Hopp til innhold
X
Innhald

Angela Hagen

Angela Hagen, forfattar som skriv lågmælt og likefram om allmenne livserfaringar, der handlinga ofte er lokalisert til Romsdalen.

Angela Hagen er fødd 29. august 1970 i Montreal i Canada, men voks frå 1973 opp i Torvik ved Åndalsnes. Etter vidaregåande skule i 1990 budde ho nokre år i Stavanger, og frå 2003 i Holmestrand. Ho studerte mediefag ved høgskulen i Volda i 2002–05 og har arbeidd som frilansjournalist i Vestfold. Frå 2010 er ho busett i Molde. Der er ho er stabssjef i fylkeskommunen og har arbeidd for å styrkje lokale kunstnarar og få i gang kreative arbeidsplassar.

Ho debuterte som forfattar med novellesamlinga Mørk bil bak ( 2011). Historiene handlar om vanlege menneske som midt i dagleglivet opplever at alt vert endra. Dramatikken ligg ikkje på det ytre planet, men i augneblinkar av innsikt i sosialt samspel. Rama om forteljingane er miljø og stader i Romsdalen.

I 2015 kom ho med den andre boka si, romanen Oljeregnbuer. Forteljinga har innslag frå forfattaren sitt liv. Hovudpersonane veks opp på toppen av ein bensinstasjon på Åndalsnes, nett som forfattaren gjorde. No bur hovudpersonen i Holmestrand, der også Hagen budde nokre år, men kjem attende til Romsdalen for å vere med på i ein leiteaksjon etter bror sin. Eit underliggande tema er moderne uro, personifisert i to vener, der den eine tek ut rastløysa i rus, den andre i fjellklatring.

Hagen har òg skrive drama. I 2006 vann ho eit stipend til fremjing av norsk barnelitteratur med dramaet Hundedagane. Stykket vart sett opp ved Barneteateret Vårt i Ålesund i 2012. I Molde har ho vore leiar for instruktørgruppa ved Poppeloppeteateret.

Hagen skriv både på nynorsk og bokmål. Novellesamlinga kom på dialektnær nynorsk, romanen på bokmål.

 

Kjelder

E‑post frå Angela Hagen 6.1. og 17.1.2019


Tone Finsrude: «Skriver om de rare øyeblikkene», tb.no, publisert 18.10.2011: https://www.tb.no/bok/kultur/skriver-om-de-rare-oyeblikkene/s/2-2.516-1.6557497 [lesedato 10.1.2019]

Mette Karlsvik: «Dei framande orda», forfatterforeningen.no, publisert 17.2.2016: https://www.forfatterforeningen.no/artikkel/dei-framande-orda [lesedato 10.1.2019]

 

Peikarar

Merete Bratsberg Aae: «Mørk bil bak, forfatter, svele og et damekor», sogeland.blogspot.com, publisert 15.5.2012

Merete Bratsberg Aae: «Jeg leser 'Oljeregnbuer' av Angela Hagen», sogeland.blogspot.com, publisert 6.9.2015

Svein Bjørnerem: «Premiereklar med 'Hundedagane'», rbnett.no, publisert 14.3.2012

Først publisert: 15.05.2019
Sist oppdatert: 20.05.2019