Hopp til innhold
Agnes Mowinckel (fotografert rundt 1905). Fotograf: Karl Anderson. Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: TM.T01141. CC BY-SA 4.0.
Agnes Mowinckel (fotografert rundt 1905). Fotograf: Karl Anderson. Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: TM.T01141. CC BY-SA 4.0.
X
Innhald

Agnes Mowinckel

Agnes Mowinckel, skodespelar og sceneinstruktør som fornya norsk teaterliv, særleg ved Det Norske Teatret.

Agnes Mowinckel var fødd i Bergen 25. august 1875 og døydde i Oslo 1. april 1963. Ho gjekk middelskule i Bergen, deretter eit år i teiknelære på Kunst- og håndverksskolen i Kristiania i 1894. I 1895 drog ho tilbake til heimbyen og byrja som teiknelærar ved Ulrike Pihls pikeskole.
I hovudstaden hadde Mowinckel fått interesse for teater og ønskte sjølv å prøve seg som skodespelar. Etter fire år som teiknelærar debuterte ho ved Den Nationale Scene i 1899, først i Kong Midas, og ein månad seinare i Hærmænderne paa Helgeland. Same året fylgde ho med instruktøren Ludovica Levy til Kristiania, som opna det nystarta Secondteatret hausten 1899, med Mowinckel i tittelrolla som Maria Stuart.
Ei lang og allsidig teaterkarriere var i gang. Mowinckel hadde oppdrag ved dei fleste norske scenene i samtida. I 1903–1904 var ho engasjert ved Fahlstrøms Theater, i 1909 reiste ho landet rundt med Nationalturnéen, ein forløpar for Riksteatret, og i 1910 med eit anna turnéteater. Sesongen 1910–1911 var ho knytt til Trondhjems Nationale Scene, der ho spela Borghild i Sigurd Jorsalfar og fru Alving i Gengangere.
I 1922 gjorde Mowinckel si første eigne iscenesetjing, med stykket Vårbrytning på Intimteatret. Denne oppgåva kom ho så godt frå at teatersjefen ved Det Norske Teatret, Ingjald Haaland, hyra henne inn som fast instruktør, ei tilsetjing som markerte eit kunstnarleg tidskilje for teatret. Instruktørstillinga hadde ho frå 1923 til 1925. Då hadde ikkje teatret råd til å løne henne lenger. I 1927 starta ho sitt eige avantgardeteater, Balkongen, med norsk premiere på framsyninga Hevnens gud, av jøden Max Reinhardt.
Etter eit år var det slutt for Balkongen. Dei komande åra hadde Mowinckel oppdrag både som skodespelar og instruktør ved fleire av hovudstadsscenene. 1925–27 og etter 1935 spela ho norske klassikarar på Nationaltheatret, i 1927 var ho instruktør ved Det Nye Teater. Hovudengasjementet låg ved Det Norske Teatret, særleg i perioden 1923–1935. Fram til 1950 hadde ho ansvar for eit trettitals oppsetjingar ved Det Norske Teatret og særmerkte seg ved å prøve ut nye idear og eksperimentere med form og innhald.
Dristig repertoar
Då Mowinckel kom til Det Norske Teatret i 1922, utgjorde norske og skandinaviske komediar ein stor del av speleplanen. Med Mowinckel sin regi fekk mange av dei eit kunstnarleg lyft. I stykke som Kjærleik på Lykteland, Keisaren av Portugalia og Mikkel Larsen-gutane fekk ho skodespelarane til å gi truverde til naive og farseprega roller.
Snart vart dei folkelege lystspela tona ned til fordel for eit meir internasjonalt repertoar. Mowinckel hadde inngåande kunnskapar om litteratur, hadde kunstnarleg og politisk teft og ønskte å introdusere amerikansk og europeisk samtidsdrama for publikum. I 1924 sette ho opp den dystre framtidsvisjonen R.U.R., av tsjekkaren Karel Čapek. Oppsetjinga var anti-realistisk og suggestiv, med maskinproduserte menneske som skodespelarane og instruktøren greidde å gi scenisk liv.
Orienteringa mot europeisk teaterkunst fylgde Mowinckel heile livet. Ho hadde reist mykje. I 1912 budde ho nokre månader i London og brukte tida til å besøkje moderne teater som eksperimenterte med lys og lyd og visuelle uttrykk. Seinare gjekk ferda til Paris, der ho såg oppsetjingar av Charles Dullin, som meir enn nokon fekk innverknad på hennar eige arbeid som instruktør. Særleg var det bruken av musikk og måleri som gjorde inntrykk på Mowinckel.
I 1920-åra pleidde ho venskap med den sovjetiske ambassadøren i Noreg, Alexandra Kollontai, og gjorde fleire turar til Moskva. I 1931 sette ho opp Under Sovjet for Det Norske Teatret, ei kvardagsskildring frå det kommunistiske nybyggjarsamfunnet. I 1935 hadde ho regien på Maxim Gorkijs Jegor Bulytsjov og dei andre, som handla om det gamle Russlands undergang.
Sceniske verkemiddel
Som instruktør prøvde Mowinckel seg fram med ulike verkemiddel. Bruk av lys og skugge skapte variasjon og kontrastar, noko ho hadde lært i London og Paris, men som var nytt på norske teaterscener. Musikk og rørsle og scenedekor skulle understreke innhaldet i stykket og gi teksten liv. Ho var den første norske regissøren som bestilte scenemusikk frå samtidskomponistar, og ho gav kunstmålarar i oppdrag å lage scenedekorasjonar. Kai Fjell og Paul René Gauguin var mellom dei som leverte kunstnarleg utsmykking til oppsetjingane hennar.
For Mowinckel var detaljane avgjerande, det var dei som skapte truverde og heilskap – det hende at ho både teikna og sydde kostyma sjølv for å få dei akkurat slik ho ville. Ho la vekt på at skodespelarane ikkje måtte deklamere, men snakke lett og ledig, fordi tradisjonell deklamasjon stengte publikum ute og bremsa samspelet mellom skodespelarane. Lagarbeid var alfa og omega – eit av Mowinckels kjenneteikn som regissør var nettopp å få skodespelarane til å samarbeide. Enkeltprestasjonar vog lite, ensemblet var alt.
Mowinckels pågangsmot og evner som instruktør gjorde henne til ein nyskapar av norsk teaterkunst generelt, og Det Norske Teatret spesielt. Med skifte av repertoar og eksperimentering i uttrykksformer vekte ho nyfiken interesse hos byborgarar som tidlegare hadde trekt på skuldrene av nynorskteatret. Også riksmålsfolk hadde sans for det spennande, profesjonelle teateret ho var med og utvikla. Dei vart eit trufast publikum.
Kjelder
Kristian Elster: Teater 1929–1939. Oslo 1941
Lise Lyche: Norsk teaters mare. Oslo 1990
Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret 1913–1963. Oslo 1963
Kari Gaarder Losnedahl: «Agnes Mowinckel», oppdatert artikkel frå Norsk biografisk leksikon, snl.no, http://snl.no/.nbl_biografi/Agnes_Mowinckel/utdypning [lesedato 6.7.2012]
Peikarar

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 26.08.2019