Hopp til innhold
X
Innhald

Aina Basso

Aina Irene Basso, historikar med kvensk bakgrunn på farssida og forfattar av historiske romanar der unge kvinner er hovudpersonar, med handling frå 1600-, 1700- og 1800-talet.

Aina Basso er fødd 14. mai 1979 på Giske i Møre og Romsdal og er busett i Oslo. Ho er utdanna cand.mag. med historie og arkeologi ved NTNU i 2003, og ho tok mastergrad i historie ved NTNU i 2005 med ei oppgåve om blodskam på 1700-talet. Basso arbeidde som arkivkonsulent i Stiftelsen Asta i 2005–06 og var spesialkonsulent i Oslo byarkiv i 2006–09. Ho har vore frilansar sidan 2009 og har stadig oppdrag for Oslo byarkiv.

Basso debuterte med ungdomsromanen Ingen må vite (2008), som var basert på masteroppgåva hennar. Settinga er året 1734, og hovudpersonen Ingeborg blir forelska. Men temaet i romanen er òg seksuelle overgrep. I romanen Fange 59. Taterpige (2010) hamnar taterjenta Marie på tukthus i Trondheim då ho kjem bort frå familien sin. Utgangspunktet for forteljinga er ein historisk person. Ungdomsromanen Inn i elden kom i 2012. Denne boka handlar om hekseprosessane i Finnmark i 1620-åra, med dei unge kvinnene Elen og Dorothe i to parallelle historier. I Finne ly (2014) er handlinga lagt til midten av 1850-talet og  handlar om romanifolket, om fordommar og framandfrykt. Aina Basso skriv eit lyrisk, originalt og presist språk. Ho får sagt mykje gjennom ei stilsikker og ordknapp form. 

Utdrag frå Fange 59. Taterpige

Nidelva renn i ei blank slynge under åsen. Det er stjerneklart, nattelufta er rå. Kor er dei andre no? Ho såg dei sist på torget, dei nølte, berre nokre sekund, då vektarane viste seg. Mors hender, raske, pakka varene saman. Spring! Auga til søster, store som tinntallerkenar.

Dei hadde selt varer på dørene heile dagen. Fruene pruta, snudde og vende på tinga, drog på det. Ville ha det til at mor prøvde å lure dei, at varene var for dyre. Taterpakk, var det ei som sa, smelte døra att i andletet på dei.
      – Det er ingenting å bry seg om, sa mor, rask i smilet, skubba jentene vidare, banka på neste dør. – Fine varer! Tørkle, dukar, lekre broderi! Dei kom seg nok unna.

Ho får lite på at far har sørgt for at han og Johan sleppte trygt ifrå det denne gongen òg. Ho trekker knea inntil kroppen, finn tærne med hendene og varmar dei.

Utdrag frå Aina Basso: Fange 59. Taterpige. Det Norske Samlaget 2010. 

I 2016 kom hennar første sakprosabok for barn og unge om hekseprosessane i Finnmark. 

Basso var redaksjonsmedlem i Allkunne (2009–12) og har hatt sin eigen blogg sidan 2005, der ho skriv om litteratur og om det å vere forfattar. Ho har vore spaltist i Nationen frå 2009 og i Sunnmørsposten 2009–2012

Basso fekk Giske mållags målpris i 2008 og Alfred Andersson-Ryssts pris i 2014. I 2013 var Basso nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for boka Inn i elden. For den same boka blei ho nominert til Brageprisen og Kulturdepartementets barne- og ungdomslitteraturpris.

Kjelder

CV frå Aina Basso send på e-post 13.12.11

Nina Nordbø: «Aina Basso nominert til Nordisk råds nye pris», Bokbloggen NRK, publisert 29.5.2013, http://blogg.nrk.no/bok/2013/05/29/aina-basso-nominert-til-nordisk-rad-litteraturpris/ [lesedato 3.6.2013]

Peikarar

Bloggen til Aina Basso

Bokmelding, Bok i P2

Dei nominerte til  Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2013

Forfattarintervju på bloggen til Ingrid Svennevikg Hagen

Intervju om Fange 59.Taterpige i Sunnmørsposten

Samlaget sine nettsider om Aina Basso

Aina Basso får Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for 2014

Først publisert: 02.05.2012
Sist oppdatert: 08.11.2018