Hopp til innhold
Minnestad på Utøya, der dei pårørande fekk oppført eit minnesmerke i 2015. Namn og alder på alle dei drepne er stansa ut i ein stålring som heng mellom furutre i ein lysning. Foto (2015): Arbeiderpartiet, flickr.com. CC BY-ND 2.0.
Minnestad på Utøya, der dei pårørande fekk oppført eit minnesmerke i 2015. Namn og alder på alle dei drepne er stansa ut i ein stålring som heng mellom furutre i ein lysning. Foto (2015): Arbeiderpartiet, flickr.com. CC BY-ND 2.0.
X
Innhald

22. juli

22. juli 2011 skjedde dei verste terrorhandlingane i Noreg etter andre verdskrigen. 77 menneske vart drepne – 8 av ei bilbombe i regjeringskvartalet, 69 på ungdomsleiren til AUF på Utøya.

Bomba i Oslo gjekk av klokka 15.25. Om lag to timar seinare starta terroren på Utøya, då dei to som møtte terroristen ved kaien på Utøya, vart drepne. Totalt vart til saman 77 menneske drepne i dei to angrepa.

Gjerningsmannen, Anders Behring Breivik, var høgreekstremist, inspirert av rasistisk og fascistisk tankegods. Han var 32 år den gongen. Like før terrorhandlingane la han ut eit politisk manifest på internett, bygd på høgreekstreme tekstar. I rettssaka vart han dømd på alle punkt og fekk maksimumstraffa, 21 års forvaring.

I Oslo og fleire andre stader i landet vart det i tida etter 22. juli arrangert markeringar. Folk hadde med seg roser, det nye ordet «rosetog» var karakteristisk for markeringane.

I ei gransking vart det retta sterk kritikk mot politiarbeidet under terroråtaket og mot at politiet ikkje var godt nok budde.

I tiåret frå 2010 til 2020 var det fleire terroråtak i ulike storbyar i Europa, utførte av anten høgreekstremistar eller ekstreme islamistar.

Frå eittårsmarkeringa 22. juli 2012. Frå høgre: kong Harald, dåverande statsminister Jens Stoltenberg, dronning Sonja og Ingrid Schulerud (Stoltenbergs ektefelle). Foto: Statsministerens kontor, flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Frå eittårsmarkeringa i regjeringskvartalet 22. juli 2012. Frå høgre: kong Harald, dåverande statsminister Jens Stoltenberg, dronning Sonja og Ingrid Schulerud (Stoltenbergs ektefelle). Foto: Statsministerens kontor, flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Hendingsgangen

Gjerningsmannen hadde planlagt åtaket over lang tid. Han laga ei 950 kg tung bombe på ein gard han leigde, og som låg to timars køyring frå Oslo. 22. juli parkerte han ein varebil med bomba inntil høgblokka i Oslo sentrum, der mange medlemer av regjeringa og tilsette i departementa arbeidde. Frå Oslo køyrde gjerningsmannen ein annan bil til Utøya-kaia ved Tyrifjorden i Viken, der han, forkledd som politi, vart frakta over til Utøya.

Høgblokka i regjeringskvartalet etter bombeeksplosjonen. Foto (24.7.2011): Henrik Lied, NRK. Kjelde: nrkbeta, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Høgblokka i regjeringskvartalet etter bombeeksplosjonen. Foto (24.7.2011): Henrik Lied, NRK. Kjelde: nrkbeta, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Over 500 ungdomar var på Utøya, i tillegg til hjelparar og arrangørar. 69 vart drepne, mange skotne i ryggen medan dei prøvde å flykte. Gjennomsnittsalderen på dei drepne var 18 år. Dei fleste døydde momentant. For dei som vart drepne i regjeringskvartalet, var gjennomsnittsalderen 40 år.

Ein stor del av dei som vart angripne, fekk seinskadar, både fysiske skadar og psykiske etterverknader, til dømes minnetap som følgje av posttraumatisk stressliding. Av pasientane som var på legevakta etter bombeeksplosjonen i Oslo, hadde 31 prosent posttraumatiske stressreaksjonar etter ti månader. Av dei som var på Utøya, var det om lag halvparten som hadde ei slik liding etter ti månader. To år etter Utøya-terroren var nesten halvparten at dei etterlatne foreldra ikkje i full jobb.

Rettssak og dom

Medan somme har lagt vekt på det politiske motivet til gjerningsmannen, har andre trekt fram at han kan ha vorte øydelagd i barndomen og hadde utvikla sinnsjukdom.

Før rettsaka vart det spekulert i om gjerningsmannen var mentalt utilrekneleg. Fleire frykta at han skulle verte vurdert som mentalt utilrekneleg og difor sleppe å sone i fengsel. Dei første sakkyndige, oppnemnde av domstolen, konkluderte med at han var psykotisk og mentalt utilrekneleg. Men bistandsadvokatane protesterte, og retten oppnemnde nye sakkyndige. Det vart ein heftig debatt, med ulike faglege vurderingar. Til slutt konkluderte retten med at gjerningsmannen var mentalt tilrekneleg.

Anders Behring Breivik vart dømd til 21 år i forvaring. Dommen kan forlengjast med fem år om gongen og kan innebere at han ikkje slepp ut att. Forsvararen hans var Geir Lippestad.

Kart over Utøya på Læringssenteret på Utøya. Foto (2017): Human-Etisk Forbund, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Kart ved Hegnhuset på Utøya. Hegnhuset opna i 2017 og er eit senter som både fortel historia om terrroråtaket på Utøya og er eit læresenter om demokratiske verdiar. Foto (2017): Human-Etisk Forbund, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Etterspel

I den første tida etter angrepet var det markeringar fleire stader i landet, og statsminister Jens Stoltenberg (Arbeidarpartiet) og kongen var nasjonale samlingspunkt.

Stoltenberg-regjeringa oppnemnde ein granskingskommisjon, leidd av advokat Alexandra Bech Gjørv. Eitt år seinare la kommisjonen fram ein rapport. Konklusjonen var at politiet ikkje hadde utført arbeidet godt, og at dei burde ha kome fram til Utøya tidlegare. Beredskapsressursane hadde vore mangelfulle, og organiseringa hadde svikta. Det var eit politisk ansvar. På Stortinget vart det sett fram kritikk mot regjeringa for manglane som gjorde at politiet ikkje var betre budde. Men det vart ikkje fremja mistillitsforslag.

Å etablere ein minnestad har vore ein prosess som har drege ut i tid, på grunn av usemje mellom ulike partar. Det har også vore strid om lagnaden til regjeringskvartalet og om bygningane skal rivast eller vernast.

Bøker og filmar

Fleire bøker har kome om 22. juli, mellom anna En norsk tragedie av Aage Storm Borchgrevink og En av oss av Åsne Seierstad. Filmane 22 July av Paul Greengrass og Utøya 22. juli av Erik Poppe viser hendingsgangen og påkjenningane til ungdomane. I 2020 synte NRK den prisvinnande fjernsynsserien 22. juli av Sara Johnsen.

Kransenedlegging på Utøya 22.7.2014. Foto Arbeidarpartiet_ flickr.com. CC BY-ND 2.0_.jpg?w=600


Kransenedlegging under treårsmarkeringa på Utøya 22. juli 2014. I midten står statsminister Erna Solberg og Ap-leiar Jonas Gahr Støre, og til høgre står Eskil Pedersen, som var AUF-leiar då terrorhendingane skjedde i 2011. Foto Arbeidarpartiet_ flickr.com. CC BY-ND 2.0.jpg



Kjelder

Aage Storm Borchgrevink: En norsk tragedie. Oslo 2013

Helge Renå: «22. juli-kommisjonens analyse, vurderinger og konklusjoner – en metaanalyse av politiaksjon Utøya», i Norsk statsvitenskapelig tidsskrift nr. 1/2017

Åsne Seierstad: En av oss. En fortelling om Norge. Oslo 2013

Miriam Sethne: «22. juli-kommisjonen versus politiet. Hvorfor så forskjellige vurderinger?», masteroppgåve. Universitetet i Oslo våren 2017

 

«Har samfunnssikkerheten blitt bedre etter 22. juli? Populærvitenskapelig rapport fra forskningsdprosjektet The next disaster (NEXUS)», november 2017, sintef.no: https://www.sintef.no/globalassets/sintef-teknologi-og-samfunn/rapporter-sintef-ts/nexus-sluttrapport.pdf [lesedato 24.5.2020]

NOU 2012: 14 Rapport fra 22. juli-kommisjonen, regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2012-14/id697260/ [lesedato 9.8.2020]

Politidirektoratet: 22. juli 2011. Evaluering av politiets innsats, rapport frå Sønderland-utvalet, publisert 15.3.2012, evalueringsportalen.no: https://evalueringsportalen.no/evaluering/22.-juli-2011-evaluering-av-politiets-innsats/22-juli-2011-evaluering-av-politiets-innsats.pdf/@@inline [lesedato 9.8.2020]

Lars Weisæth: «Psykiske sår etter 22. juli», i Tidsskriftet. Den norske legeforening, nr. 11/2018, tidsskriftet.no: https://tidsskriftet.no/2018/06/leder/psykiske-sar-etter-22-juli [lesedato 9.8.2020]

 

22. juli-senteret: «Tidslinje – 22. juli 2011», 22julisenteret.no: https://22julisenteret.no/tidslinje/ [lesedato 9.8.2020]

Klaus Børringbo, Hans O. Torgersen og Marie Melgård: «Ekspert mener Behring Breiviks ideologi er fascistisk», aftenposten.no, publisert 31.5.2012: https://www.aftenposten.no/norge/i/6jMjo/ekspert-mener-behring-breiviks-ideologi-er-fascistisk [lesedato 9.8.2020]

Rune Thomas Ege og Jarle Grivi Brenna: «Slik var dramaet på Utøya – minutt for minutt», vg.no, sist oppdatert 26.9.2011: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/MOne0/slik-var-dramaet-paa-utoeya-minutt-for-minutt [lesedato 9.8.2020]

Henning Carr Ekroll: Her er de helt forskjellige konklusjonene», aftenposten.no, publisert 13.8.2012: https://www.aftenposten.no/norge/i/0EdXg/her-er-de-helt-forskjellige-konklusjonene [lesedato 9.8.2020]

Wenche Fuglehaug: «Hun holdt 22-juli-terroren på avstand i mange år. Så skjedde noe som forandret henne», aftenposten.no, publisert 24.3.2020: https://www.aftenposten.no/a-magasinet/i/Qo0lyQ/hun-holdt-22-juli-terroren-paa-avstand-i-mange-aar-saa-skjedde-noe-som-forandret-henne (tilgjengeleg med abonnement) [lesedato 9.8.2020]

Per Anders Johansen: «Tok feil om dødsårsak til tre Utøya-ofre», aftenposten.no, publisert 4.5.2012: https://www.aftenposten.no/norge/i/Wbenj/tok-feil-om-doedsaarsak-til-tre-utoeya-ofre [lesedato 9.8.2020]

NRK: «Terrordøgnet (22. og 23. juli)», nrk.no: https://www.nrk.no/227/fakta/tidslinje/terrordognet/ [lesedato 9.8.2020]

Lars Joakim Skarvøy, Arild Færaas og Dennis Ravndal: «Politiet avviser funn av gigantbombe på Breiviks gård». vg.no, sist oppdatert 27.11.2011: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/P74L0/politiet-avviser-funn-av-gigantbombe-paa-breiviks-gaard [lesedato 9.8.2020]

Øyvind Bye Skille: «Kjøpte store mengder kunstgjødsel som kan ha blitt brukt til bombe», nrk.no, publisert 23.7.2011: https://www.nrk.no/norge/terrormistenkt-kjopte-kunstgjodsel-1.7723890 [lesedato 9.8.2020]

Leif Stang, Marte Ericsson Ryste, Olav Njølstad, Nils Olav Refsdal og Freja Ulvestad Kärki: «Terrorangrepene i Norge 22. juli», snl.no, sist oppdatert 18.12.2018: https://snl.no/terrorangrepene_i_Norge_22._juli_2011 [lesedato 9.8.2020]

Anne Stenersen: «Terrorisme i Europa etter 2001», snl.no, sist oppdatert 20.6.2017: https://snl.no/Terrorisme_i_Europa_etter_2001 [lesedato 9.8.2020]

 

Peikarar

NRK: «22. juli», fjernsynsserie, tv.nrk.no, publisert 5.1.2020

Den nasjonale støttegruppen etter 22. juli, 22juli.info

NSD (Norsk senter for forskningsdata): 22. juli-forskning, nsd.no

Formidlings- og læringssenteret på Utøya, utoya.no

Først publisert: 05.11.2020
Sist oppdatert: 13.11.2020