Hopp til innhold
Anna Rogstad, første kvinne på på Stortinget, datert 19. mars 1911. Foto Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY
Anna Rogstad, første kvinne på på Stortinget, datert 19. mars 1911. Foto Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY
X
Innhald

Anna Rogstad

Anna G. Rogstad var lærarinne og politikar, engasjert i utdanning og stemmerett for kvinner. Ho var den første norske kvinna på Stortinget – i 1911.

Anna Rogstad var fødd 26. juli 1854 på Nordre Land i Oppland og døydde 8. november 1938 i Oslo. 17 år gamal byrja ho å undervise på ein privatskule for gutar i Trondheim. I 1873 tok ho «lærerindeprøve av høiere grad», og som nittenåring fekk ho stilling ved Trondhjems guttebetalingsskole. I 1877 flytta ho til Kristiania. Der budde ho saman med systera si, som òg var lærarinne. Dei var begge ugifte. Fram til 1900 underviste ho i 1–7. klasse ved Møllergata skole, Sagene skole og Grünerløkka skole.
Rogstad var sentral i kvinnerørsla som voks fram i 1880-åra. Særleg engasjerte ho seg sterkt i samfunnsspørsmål som utdanning for kvinner, betre arbeidsvilkår for lærarinner og stemmerett for kvinner. Ho var ein av initiativtakarane til skipinga av Norsk Kvinnesaksforening i 1884, den første foreininga av sitt slag i Noreg. Ho var òg med og skipa Norsk Kvinnestemmerettsforening i 1885, der ho var nestleiar i mange år (1885–97 og 1902–13).
I 1911 vart Rogstad den første norske kvinna på Stortinget, etter at ein i 1907 hadde vedteke avgrensa stemmerett for kvinner ved stortingsval. Rogstad stilte til val som representant for Frisinnede Venstre, eit parti ho sjølv hadde vore med på å skipe, på fellesliste med Høgre frå Gamle Aker krets i Kristiania, og ho vart vald inn som vararepresentant for høgreleiaren Jens Bratlie.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Anna Rogstad på Stortinget , datert 19.3.1911. Foto Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY
Anna Rogstad på Stortinget , datert 19.3.1911. Foto Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY
Skulesak
I 1883 vart Rogstad med i Kristiania Lærerinneforening, der ho var leiar i 32 år, frå 1889 til 1921. Gjennom foreininga var Rogstad ein aktiv deltakar i debatten om utdanning for kvinner i 1880-åra, og særleg var ho oppteken av lærarinneutdanninga, som ho meinte var altfor dårleg. Ho arbeidde òg for likeløn og for at kvinner skulle få rett til å søkje overordna stillingar i skuleverket.
Rogstad var med og skipa Norges Lærerforening i 1892 og sat som nestleiar i styret fram til 1907. I 1898 hadde foreininga på initiativ frå Rogstad vedteke at styret skulle ha like mange kvinner som menn. Då landsmøtet i 1911 i staden vedtok at kvinner og menn skulle vere representerte i styret i forhold til medlemstalet (det var færre kvinnelege enn mannlege medlemer), trekte Rogstad seg ut av foreininga i protest, saman med ei rekkje andre lærarinner. I staden etablerte dei Norges Lærerinneforbund i 1912, der Rogstad var formann dei neste sju åra. Ho var òg medlem av Kristiania skolestyre i 22 år, i perioden 1894–1916.
Anna Rogstad måla av Eyolf Soot i 1914. Foto: arbeiderpartiet, Flickr.com CC BY-NDnna Rogstad m�la av Eyolf Soot i 1914. Foto: arbeiderpartiet, Flickr.com CC BY-ND
 
Engasjert lærarinne
Utover det vanlege arbeidet sitt som lærarinne byrja Rogstad i 1899 å gi frivillig kveldsundervisning for jenter som var ferdige i 7. klasse. I 1900 tok ho initiativet til etableringa av Christiania kommunale fortsettelsesskole for piker, som vart overteken av Oslo kommune i 1909 og brukt som modell for utviklinga av den obligatoriske framhaldsskulen. Rogstad var styrar ved skulen i perioden 1909–23.
Rogstad var rekna som ein dugande pedagog, og ho heldt foredrag om undervisningsmetodar. Ho gav ut metodebøker, lærebøker, ei ABC-bok som kom i fleire opplag, og biografiar for ungdom.
Sentral stemmerettsforkjempar
Som medlem av Norsk Kvinnestemmerettsforening kjempa Rogstad for stemmerett for kvinner på like vilkår som menn, ein tanke som for mange i samtida var radikal. Ho meinte at det var urettferdig at kvinner ikkje skulle få stemme på grunn av kjønn, samstundes som det var til skade for samfunnsutviklinga at kvinner ikkje hadde høve til å vere med i politikken. Saman med andre medlemer i stemmerettsforeininga reiste Rogstad rundt i landet for å spreie kunnskap og engasjement for saka.
Etter fleire års arbeid for ei grunnlovsendring, men utan resultat, gjekk Rogstad i spissen for at kvinnestemmerettsforeininga skulle endre taktikk og heller prøve ei meir forsiktig tilnærming. Ho gjekk no i staden inn for ei gradvis innføring av stemmerett for kvinner, og i 1897 leverte ho saman med fleirtalet i foreininga forslag til avgrensa stemmerett for kvinner ved kommuneval. Forslaget vart aldri behandla, men det var denne stegvise tilnærminga som til slutt skulle føre til allmenn stemmerett for kvinner i 1913.
Rogstad var òg svært sentral i utforminga av forslaget om avgrensa stemmerett for kvinner ved stortingsval, innført i 1907 – som gjorde at ho sjølv kunne stille til val i 1909.
Første kvinne på Stortinget
«Denne dag, den 17de mars 1911, vil bli en merkedag i vort lands historie, fordi det idag er første gang, en kvinde fremmøter her i Stortinget som en av dets repræsentanter – en begivenhet, som utvilsomt vil vække opmerksomhet viden om.» Slik byrja Stortingspresidenten talen sin då Rogstad møtte på Stortinget første gongen.
Rogstad var vararepresentant i korte periodar i 1911, men då Bratlie i februar 1912 vart statsminister før Høgre og Frisinnede Venstre, møtte Rogstad som representant for resten av perioden. Først var ho medlem av kyrkjekomiteen og seinare av næringskomiteen. I tillegg til utdanningsspørsmål engasjerte Rogstad seg i helse- og omsorgssaker, forsvarsspørsmål og arbeidslivssaker, og ho sette søkjelys på kvinna sin posisjon i det norske samfunnet på ulike felt. Av dei mannlege kollegaene sine på Stortinget vart ho sedd på som særs dugande, og ho var på såleis med på å skape eit meir positivt syn på allmenn stemmerett for kvinner.
Kjelder
Anne Gamme: «Mandstemmer har vi saa evigt nok af fra før». Perspektiver på stemmerettsdebatt for kvinner i Norge i perioden 1898–1913. Hovudfagsoppgåve i historie, Universitetet i Oslo 2001
Gro Hagemann: Skolefolk. Lærernes historie i Norge. Oslo 1992
Stortingspresidentens tale, Stortingstidende 700, 1911
Særtrykk om Anna Rogstad, utgitt av Norsk Kvinnesaksforening: http://www.stemmerett.no/tema/personene/rogstad.pdf [lesedato 13.2.2013]
«Anna Rogstad – første kvinne på Stortinget i 1911», stortinget.no, sist oppdatert 15.2.2011: http://www.stortinget.no/no/Stortinget-og-demokratiet/Historikk/Historiske-biografier/Anna-Rogstad/ [lesedato 13.2.2013]
Peikarar

Først publisert: 09.12.2013
Sist oppdatert: 29.08.2017