Faktaboks

Ambrosia Tønnesen

Ambrosia Theodora Tønnesen

Fødd
28. januar 1859, Ålesund, Møre og Romsdal
Død
21. januar 1948, Fana (nå Bergen), Vestland
Verke
Billedhugger
Familie

Foreldre: Skipsfører Abraham Tønnesen (1818–68) og Thomine Jonasen (1820–1909).

Samboer med Mary Banks.

Ambrosia Tønnesen
Ambrosia Tønnesen fotografert på 85-årsdagen sin 28. januar 1944.
Av .

Ambrosia Tønnesen var ein norsk bilethoggar, den første profesjonelle kvinnelege skulptøren i Noreg. Ho var ei moderne og ambisiøs kvinne for si tid, med eit uvanleg yrkesval og med kunstnarleg suksess.

Dei konvensjonelle skulpturane hennar står mellom den nyklassiske tradisjonen og realismen. Portretta hennar vitnar om eit blikk for karakteristiske trekk hos modellen, men utan at det idealiserte tek overhand.

Bakgrunn

Ambrosia Tønnesen var fødd i Ålesund. Etter konfirmasjonen flytta ho til Bergen og fekk arbeid som lærar i almugeskulen. I 1884, etter fire år med kveldstimar i teikning og modellering, debuterte ho som målarkunstnar i Bergens Kunstforening.

I 1885 følgde ho undervisninga til den norske skulptøren Stephan Sinding i København, noko som opna interessa for bilethogging. Same året vart Tønnesen privatelev hos professor Albert Wolff i Berlin. I 1887 flytta ho til Paris, der ho lærte å hogge i marmor i atelieret til realisten René de Saint-Marceaux.

I 1910 flytte Tønnesen attende til Bergen, der ho heldt fram som bilethoggar resten av livet. Ho var den første profesjonelle kvinnelege skulptøren i Noreg.

Hovudverk

Bronseskulpturane av J.C. Dahl (1902, Permanenten, Bergen) og Ole Bull (1897–1904, Den Nationale Scene, Bergen) er blant hovudverka. Andre verk er byster av Amalie Skram og Christian Børs i Bergens offentlege bibliotek, Edvard Grieg i Grieghallen, Christian Michelsen, Wollert Konow (S.B.) og fleire. På Vår Frelsers gravlund i Oslo står bysta av Gina Krog.

Utmerkingar

I 1903 oppnådde Ambrosia Tønnesen Mention honorable på Salongen i Paris, i tillegg til at ho fekk Kong Oskar 2s Pro literis et atribus for skulpturen av J.C. Dahl. Året etter fekk ho ordenen Palmes d'Officier d'Académie av den franske staten. I 1939 fekk ho tildelt Kong Haakon 7s fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hysing-Dahl, C. (2007). Billedhuggeren Ambrosia Tønnesen. Bergen: Skrifter / Bergens historiske forening
  • Veiteberg, J. (2009). Ambrosia Tønnesen : "Stenhugger i det fine" : ein biografi. Oslo: PAX
  • Wiborg, T. (1982). «Med hammer og meisel – Ambrosia Tønnesen, Noregs første profesjonelle billedhugger», i Vogt, K., red.: Den skjulte tradisjon. Skapende kvinner i kulturhistorien. Oslo: Sigma

Faktaboks

Ambrosia Tønnesen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052329001931

Kommentarar (3)

skreiv Tora Saue

Jeg har sendt en rettelse til artikkelen om Ambrosia Tønnesen. Det gjelder plasseringen av hennes statue av J.C.Dahl.Den er over inngangen til Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum - se www.bergenartmuseum.no.Bergen Billedgalleri holdt til i dette bygget til 1935 da de flyttet til egen bygning, nå Bergen Kunstmuseum, se www.kunstmuseene.no. Men det er altså ikke der statuen befinner seg!

svarte Øyvind Reisegg

Da skulle det være i orden.Øyvind Reisegg

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg