Hopp til innhold
X
Innhald

Anne Kristin Holt

Anne Kristin Holt, fødd 1958, er jurist, forfattar og politikar (Ap). Ho var programsekretær i NRK i periodane 1984–88 og 1990–91, politifullmektig i åra 1988–90, advokat i perioden 1991–96 og justisminister frå oktober 1996 til februar 1997.
 
Anne Holt. Foto: Peter Knutson/Piratforlaget
Anne Holt. Foto: Peter Knutson/Piratforlaget
 
Som forfattar har Holt gjort god bruk av yrkeskarrieren, og ho har skrive mange kriminalromanar: Blind gudinne (1993), som vart fjernsynsserie i 1997, Salige er de som tørster (1994), som vart filmatisert i 1997, Demonens død (1995), Død joker (1999), Det som er mitt (2001), Sannheten bortenfor (2003), Det som aldri skjer (2004), Presidentens valg (2006), Pengemannen (2009) og Skyggedød (2012). Saman med Berit Reiss-Andersen skreiv ho Løvens gap (1997) og Uten ekko (2000). Holt gav ut romanen Mea Culpa i 1997. Ho har òg skrive barne- og dokumentarbøker, mellom anna ei bok om fotball-VM i Frankrike 1998.
 
Holt fekk Rivertonprisen i 1994, Bokhandlerprisen i 1995 og Cappelenprisen i 2001.
 
Sjå video frå NRK Skole, der Anne K. Holt fortel om korleis det er å skrive krim:
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2017