Hopp til innhold
X
Innhald

Aleine saman – korona og kulturen

No er mange aleine, men me er det saman. Kva kan kunsten seie oss om denne spesielle tida vi er i?

Nynorsk kultursentrum, som mellom anna driv Allkunne, Hauge-senteret, Vinje-senteret og Aasen-tunet, har bede ulike skrivande, teiknande, syngande og forteljande kunstnarar og vitskapsfolk om å dele sine bidrag som kan seie noko særskild om denne rare tida. På nynorsk.no ligg no fleire bidrag ute og fleire skal det bli. 

Blant dei nye bidraga er eit dikt av den prisløna forfattaren Jon Fosse som aldri tidlegare er publisert og eit talkshow leia av Linda Eide og Marit Eikemo. Alt innhaldet finn du på nynorsk.no, YouTube-kanalen til Nynorsk kultursentrum og på sidene til Allkunne, Aasen-tunet, Vinje-senteret og Hauge-senteret i sosiale medium.

Les meir om nynorsk.no 

Her finn du oss på Facebook og Instagram:

Allkunne på Facebook og Instagram

Ivar Aasen-tunet på Facebook og Instagram

Vinje-senteret på Facebook og Instagram

Hauge-senteret på Facebook og Instagram

Først publisert: 27.03.2020
Sist oppdatert: 02.04.2020