Hopp til innhold
X
Innhald

År

År er nemning for det tidsrommet jorda bruker på eit omløp om sola. 

Det sideriske året, som er omløpstida i forhold til stjernehimmelen, er 365 dagar 6 t 9 min 9,54 s. 

Det tropiske året, som utgjer tidsrommet mellom to påfølgjande jamdøgn, er 365 dagar 5 t 48 min 46,98 s. 

Måneåret består av 12 måneskifte og utgjer 354 dagar 8 t 48 min 36 s. 

Jorda si omløpstid frå eitt solnære (perihelium) til det neste blir kalla eit anomalistisk år, og har ei lengd på 365 dagar 6 t 13 min 53,01 s. 

I kalenderen vår er kalenderåret innretta slik at det sluttar seg svært nært til det tropiske året, som er perioden for årstidene. Normalåret på 365 dagar er 0,242199 døgn for kort. Derfor vert det kvart fjerde år innskote eit ekstra døgn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 31.12.2017