Hopp til innhold
X
Innhald

Alkoholar

Alkoholar er ei gruppe organiske sambindingar. Alkohol blir brukt i rusdrikk, i frostvæske til fly og bilar, i medisinar og i kosmetiske produkt.

Alkohol er ikkje ei bestemt kjemisk sambinding, det er ei heil gruppe med organiske sambindingar. Stoffgruppa alkoholar blir danna av karbonatom, hydrogenatom og minst éi –OH-gruppe. Ei –OH-gruppe er rett og slett eit oksygenatom som er bunde til eit hydrogenatom, og i den andre enden er oksygenet bunde til eit karbonatom.

Alkohol er eit omgrep vi gjerne assosierer med øl og vin. Desse drikkane inneheld alkoholen etanol. Det finst mange ulike alkoholar, og mange av dei er giftige for oss. Ulike alkoholar som blir brukte i industrien, kan bli framstilte petrokjemisk, det vil seie at dei blir laga av råvarer frå petroleum.

Ved å bruke gjær til å omdanne sukker til alkohol får vi ein alkohol som blir brukt i alkoholhaldige drikkar (etanol). Denne prosessen blir kalla fermentering. Brennevin blir framstilt ved destillering. Årsaka til at ein bruker teknikken destillering, er at råvarene allereie har sukker i seg. Destillering er ein teknikk ein nyttar for å skilje ulike flytande stoff frå kvarandre.

Kjemien bak alkoholar

Karbonatoma i alkoholar heng saman i ei rekkje, der hydrogen og minst éi –OH-gruppe bind seg til dei ledige plassane. Ei –OH-gruppe blir danna når eit oksygenatom bind seg til eit hydrogenatom, og i den andre enden er oksygenet bunde til eit karbonatom. 

I eit alkoholmolekyl kan berre éi –OH-gruppe binde seg til eitt og same karbonatom. Alkoholmolekyl med få karbonatom i seg, til dømes etanol og metanol, er løyselege i vatn. Når kjeda av karbonatom aukar, og alkoholmolekylet blir meir samansett, minkar evna til å vere vassløyseleg. Evna til å løyse seg i vatn er òg avhengig av mengda av –OH-grupper i alkoholmolekylet. Di fleire –OH-grupper, di meir vassløyseleg er alkoholmolekylet.

Kokepunktet til dei ulike alkoholane varierer. To alkoholar som har like mange karbonatom, men ulik mengd av –OH-grupper, har ulikt kokepunkt. Kokepunktet på alkoholmolekylet stig når mengda av –OH-grupper aukar. Til dømes er kokepunktet for etandiol (glykol) 198 °C, medan kokepunktet for etanol er 78 °C.

Namngiving av alkoholar

Å setje namn på alkoholar går føre seg på same måten som når ein set namn på hydrokarbon (sjå figur 1). Talet på karbonatom bestemmer første stavinga i namnet. Er det eit karbon i molekylet, blir den første stavinga met- (tyder «éin»). Typen bindingar mellom karbonatoma avgjer andrestavinga: -an (enkelbinding), -en (dobbelbinding) og -yn (trippelbinding) (sjå figur 2).

Alkoholar har minst éi hydroksylgruppe, noko som gir siste stavinga -ol (sjå figur 3). Dersom det er to –OH-grupper, blir den siste stavinga –diol. Dersom det er tre –OH-grupper, blir siste stavinga -triol. Nokre døme på alkoholar er metanol, etanol, etandiol og propantriol (sjå figur 4).

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri

Du kan laste ned illustrasjonane og fritt bruke dei i skuleoppgåver og anna, mot å skrive kor du har henta dei frå. Krediter med: «Henta frå allkunne.no. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel og Trine Gravdal. Lisens: CC BY-ND». Last ned figur 1, figur 2, figur 3 og figur 4

Metanol

Metanol er den enklaste alkoholen vi har. Etanol har to karbonatom i seg, medan metanol har eitt. Etanol og metanol har like eigenskapar, mellom anna lukt, smak, kokepunkt og evna til å vere løyseleg. Det er vanskeleg å kjenne den stikkande lukta til metanol dersom alkoholen er blanda med andre væsker.

Metanol er ein alkoholtype vi bruker til løysemiddel, i enkelte bilprodukt og som innhald i kopieringsvæsker, men det er svært farleg å drikke metanol. Fordi metanol liknar etanol, som er den alkoholen vi drikk, hender det at vi kan forveksle dei.

Metanol blir kalla tresprit og er giftig for oss. Sjølv små mengder med metanol kan gjere stor skade på synsnerven vår. I større mengder kan metanol vere dødeleg. Kvart år skjer det metanolforgiftingar i Noreg. Når ein drikk metanol, blir det danna svært giftige stoff i kroppen. Berre 30 gram med metanol kan ta livet av eit vakse menneske, og 7 gram metanol kan gjere deg blind.

Eit glas med alkoholhaldig drikke. Foto: Pexels, pixabay.com, fri bruk

Eit glas med alkoholhaldig drikke. Ved å bruke gjær til å omdanne sukker til alkohol får vi ein alkohol som blir brukt i alkoholhaldige drikkar (etanol). Foto: Pexels, pixabay.com, fri bruk.

Etanol

Etanol er den alkoholen vi til dagleg omtaler som alkohol. Etanol kan blandast med vatn og kan løyse opp stoff som ikkje er løyselege i vatn. Det er vanleg å bruke etanol som løysemiddel i mellom anna deodorantar, etterbarberingsvatn, tusjar og lim.

Etanol gir mykje energi når han brenn, og difor kan ein bruke etanol som drivstoff til bilar. –OH-gruppa gjer at alkoholane har eit høgare kokepunkt enn tilsvarande alkan (hydrokarbon). Både metanol og etanol er løyselege i vatn. Di fleire karbonatom ein alkohol har, di mindre løyseleg er han i vatn.

Andre alkoholar 

Det finst alkoholar med meir enn éi –OH-gruppe i molekylet. Etandiol (di tyder «to») er ein alkohol med to –OH-grupper i seg. Eit anna namn på etandiol er glykol, og denne alkoholen er giftig. Ved å tilsetje etandiol i vatn, frys ikkje blandinga så lett til is, sjølv om det er under 0 °C. Blandar ein like delar med vatn og etandiol, frys ikkje vatnet før ved –35 °C.

Etandiol blir brukt som frostvæske både til bilar og fly. Propantriol (tri tyder «tre») er ei seig væske som blir kalla glyserol eller glyserin. Ho er ikkje giftig, og ho smaker søtt. Sidan glyserin har ein vassbindande og fuktgivande effekt, blir han brukt i produksjon av hudkremar. Glyserin eignar seg godt som bindemiddel i godteri og i medisinar.

Kjelder

Erik Steineger og Andreas Wahl: Nova 10. Naturfag for ungdomstrinnet. Oslo 2015

Hanne S. Finstad og Jørgen Kolderup: Trigger 10. Oslo 2008

Merete Hannisdal og Vivi Ringnes: Kjemi for lærere. Naturfag i grunnskolelærerutdanningen, 2. utg. Oslo 2013 

Helsenorge: «Metanol (tresprit)», helsenorge.no, sist oppdatert 1.2.2018: https://helsenorge.no/Giftinformasjon/Produkter-og-kjemikalier/metanol-tresprit [lesedato 2.6.2019]

Promille: «Fakta om alkohol (etanol)», promille.no: https://www.promille.no/fakta_om_alkohol/ [lesedato 2.7.2019]

Universitetet i Oslo, Institutt for biovitskap: «Alkohol», mn.uio.no, sist oppdatert 24.2.2018: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/a/alkohol.html [lesedato 20.4.2019]

Vinmonopolet: «Slik lages brennevin. Kort forklart», vinmonopolet.no: https://www.vinmonopolet.no/slik-lages-brennevin [lesedato 2.7.2019]

Peikarar

Illustrert Vitenskap: «Hvorfor kjører ikke bilene på alkohol?», illvit.no https://illvit.no/transport/biler/hvorfor-kjorer-ikke-bilene-pa-alkohol

Niklas Aune Johnsen og Malin Nygård Solberg: «Overlege: – Kan aldri være sikker på at spriten inneholder ren etanol», nrk.no https://www.nrk.no/nordland/overlege_-_-kan-aldri-vaere-sikker-pa-at-spriten-inneholder-ren-etanol-1.13897197

UngEnergi: «Biodrivstoff», ungenergi.no http://ungenergi.no/energikilder/bioenergi/biodrivstoff/

Først publisert: 18.11.2019
Sist oppdatert: 28.11.2019