Hopp til innhold
X
Innhald

Aluminium

Aluminium er eit grunnstoff som er lett i vekt og treng lite vedlikehald. Det blir mellom anna brukt som konstruksjonsmateriale i bilar, båtar og bygningar.

Aluminium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Al og atomnummer 13, det vil seie 13 proton og nøytron i kjernen. Aluminium har 13 elektron som svirrar rundt kjernen, fordelte på 3 skal. Namnet kjem frå alun, aluminiumkaliumsulfat. På latin heiter det alumen. Ein trur at alumen stammar frå det greske ordet alydimos, som tyder 'bitter'. Alun er nemleg eit bittert stoff som lenge blei brukt til å stoppe blødingar.

Jordskorpa inneheld 8 prosent aluminium. I periodesystemet er aluminium plassert i gruppa metall. Det er eit lett og sterkt metall, og det er lett å forme. Aluminium dannar eit vernande oksidbelegg på overflata, og dette belegget hindrar metallet i å korrodere. Difor har aluminium mange ulike bruksområde.

På 1800-talet var aluminium litt meir eksklusivt, og det var dyrare enn gull. På verdsutstillinga i Paris i 1855 blei metallet vist fram som ein sensasjon. Keisar Napoleon 3. fekk eit servise laga av aluminium i gåve. Han brukte serviset til spesielle gjester, medan dei andre måtte nøye seg med å ete frå gullfat. I dag bruker vi aluminium til dømes til å lage boksar til kolsyrehaldige drikkar og til bildelar, og T-banevognene i Oslo er òg bygde i aluminium. Elles blir aluminium brukt til mellom anna bilfelgar, støytfangarar og sikringsbøylar, og som konstruksjonsmateriale i bilar, båtar og bygningar. Sidan aluminium er både lett og sterkt, eignar det seg særleg godt til bygging av båtar. Mange båtbyggjeri bruker aluminium, mellom anna fordi det er brannsikkert, noko som aukar tryggleiken for mannskap og passasjerar. Ein annan fordel med aluminium er at han er lett å vedlikehalde.

Aluminium er perfekt til oppbevaring av mat. Du har sikkert høyrt om aluminiumsfolie? Verken smak, aroma eller lys slepp igjennom folien, og derfor eignar han seg godt til å oppbevare mat. Han gjer også at maten held seg varm. Aluminiumsfolie har låg vekt og er derfor lett å transportere eller ta med seg. Ulempa er at vi kastar aluminiumsfolien i søppelet etterpå, og då blir ikkje aluminiumet resirkulert.

Noreg har i løpet av 80 år utvikla seg til den største aluminiumsprodusenten i verda. Produksjonen er basert på dei store vasskraftressursane vi har i Noreg. Det første aluminiumsverket blei etablert i Stongfjorden i Sunnfjord i 1906. I 1963 bestemte Norsk Hydro seg for å gå inn i norsk aluminiumsindustri.

Aluminium har den fordelen at det kan smeltast om og såleis er lett å resirkulere. Det krev lite tilført energi for å smelte metallet. Av all aluminium som er blitt produsert, er framleis 75 prosent framleis i bruk.

Kjelder

Norsk Hydro: «Livssyklusen til aluminium», hydro.com, sist oppdatert 27.2.2019: https://www.hydro.com/no-NO/om-aluminium/livssyklusen-til-aluminium/ [lesedato 15.4.2019]

Norsk Hydro: «Fakta om aluminium», hydro.com: https://www.hydro.com/no-NO/om-aluminium/fakta-om-aluminium/ [lesedato 15.4.2019]

Norsk Industri: «Om Aluminiumsbransjen», norskindustri.no: https://www.norskindustri.no/bransjer/aluminium/om-aluminiumsbransjen/ [lesedato 5.3.2019]

Universitetet i Oslo: «Periodesystemet. 13, Al, aluminium», periodesystemet.no: https://www.periodesystemet.no/grunnstoffer/aluminium/ [lesedato 15.4.2019]

 

Peikarar

Forskerfabrikken: «Hvordan lages aluminium?», youtube.com

NDLA: «Framstilling av aluminium», ndla.no

NRK: «Kolbubåt Colin Archer-skøyte i aluminium», nrk.no

Først publisert: 20.05.2019
Sist oppdatert: 28.05.2019