Hopp til innhold
X
Innhald

Albert Camus

Albert Camus (1913–1960), fransk-algerisk filosof, journalist og nobelprisvinnar i litteratur. Camus voks opp som fattig arbeidarklassegut i Alger, noko som forma både tenkinga og litteraturen hans.

Albert Camus var fødd 7. november 1913 i Mondovi (no Dréan) i Algerie og omkom i ei bilulykke 4. januar 1960 i Villeblevin i Frankrike. Faren døydde under første verdskrigen, og Camus voks opp saman med mora og broren i Algerie. I 1940 flytta han til Paris.

Camus melde seg til militærteneste då andre verdskrigen braut ut, men vart avvist på grunn av svak helse. I krigsåra gjorde han ferdig den første romanen sin, Den fremmede (1942), og det filosofiske essayet Myten om Sisyfos (1942). Han gjekk inn i den franske motstandsrørsla ved å arbeide for undergrunnsavisa Combat. Han var redaktør for avisa frå 1944 til 1947.

Ein sentral del av Camus si tenking skildrar dei grunnleggjande menneskelege erfaringane gjennom omgrepa «det absurde» og «opprør». Førestillinga om «det absurde» fangar motsetnaden mellom det menneskelege medvitet sitt forsøk på å skape orden og meining i livet, medan røyndomen er grunnleggjande meiningslaus. Omgrepet «opprør» peikar mot ei haldning, men òg mot aktiv handling.

I ekstreme former, gjennom terrorisme og ekstrem egoisme, tilbakeviser Camus opprøret. Men som ei haldning til det som undertrykkjer menneske, er opprøret nødvendig. Mykje på grunn av venskapen med Jean-Paul Sartre har Camus sitt filosofiske arbeid vorte rekna som ein del av eksistensfilosofien, men sjølv ønskte han ikkje å verte plassert i ein filosofisk bås.

Camus gjekk i etterkrigstida mot straumen i fransk akademia ved å kritisere marxismen og ikkje gi tilslutning til den algeriske frigjeringsørsla. Mange kommunistar såg på Camus som ein reaksjonær etter dette, og kritikken førte òg til at det nære bandet mellom Camus og Sartre vart brote.

I 1957 fekk Camus tildelt Nobels litteraturpris. I grunngivinga vart det lagt vekt på at han gjennom sin litterære produksjon på ein klar og ærleg måte makta å kaste lys over problema som det menneskeleg samvitet står overfor. I tillegg til utgivingane frå krigsåra står romanane Pesten (1947), Fallet (1956) og det filosofiske essayet Menneskets opprør (1951) sentralt i forfattarskapen.

 

Kjelder

Hall Bjørnstad: «Innledende essay», i Albert Camus: Myten om Sisyfos. Oslo 2002

Bente Christensen og Truls Olav Winther: «Albert Camus», snl.no: https://snl.no/Albert_Camus [lesedato 28.3.2019]

Edward J. Huges (red.): The Cambridge Companion to Camus. Cambridge 2007. Digital utgåve, cambridge.org: https://www.cambridge.org/core [lesedato 12.11.2018]

David Simpson: «Albert Camus (1913–1960)», biografi på Internet Encyclopedia of Philosophy, iep.utm.edu: https://www.iep.utm.edu/camus/ [lesedato 12.11.2018]

«Albert Camus, Biographical», i Horst Frenz (red.): Nobel Lectures in Literature 1901–1967. Amsterdam 1969. Digital utgåve, nobelprize.org: https://www.nobelprize.org/prizes/literature/1957/camus/biographical/ [lesedato 13.11.2018]

NobelPrize.org: «Albert Camus – Facts», nobelprize.org: https://www.nobelprize.org/prizes/literature/1957/camus/facts/ [lesedato 13.11.2018]

Først publisert: 24.04.2019
Sist oppdatert: 30.04.2019