Hopp til innhold
Anne Bolette Holsen. Kredit: Nasjonalbiblioteket (No known copyright restrictions/ public domain)
Anne Bolette Holsen. Kredit: Nasjonalbiblioteket (No known copyright restrictions/ public domain)
X
Innhald

Anne Holsen

Anne Bolette Holsen var kvinnesakskvinne, lærar og pedagogisk pioner innanfor det norske skuleverket.

Anne Holsen var fødd 26. juli 1856 i Bergen og døydde 1. juni 1913 i Kristiania. Ho utdanna seg til lærar i Bergen, først gjennom privatundervisning og deretter eit toårig lærarkurs for kvinner. Etter ei tid som guvernante i Sogn byrja ho i 1879 å arbeide ved Sofienberg folkeskole i Kristiania. Som lærar engasjerte Holsen seg sterkt for ei fornying av det pedagogiske innhaldet i skulen og for etablering av kommunale framhaldsskular i Noreg.
 
Holsen var sentral i kvinnerørsla som voks fram i 1880-åra. Særleg engasjerte ho seg i samfunnsspørsmål, mellom anna utdanning, betre arbeidsvilkår for kvinnelege lærarar og stemmerett for kvinner. Ho var ein av initiativtakarane til etableringa av Norsk Kvinnesaksforening i 1884, den første foreininga av sitt slag i Noreg. Og då Kvinnestemmerettsforeningen blei skipa i 1885, var det nettopp heime hos Holsen det skjedde. Holsen var leiar i foreininga i over 15 år, i perioden 1897–1913.
 
Saman med kvinnesakskvinna Anna Rogstad, som Holsen arbeidde tett saman med gjennom heile livet, har ho mykje av æra for at norske kvinner fekk avgrensa stemmerett ved stortingsval allereie i 1907. Likevel fekk Holsen sjølv aldri oppleve at allmenn stemmerett for kvinner blei ein realitet i 1913, ettersom ho døydde kort tid før det endelege vedtaket i Stortinget.

Framsynt pedagog
Saman med andre kvinnelege lærarar og kvinnesakskvinner som Anna Rogstad og Ragna Nielsen var Holsen ei føregangskvinne innanfor det pedagogiske reformarbeidet i skulen. Dei delte ikkje eit felles og heilskapleg pedagogisk syn, men i sentrum for arbeidet deira stod tanken om enkelteleven sine behov og personlege utvikling som premiss for læring. Det blei difor lagt stor vekt på at skulen hadde ei oppdragande rolle i tillegg til det reint faglege.
 
Holsen arbeidde aktivt for at jenter skulle få betre høve til utdanning. Eit av dei viktigaste bidraga hennar var å etablere landet sin første «forsettelsesskole for unge piger» på Grünerløkka i Kristiania i 1900, saman med Anna Rogstad og Gøthilde Næss. Skulen blei i 1909 overteken av Kristiania kommune og blei nytta som modell for dei kommunale framhaldsskulane som blei oppretta i andre norske byar. Dette skuleslaget var meint som ei allmenndannande, praktisk-teoretisk utdanning utover den sjuårige folkeskulen og var eit alternativ for dei som ikkje søkte seg mot universitetsstudium.
 
Holsen var medlem av fleire komitear til revisjon av leseplanane i skulen. Ho var medlem av Kristiania skoleråd og vararepresentant til skulestyret i byen.
 
Betre vilkår for lærarinner
Heilt sidan ho var nyutdanna, engasjerte Holsen seg for dei faglege og økonomiske vilkåra for kvinnelege lærarar. Saman med Anna Rogstad vekte ho Kristiania Lærerinneforening (etablert allereie i 1866) til live igjen. Som nestleiar i foreininga gjennom 24 år (1890–1913) var Holsen med på å setje utdanning for kvinner og lønn for lærarar på dagsordenen. Mellom anna kjempa foreininga aktivt for at dei statlege lærarskulane skulle opnast for kvinnelege studentar, noko som òg blei ein realitet i 1890. Ei anna viktig sak var å endre vedtektene for skulane i Kristiania, slik at kvinnelege lærarar kunne søkje overlærarstillingar.
 
Holsen var òg sentral i skipinga av Norges Lærerinneforbund i 1912. Bakgrunnen for etableringa var usemje kring kvinneleg representasjon i Norges Lærerforening, der Holsen saman med Anna Rogstad og ei rekkje andre kvinnelege lærarar melde seg ut i protest og etablerte si eiga foreining.
 
Kampen om stemmeretten
Då Kvinnestemmerettsforeningen i slutten av 1890-åra framleis ikkje hadde nådd fram med kravet om kvinneleg stemmerett på lik linje med menn, skapte det splid blant medlemene. Holsen høyrde til fleirtalet i foreininga, som meinte at det no var på tide å forlate den prinsipielle likestillingslinja til fordel for ei meir forsiktig og skrittvis tilnærming til saka. Fleirtalet fremja difor eit forslag til Stortinget om avgrensa stemmerett for kvinner ved kommuneval, og den radikale Gina Krog blei kasta som leiar. Holsen blei vald til ny leiar.
 
På det aller første landsmøtet for kvinnesak i Bergen i 1898 sa Holsen i ein tale: «Hvis de, der har magten, siger, det er retfærdig, at kvinderne faar stemmeret, men det er uklogt at slippe alle til med en gang; saa er det vel det klogeste af os at tage dem paa ordet og sige; nu vel, vis at det er alvor; kan I ikke slippe alle ind med en gang, saa sæt en vis census for kvinder, men slip ialdefald nogen ind straks, desto fortere kan de andre komme efter.» Dette meinte ho var den sikraste og raskaste måten å nå fram til det endelege målet på.
 
Då den første store sigeren i saka kom i 1901, nettopp ved at kvinner fekk avgrensa kommunal stemmerett, stilte Kvinnestemmerettsforeningen eiga liste, og Holsen blei vald inn i bystyret i Kristiania. Som leiar i Kvinnestemmerettsforeningen spela Holsen vidare òg ei nøkkelrolle når det galdt å få igjennom vedtaka om avgrensa stemmerett for kvinner ved stortingsvalet i 1907 og stemmerett på lik linje med menn i 1913.
 
Kjelder
Anna Caspari Agerholt: Den norske kvinnebevegelsens historie. Oslo 1937
Anne Gamme: «Mandsstemmer har vi saa evigt nok af fra før». Perspektiver på stemmerettsdebatt for kvinner i Norge 1898–1913, hovudfagsoppgåve. Universitetet i Oslo 2001
Ida Blom og Sølvi Sogner (red.): Med kjønnsperspektiv på norsk historie. Fra vikingtid til 2000-årsskiftet. Oslo 1999
Hilde Danielsen, Erinn Larsen og Ingeborg W. Owesen: Norsk likestillingshistorie 1814–2013. Bergen 2013
Gro Hagemann: Skolefolk. Lærernes historie i Norge. Oslo 1992
Aslaug Moksnes: Likestilling eller særstilling? Norsk Kvinnesaksforening 1884–1913. Oslo 1984

Først publisert: 05.01.2015
Sist oppdatert: 22.09.2017