Hopp til innhold
Foto: edupics.com
Foto: edupics.com
X
Innhald

Albert Einstein

Albert Einstein, fysikar. Einstein gav vesentlege bidrag til utviklinga av moderne fysikker, mest kjend er han for relativitetsteorien. Einstein fekk nobelprisen i fysikk i 1921.
Albert Einstein, 1879–1955, var tyskfødd sveitsisk-amerikanar. Han var fysikar og arbeidde som professor i Praha 1911 og i Zürich 1909–11 og 1912–14, i Berlin 1914–33 og deretter i USA (Princeton).
 
Einstein er mest kjend for relativitetsteorien, som han publiserte i to delar, høvesvis den spesielle (1905) og den generelle (1915). Teorien innebar ei radikal omvelting av vårt fysiske verdsbilete og av omgrepa tid og rom.
 
Einstein gav også andre, vesentlege bidrag til utviklinga av moderne fysikk gjennom fleire epokegjerande arbeid, blant anna innanfor kvantefysikk.
 
Einstein fekk nobelprisen i fysikk i 1921 for lova om den fotoelektriske effekten. 
 
Relativitetsteorien var basis for utviklinga av atombomba. I 1939 åtvara blant anna Einstein president Roosevelt om at tyskarane gjorde forsøk på å skaffe uran 235, som dei trengte for å lage bomba. Seinare ga Einstein sterkt uttrykk for si frykt for bruken av kjernevåpen, blant anna i Russel-Einstein-manifestet (1955). Dei siste tiåra av livet sitt arbeidde Einstein for å finne ein samla teori for dei kjende naturkreftene (The Theory of Everything), utan å lukkast. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 14.03.2019