoen er laga av Det Norske Teatret og Riksteateret for å promotere teaterframsyninga basert på kollektivromanen (2013).

Denne orienteringa mot skuggesidene, skiten, kriminaliteten og dei sosialt utstøytte har samanheng med den uuthaldelege kvardagen, som er ei livskjensle mange forfattarar uttrykkjer mot slutten av nittitalet. Dei som orienterer seg mot skittenrealismen, skriv ikkje primært om seg sjølve og sin eigen oppvekst, dei held opp eit bilete av menneske som lever utan den tryggleiken dei har sjølve. Desse utsette karakterane skildrar dei med sympati.

I kampen mellom by og land, sentrum og periferi, kan ein naturlegvis framstille motparten som vond, skitten og moralsk forderveleg. Det finst byskildringar i den tidlege nynorske litteraturen som fungerer på den måten, til dømes hos Ragnvald Vaage på 1950-talet. Men det som utviklar seg på 1990-talet, handlar snarare om å finne eit stoff å skrive om som kan skape ny erkjenning. Ein vil ut av den kjende og kjedelege eksistensen og søkjer ytterpunkta. Difor er ikkje denne litteraturen så politisert.

Jørgen Norheims historiske romanar

Den historiske romanen har vore viktig i den nynorske litteraturhistoria. Nynorske historiske romanar i mellomkrigstida handla om Noregs vekst og fall og atterføding. Hos Jørgen Norheim er perspektivet eit anna; det handlar om verdshistorie, der Noreg har spela ei lita rolle. Perspektivet er å sjå Noreg utanfrå og frå andre tider; kanskje kan ein slik spegel avsløre vår eigen narsissisme. Behovet for å flykte frå det grå livet er ikkje noko viktig motiv hos Norheim. Det som bind bøkene til samtidslitteraturen, er dei tallause litterære tilvisingane, frå nynorske barnesongar, via Ibsen og klassikarane til moderne slagord. Det er svært språkmedviten prosa, men den fører ikkje til tvil på realitetane.

Bygdekrimmen

Med dei nynorske kriminalforfattarane vert brotsverka, som så mykje anna i nynorsklitteraturen, flytta til bygda. 

Audun Sjøstrand kom i gang alt på 1980-talet, med ein sjangertru og samstundes leikande variant. Han debuterte med Hundemordet (1985). Sjøstrand knyter seg til den rurale realismen; han gir eit lett gjenkjenneleg og vittig portrett av ei norsk kystbygd og konstruerer ein intrige som er farga av samtidsfenomen som narkotrafikk, moderne kystkultur og oljeutvinning.

På mange måtar heldt Kolbjørn Hauge fram der Sjøstrand sleppte, sjølv om han var 25 år eldre, med samfunnsfenomen frå kystlandskap i krimform. Rune Timberlid er ein tredje mann i same sjanger.

Frå ein vestlandskrim
–Vi må gå tilbake no. Tenk om Petter oppdagar at vi er ute! Tenk om ho dama på sykkelen sladrar på oss!

Jenta reiste seg frå den gamle fiskekista og børsta av kleda sine. Sparka av vanvare litt borti ei gammal plastbøtte som sto der.

– Tøys! Ho sykla jo andre vegen, bort frå sentrum. Ho kjenner sikkert ikkje Petter eingong. Og han søv som ein bjørn, det kan du lite på. Men du kjem til å vekkje heile øya viss du sparkar fleire gonger i den bøtta der. Kom her og set deg ned litt til.

Han drog henne ned ved sida av seg. Ho fniste og gav etter. Men brått blei dei situjande stensens still begge to. Det kom nokon roande inn mot bryggja rett nedanfor der dei sat.

Frå Kolbjørn Hauge: Over mitt lik (Aschehoug 1999)

I fjellbygdene er Magnhild Bruheim frå Skjåk og Ragnhild Kolden frå Lom viktige forfattarar. Bygdekrimmen går føre seg både i innlandsbygder og i kystlandskap. Det dei har til felles, er at dei gjer bygda til landskapet for kriminallitteraturen. Lars Mæhle, Ingelin Røssland og Bjørn Sortland nyttar krimsjangeren i ungdomsbøkene sine, også dei med bygder som ramme.

Også Idar Lind debuterte som kriminalforfattar i 1985 med Hotell Tordenskjold. Det var byrjinga på ei rekkje romanar med etterforskarane Axel Breheim og Thelma B.S. Hansen. For Ormens gift (1986) fekk han Rivertonprisen. Lind har også ein omfattande produksjon for ungdom, mellom anna med Drakeblod-serien. Han har også skrive for teateret, og han har skrive songtekstar for D.D.E og andre grupper.

Kunst, eksistens og religion

18 Fosse og Olav H Hauge Foto Odd Nerbø BT.jpg?w=600
Jon Fosse og Olav H. Hauge i samtale på Rossvoll i 1991, i samband med ein reportasje journalist Frode Grytten gjorde med dei to i Bergens Tidende. Foto: Odd E. Nerbø, Bergens Tidende. Nytta etter avtale mellom Nerbø og Nynorsk kultursentrum.


Frå 1980-talet av vart det religiøse språket gjenoppdaga som ein generell litterær ressurs og teke i bruk av forfattarar nokså uavhengig av deira personlege tru eller overtyding. Den religiøse opposisjonen fekk inspirasjon frå new age-rørsla og andre austlege impulsar, som var synleg i hippierørsla, og som dukka opp med ny kraft på 1980-talet. 

Paal-Helge Haugen orienterer seg mot religiøse tekstar. Heile forfattarskapen hans er i dialog med andre tekstar. Som Eldrid Lunden skriv han også diktsamlingar i dialog med biletkunsten, viktige stader i Europa og store diktverk. Også Jon Fosse er orientert mot det mystiske og religiøse. Han er òg prega av brotet med det politiske syttitalet og opnar skrivinga mot heilt andre dimensjonar.

(Agnus Dei), dikt


Eit dyr som et meininga opp innanfrå
fråtsar riv fortærer
før det stilnar; eller
eit svulmande barbari som talar
frå alle strupar, samtidig

                                          slik vi
steinar den som hugsar for mykje
alle med bortvendt andlet

                                            overmanna
av den tvetydige smerten, lystens sprøyte
spiss like under huda, overmanna
av minnet om det fråtsande dyret.

Seinare går vi rundt på torget, fallbyr oss
sel oss for ei handfull støv
utan å merke at sjøen stig
sjøen flør.

Frå Paal-Helge Haugen: Sone 0 (1992, Cappelen)

Det er freistande å lage ei inndeling der Edvard Hoems forfattarskap går frå ein politisk fase til ei orientering mot kunst, eksistens og religion. Men det er ei forenkling. Den nyorienteringa som skjer på åttitalet, opnar opp for eit større politisk perspektiv, der dei store historiske drivkreftene i den nasjonale historia spelar med. I denne historia er reformasjonen, Hans Nielsen Hauge-vekkinga, Grundtvig og målrørsla store aktørar. Det karakteristiske for Hoems politikk er ein kombinasjon av distriktsperspektiv, demokratisk nasjonalisme og modernistisk kriseoppleving. Desse tre elementa vert kombinerte på ulikt vis gjennom forfattarskapen.

Helge Torvund er ein av dei som har hatt mest å seie for norsk lyrikk i sin generasjon, trass i at han skriv i ein annan tradisjon enn dei fleste. Ein av grunnane er at han frå 2001 til 2015 var ansvarleg for «Diktkammeret» i Dagbladet, der han rettleia og vurderte dikt lesarane sende inn. Denne utovervende måten å arbeide med poesi på svarer til Torvunds tankar om dikt som noko alle kan ha bruk for, og som kan fungere som «sjelsord»: Å gi oppmuntrande ord til sjela er eit godt alternativ til å bruke skjellsord. 

Essayet

I 1979 publiserte Einar Økland Skrivefrukter. Det var hans første essaysamling, eller som han sjølv sa det i undertittelen: «Artiklar, epistlar og småstykke frå norsk litteratur 1963–1978». Frå dagens synsstad kan det verke merkeleg at Økland, sakprosadiktaren framfor nokon, kom med ei slik samling først 16 år etter debuten. Denne undringa kan opne for ei innsikt: Det var først i overgangen til åttitalet at essayet kom til utfalding i etterkrigstida. Pionerar var Georg Johannesen og Jan Erik Vold, som begge gav ut samlingar som dokumenterte så godt som alt dei hadde skrive i aviser og tidsskrift.

Når vi ser nærare etter, var det nettopp på åttitalet dei skjønnlitterære forfattarane tok til å skrive essay. Det gjeld Kjartan Fløgstad, som gav ut tekstane sine om populærlitteraturen (Loven vest for Pecos, 1981) og sine forhandlingar mellom marxisme og postmodernisme (Ordlyden, 1983) og det gjeld Eldrid Lundens Essays (1982). Alle desse tre var knytte til tidsskriftet Basar, der også Georg Johannesen sat i redaksjonsrådet. I same redaksjon var filosofen Jon Hellesnes, som for alvor gjekk inn i essaysjangeren med Farar i Metropolis (1984) og vart ein av dei mest produktive essayistane.

Farar i Metropolis (essay)

I stroket kring Hauptbanhof i Frankfurt am Main er det farleg å gå om nettene. Og der er det keisamt. Folk keisar seg forderva på barna der dei slår tida i hel. Pornofilmane flimrar i bakgrunnen. Få gidd å sjå den vegen. Gamle horer lovar stor ofse. Få trur på lovnaden. I dei mørkaste bakgatene kjem både springknivar og slagvåpen i bruk.

Du går inn i Harakari Tanzbar der dei halvdaude dyrkar livet. Folk kvervlar omkring, halvt som menneske, halvt som skuggar, liksom i Hades. Midt i rommet bølgjar ein sjø av skoddedottar, og sjøen er gråblå trass i det raude lyset. Om du er mann, og om du betaler for deg i form av dyre drinkar, kan du få med deg eit utringa, oppsplitta og nymåla kvende ut i dansen i skoddedott-sjøen. Men du går ut att.

Der passerer du ein halt hund, to svarte kattar, ein spyande forretningsreisande, tre trøytte horer, ein flokk hissige Halbstarke og ein tilårskomen tju i følgje med ein yngre ransmann. Og brått er du slått ned.
Gradvis kjem du til hektene att.
"Dette var idiotisk," tenkjer du medan du spyttar ut den lause tanna. "Keisamt er det òg".

Frå Jon Hellesnes: Farar i Metropolis og andre essays (1984, Gyldendal)

Georg Johannesen gjennomførte sitt essayseminar på Universitetet i Bergen på overgangen til dette tiåret, og han skreiv sjølv eit av sine aller beste essay, «Holberg og essayet», i Om den norske skrivemåten i 1981. Ottar Grepstad redigerte Essayet i Norge: fjorten riss av ein tradisjon, der ei rekkje komande akademikarar og essayistar skreiv, mellom dei Erling Aadland, Sveinung Time, Bjørn Nic. Kvalsvik og Jon Severud. Boka sprang ut av bergensmiljøet. I dette miljøet tenkte ein ut frå den tyske essaytradisjonen, med vekt på at essayisten skulle vere eit myndig og kunnskapsrikt subjekt som systematisk drog i tvil vedtekne sanningar. Dei norske førebileta var Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg. Dei markerte avstand til «gylne pennar»; elegante kåsørar som forførte lesarane inn i ureflekterte trivialitetar og klisjear.

Essay frå 1980-talet. Annonse for Samlaget i 1981, essay av Per Olav Kaldestad (1987) og Jon Fosse (1989)

På 1980-talet vaks det fram ein større nynorsk skjønnlitterær essayistikk. Til venstre: Annonse på s. 7 torsdag 4. november 1981, Per Olav Kaldestad: Glade bodskapar (1987) og Jon Fosse: Frå telling via showing til writing (1989).

Essayet tek i bruk verkemiddel vi kjenner frå skjønnlitteraturen, ikkje minst gjeld det reisemotivet. Essayisten er til stades i teksten; han flyttar om på sjølvsagde tankar og idear og brukar gjerne originale metaforar for å motseie ureflekterte tankestraumar. Men impulsane gjekk andre vegen også. Fleire av forfattarane som profilerte seg på åttitalet, tok essayistiske avsnitt inn i dei skjønnlitterære tekstane sine. Det var uvanleg. Det verkar utenkjeleg at Tarjei Vesaas, Johannes Heggland eller Knut Hauge skulle leggja essayistiske innslag inn i forteljingane sine.

Det er neppe tilfeldig at nynorskinnslaget er stort i essayistikken. Heilt frå Aasmund Olavsson Vinje er det eit samband mellom den kulturelle reisa, der ein lærer mange ulike språk og sosiale lag å kjenne, og essayet si vandrande form. For mange nynorske forfattarar er den sosiale reisa ein del av vegen inn i skrivinga.

I dag er det sjølvsagt at dikting og essay går hand i hand, blandar seg i same bok og kjem frå same penn. Det er essayistiske innslag i fiksjonen til Agnes Ravatn, Marit Eikemo, Olaug Nilssen, Gunnhild Øyehaug og Carl Frode Tiller – mange av dei mest sentrale forfattarskapane etter tusenårsskiftet. Denne utviklinga er ein konsekvens av at essayet vart høgare akta på åttitalet og i dag har vorte ein prestisjesjanger. 

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 15.05.2018
Sist oppdatert: 30.07.2018