Faktaboks

Anne Karin Elstad
Fødd
19. januar 1938, Valsøyfjord
Død
4. april 2012, Oslo
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Gårdbruker Johan Hestnes (1897–1980) og Jenny Roaldset (1900–50).

Gift 1) 1961 med adjunkt Bjørn Elstad (1935–), ekteskapet oppløst 1978; 2) 1981 med lektor Birger Elde (1936–), ekteskapet oppløst 1991.

Anne Karin Elstad, 1976
/Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Anne Karin Elstad

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Anne Karin Elstad var ein norsk forfattar. Elstad var ein av dei mest lesne norske forfattarane i si samtid. Elstad skapte seg eit namn med romansyklusane om folket på Innhaug og om Julie. Her skriv ho om kvinner som vågar å utfordre eit mannsdominert samfunn.

Elstad nådde aldri nokon solid posisjon i det litterære Noreg. Dialektfarga språk og skildringar av tradisjonelle bygdemiljø gjer at litteraturen hennar i litteraturhistoria ofte har vorte nedvurdert til triviallitteratur og heimstaddikting. Likevel har Elstad sidan debuten i 1976 vore ein av dei mest lesne forfattarane i Noreg.

Allereie med debutromanen i 1976 opplevde Elstad salssuksess. Sidan er romanane hennar komne ut i store opplag, og ho har selt to millionar bøker berre i Noreg. Dei er mellom anna omsette til tysk, dansk og svensk.

Bakgrunn

Anne Karin Elstad var fødd i ValsøyfjordNordmøre. Etter eit år ved Romerike folkehøgskule (1955–1956) gjekk ho på lærarhøgskulen i Levanger (1959–1963). Ho arbeidde som lærar i Levanger frå 1963 til 1978. I 1978 vart ho forfattar på heiltid.

Forfattarskap

Elstad debuterte som forfattar med romanen Folket på Innhaug i 1976. I romansyklusen på fire bøker om Innhaug-folket (1976–1980) har ho lagt handlinga til fattige bygdemiljø på 1800-talet. I 1980-åra skreiv Elstad samtidsromanar om frigjering og kvinnekamp i Noreg, og i dei fire romanane om Julie (1993–2000) tematiserer Elstad kvinna si rolle i eit mannsdominert samfunn på nytt.

Folket på Innhaug

Aschehoug forlag.

Då Anne Karin Elstad debuterte med romanen Folket på Innhaug, skreiv ho seg inn i den realistiske tradisjonen til forfattarar som Sigrid Undset, Olav Duun og Vera Henriksen. Handlinga i slektsromanane om Innhaug-folket og hovudpersonen Magret går føre seg i eit konkret norsk miljø, og dei historiske motiva i bøkene viser at menneska står overfor dei same utfordringane på 1800-talet som i Elstad si samtid.

I dei to første banda, Folket på Innhaug (1976) og Magret (1977) er handlinga lagd til Kvikne-traktene i dei første tiåra på 1800-talet. Hovudpersonane, Oline Innhaug og den uekte dottera hennar, Magret, er kvardagsmenneske som får kjenne den mørke sida av bygdemiljøet då møtet deira med kjærleiken bryt med normene i samtida. Konflikten mellom kvinner sine eigne behov og samfunnet sine forventningar i eit mannsdominert bygdemiljø er eit viktig tema i forfattarskapen. Bodskapen er at einskildmennesket sjølv har eit etisk ansvar og må handle i tråd med det. I Nytt rotfeste (1979) og Veiene møtes (1980) følgjer vi lagnaden til Magret, og handlinga er no lagd til Nordmøre og Valsøyfjord.

Romansyklusen på fire band kombinerer psykologisk innsikt, detaljerte naturskildringar og kulturhistorie. For å gjere historia om Innhaug-folket meir realistisk, nyttar Elstad autentiske motiv som slektshistorie, religion, folkemusikk og arkitektur, medan ho gjennom språket nyttar eit dialektfarga bokmål med lokale ord og uttrykksmåtar.

Kvinnelege hovudpersonar

Alle hovudpersonane i Elstad sine romanar er kvinner. I Senere, Lena (1982) og Sitt eget liv (1983) skriv ho om frigjering og kvinnekamp i Noreg i tiåra etter andre verdskrigen. For dagene er onde (1985), som òg er filmatisert (1990), handlar om kvinnerolla i tronge bygdemiljø, medan Maria, Maria (1988) drøftar ein mogleg samanheng mellom hjerneslag og hormonbehandling ved norske sjukehus. Elstad vart sjølv ramma av slag, noko som vart ein inspirasjon for denne romanen.

I dei fire romanane om Julie (1993–2000), nyttar Elstad på nytt eit historisk tablå på Nordmøre og i Romsdal – denne gongen frå første halvdel av 1900-talet. I dei fire bøkene, Julie (1993), Som dine dager er (1995), Lenker (1998) og Fri (2000), vert samfunnsspørsmål kopla saman med mellommenneskeleg tematikk. I eit konservativt og tradisjonsbunde bondemiljø kjempar Julie for å leve ut sine eigne forventningar og draumar. Det er ein tematikk vi òg finn i romanen Odel (2003).

Elstad nyttar mykje sjølvbiografisk materiale i forfattarskapen sin, og i 2006 skreiv ho Hjem, som er ein open sjølvbiografisk roman frå ungdomstida hennar på garden Hestnes i Valsøyfjord.

Ho skreiv på bokmål gjennom heile den skjønnlitterære forfattarskapen, men for å gjere handlinga meir realistisk, nytta ho lokale ord og uttrykk og dialekt i dialogane. I 1989 skreiv Elstad på nynorsk i praktboka Eg helsar deg, Nordmør, som er ei personleg hyllest til det ho kallar eit barndomsparadis.

Utmerkingar

Ho fekk Bokhandlarprisen for romanen Senere, Lena (1982) og Den norske lesarprisen for Odel (2003) og for Hjem (2006).

Elstad fekk Halsa kommune sin kulturpris i 1997 og Møre og Romsdal fylkeskommune sin kulturpris i 2003.

Utgivingar

  • Et juleeventyr (Barnebok, Aschehoug, 2008)
  • Hjem (Roman, Aschehoug, 2006)
  • Odel (Roman, Aschehoug, 2003)
  • Fri (Roman, Aschehoug, 2000)
  • Lenker (Roman, Aschehoug, 1998)
  • Som dine dager er (Roman, 1995)
  • Julie (Roman, 1993)
  • Eg helsar deg, Nordmøre (Sakprosa, 1989)
  • Maria, Maria (Roman, 1988)
  • For dagene er onde (Roman, Aschehoug, 1985)
  • Sitt eget liv (Roman, 1983)
  • Senere, Lena (Roman, 1982)
  • Veiene møtes (Roman, 1980)
  • Nytt rotfeste (Roman, 1979)
  • Magret (Roman, 1977)
  • Folket på Innhaug (Roman, 1976)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2001
  • Anne Karin Elstad: Eg helsar deg, Nordmør. Oslo 1989
  • Anne Karin Elstad: Hjem. Oslo 2006

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg