Hopp til innhold
X
Innhald

Abiy Ahmed Ali

Abiy Ahmed Ali er statsminister i Etiopia. I 2019 fekk han Nobels fredspris for innsatsen sin for fred og forsoning på Afrikas horn.

Abiy Ahmed er fødd 15. august 1976 i byen Beshasha, sentralt i Etiopia. Han høyrer til oromoane, den største av dei mange folkegruppene i landet.

Ahmed er leiar av Velstandspartiet, tidlegare Den revolusjonære demokratiske fronten til det etiopiske folket. Dette partiet har styrt Etiopia sidan 1991, då dei avløyste det tidlegare kommunistregimet etter ein lang borgarkrig.

Som tenåring verva Ahmed seg til å kjempe mot regimet under borgarkrigen. Sidan gjorde han karriere i militæret, mellom anna som etterretningsoffiser og som FN-soldat i Rwanda. Han har i tillegg teke to mastergradar i leiing og ein doktorgrad i fred- og tryggingsstudiar.

Ahmed vart vald inn i det etiopiske parlamentet i 2010. I 2017 kom han inn i regjeringa som vitskaps- og teknologiminister. Då statsministeren gjekk av som følgje av store protestar mot regjeringa, vart Ahmed vald som ny statsminister i april 2018, som den første frå oromo-folket.

Som statsminister markerte Ahmed seg raskt med ambisjonar om å gjere Etiopia meir demokratisk og moderne. Han har mellom anna sett fri politiske fangar, avvikla sensur av pressa, plassert kvinner i sentrale maktposisjonar og lova å halde frie og rettferdige val.

Statsminister Abiy Ahmed Ali og Visepresident David Mabuza under eit besøk i Etiopia. Kjelde: GovernmentZA på flickr.com CC BY-ND 2.0.

Statsminister Abiy Ahmed Ali og Visepresident David Mabuza under eit besøk i Etiopia. Kjelde: GovernmentZA på flickr.com CC BY-ND 2.0.

I juli 2018 underteikna Ahmed ein fredsavtale med nabolandet Eritrea, som avslutta ein 20 år lang valdeleg grensekonflikt. I kjølvatnet av dette har han òg bidrege til andre diplomatiske prosessar på Afrikas horn, mellom anna i Sudan og i striden mellom Kenya og Somalia.

Samstundes har Ahmed slite med å samle sitt eige land. Gamle etniske konfliktar har blussa opp, og talet interne flyktningar er no høgare enn på lenge.

I 2019 fekk Ahmed Nobels fredspris for arbeidet sitt for fred og forsoning i den krigsherja regionen. I grunngivinga for prisen sa Nobelkomiteen at Ahmed har gitt mange etiopiarar håp om eit betre liv og ei lysare framtid, sjølv om mange utfordringar står att i landet.

Kjelder

Laila Ø. Bakken og Vilde Helljesen: «Etterretningsoffiseren som ble fredsprisvinner», nrk.no, publisert 11.10.2019: https://www.nrk.no/urix/dette-er-arets-fredsprisvinner_-etterretningsoffiseren-som-ble-fredsprisvinner-1.14738566 [lesedato 14.10.2019]

Dawit Endeshaw: «The rise of Abiy 'Abiyot' Ahmed», thereporterethiopia.com, publisert 31.3.18: https://www.thereporterethiopia.com/article/rise-abiy-abiyot-ahmed [lesedato 14.10.2019]

Freedom House: «Freedom in the World 2019», landrapport for Etiopia, freedomhouse.org: https://freedomhouse.org/report/freedom-world/2019/ethiopia [lesedato 14.10.2019]

Kalkidan Yibeltal: «Ethiopia's Abiy Ahmed gets a new ruling party», bbc.com, publisert 22.11.2019: https://www.bbc.com/news/world-africa-50515636 [lesedato 1.12.19]

Først publisert: 26.11.2019
Sist oppdatert: 10.12.2019