Hopp til innhold
X
Innhald

Allkunne nominert til Språkprisen

Det digitale oppslagsverket Allkunne er nominert til Språkprisen 2019 og står på juryen si kortliste saman med tre andre gode kandidatar. Prisen blir delt ut i Bergen 20. november.

– Det er utruleg stas at språkarbeidet vi gjer i Allkunne, blir lagt merke til, seier redaktør i Allkunne Stina Aasen Lødemel.

Språkprisen blir delt ut av Språkrådet og er ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Føremålet med prisen er å syne fram det gode sakprosaspråket og styrkje norsk språk. Prisen blir delt ut årleg og går annakvart år til sakprosa på bokmål og nynorsk.

Allkunne er eit digitalt oppslagsverk på nynorsk og er ein del av Nynorsk kultursentrum.

– Som leksikon jobbar vi med kvalitetssikring kvar dag. For oss heng innhald og språk tett saman. Godt språk og interessevekkjande formidling av innhaldet står sentralt i arbeidet vårt, seier Lødemel.

–  Dette er ein pris som heng høgt, og det er første gong eit leksikon er nominert, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Dei andre nominerte er Kristin Fridtun, Are Kalvø og firebandsverket Norsk språkhistorie.

Leksikon på nynorsk

Innhaldet på allkunne.no blir skrive av godkjende forfattarar, vurdert av ein tverrfagleg redaksjon og profesjonelt språkvaska før publisering.

– Alle som jobbar med innhald og språk for Allkunne, deler heideren for at vi er nominerte til Språkprisen, seier Lødemel.

Det at flest mogleg får lese god nynorsk, er viktig også for å styrkje skriftspråket i samfunnet. I arbeidet med artiklane til Allkunne er vi med på å utvikle fagterminologi og eit nynorsk omgrepsapparat til å omtale verda slik ho er i heile sitt mangfald. For forfattarane er det òg viktig at det finst leksikonartiklar på nynorsk. Allkunne gir fagfolk som nyttar nynorsk, ei plattform der dei kan nytte språket sitt til forsking og formidling innanfor sine fagområde.

Eit redigert og kvalitetssikra leksikon på nynorsk er viktig av mange grunnar. For det første gjer det verda tilgjengeleg på nynorsk: Det er viktig at folk finn kvalitetsinnhald på sitt eige språk om alle slags emne. For det andre dokumenterer Allkunne nynorsk kulturhistorie systematisk: Nynorskbrukarar må kunne finne opplysningar på sitt eige språk og kunne kjenne att si eiga omgrepsverd, sin eigen kulturelle kvardag og si eiga kulturhistorie, seier Lødemel.

Nynorsk kultursentrum driv fleire digitale tenester, mellom anna allkunne.no og tunkatten.no.

– Vi veit at di fleire som opplever godt innhald på nynorsk, di fleire blir trygge på og glade i språket. Slik kan vi styrkje den språklege og kulturelle sjølvtilliten til både unge og eldre nynorskbrukarar, avsluttar Sandsmark.

For meir informasjon

Redaktør Stina Aasen Lødemel, tlf. 70 04 75 95 eller 93 67 15 11

Direktør Per Magnus F. Sandsmark, tlf. 70 04 75 75 eller 90 81 21 96


Les grunngivinga frå juryen på Språkrådet sin nettstad

Først publisert: 28.10.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019