Hopp til innhold
Logoen til Ap.
Logoen til Ap.
X
Innhald

Arbeidarpartiet

Arbeidarpartiet (Ap), norsk politisk parti¸ stifta i 1887. Arbeidarpartiet er mellom dei mest suksessrike sosialdemokratiske partia i verda. Partiet har hatt stor makt i norsk politikk, særleg i dei to første tiåra i etterkrigstida. Partileiar er Jonas Gahr Støre.

Arbeidarpartiet vart danna då fattigdomen i Noreg var stor. Partiet arbeidde for ei sosialistisk omforming av samfunnet og hadde lita tiltru til det parlamentariske systemet. Dei same politikarane som i den tidlege mellomkrigstida ønskte ein revolusjon, kom etter andre verdskrigen til å sitje med makta i Noreg i to tiår, berre med eit kort avbrot. Dei forma det moderne Noreg.
Dei viktigaste sakene for partiet er sysselsetjing, eit regulert arbeidsliv og ein sterk velferdsstat. Då Arbeidarpartiet i regjeringsposisjon oppretta Miljøverndepartementet i 1972, var det det første miljøverndepartementet i verda. Arbeidarpartiet vert likevel ofte kritisert av miljørørsla. Partiet samarbeider tett med Landsorganisasjonen, den største lønstakarorganisasjonen i Noreg, med over 880 000 medlemer i 2013.
Anders Andersen var den første leiaren i partiet. Martin Tranmæl, Einar Gerhardsen og Gro Harlem Brundtland har vore blant dei viktigaste politikarane i partiet.Gro Harlem Brundtland. Foto: Statsministerens kontor.
Gro Harlem Brundtland. Foto: Statsministerens kontor.
Partiet har vore representert på Stortinget ved alle val frå og med 1903. Ved utgangen av 2012 hadde Arbeidarpartiet 52 758 medlemer og er det klart største partiet målt etter medlemstal. I perioden 2011–2015 var Arbeidarpartiet det partiet som hadde flest ordførarar i kommune-Noreg – 154 i talet. Det har vore ni statsministrar frå Arbeidarpartiet opp gjennom historia. Etter dei første partidanningane i 1884 har Arbeidarpartiet hatt statsministeren i til saman 68 av åra – meir enn halvparten – fram til 2013.
Politikk og ideologi
Full sysselsetjing og sterke fellesinstitusjonar innanfor velferd og utdanning er dei fremste sakene til Arbeidarpartiet. Talspersonar for partiet dreg ofte fram den norske modellen – ein omfattande velferdsstat og eit samarbeid mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet – som ei suksessoppskrift dei ønskjer å verne om og føre vidare.
Arbeidarpartiet går imot eit lågare samla skattenivå, som dei fryktar kan gå ut over velferdstilbodet. Partiet meiner at privatisering innanfor helsevesen, eldreomsorg og i skulen kan føre til ulikskapar og ei svekking av det offentlege tenestetilbodet. Partiet er likevel imøtekomande når private utfører tenester som det offentlege finansierer innanfor velferdssektoren, og som det er skort på, under føresetnad av at alle har lik tilgang til tenestene.
Arbeidarpartiet meiner at Noreg bør halde fram med å utvinne olje og gass, og partiet freistar å sameine energipolitikken med ein miljøpolitikk basert på teknologiske nyvinningar og oppfylling av internasjonale avtalar. I utanrikspolitikken er Arbeidarpartiet eit lojalt NATO-parti, og partiet er for medlemsskap i EU.
Som dominerande regjeringsparti frå 1935 har Arbeidarpartiet i praksis stått for mykje av den norske språkpolitikken på nasjonalt nivå. I arbeidsprogramma sine har partiet generelt sagt lite om enkeltsaker i språkpolitikken. Partiet har vore og er framleis ein markert tilhengjar av jamstilling mellom bokmål og nynorsk. For stortingsperioden 2013–17 er partiet likevel åleine om å vedta eit arbeidsprogram der ikkje noko vert sagt om språkleg jamstilling eller tiltak for slik jamstilling. Derimot heiter det at partiet vil «føre en offensiv språkpolitikk og sikre norsk språk som et fullstendig og funksjonelt språk på alle områder i samfunnet». Av dei ni prosentane som svarer at dei bruker nynorsk i 2009, er partiet så vidt overrepresentert. (Ti prosent av partiet sine veljarar bruker nynorsk.)
Arbeidarpartiet viser i arbeidsprogrammet 2009–13, i motsetnad til ungdomsorganisasjonen til partiet AUF, ikkje til omgrepet sosialisme. Sosialdemokratiet vert framheva som det ideologiske grunnlaget.
Sosialdemokrati var for dei fremste tenkjarane innanfor idéretninga ikkje eit alternativ til eit sosialistisk samfunn, men eit middel for å nå det. Ved reformer innanfor kapitalismen ville ein gradvis også at det som var eigd av nokre få private eigarar, etter kvart kom under felleseige. I dag går hovudideen i den sosialdemokratiske ideologien til Arbeidarpartiet ut på at sterke fellesskapar er den beste måten å sikre folk fridom på. For Arbeidarpartiet inneber sterke fellesskapar også ein sterk offentleg sektor.
Kjerneverdiane til Arbeidarpartiet er likskap, fellesskap og tryggleik. Desse verdiane heng saman for partiet. Dei frie borgarane er avhengige av organiserte fellesskapar, og den politisk organiserte offentlege fellesskapen dannar eit tryggingsnett for alle borgarar mot ulike risikosituasjonar, til dømes arbeidsløyse og sjukdom. Difor er ein omfattande velferdsstat ein del av den sosialdemokratiske politikken. Arbeidarpartiet sin politikk har ført til eit stort innslag av statleg eigarskap i økonomiske føretak. Eigarskapspolitikken er pragmatisk snarare enn ideologisk grunngitt.
Historie før 1945
Arbeidarpartiet vart stifta på eit møte i Arendal 21. august 1887. Initiativtakarane var Christian Holtermann Knudsen og Carl Jeppesen. Historia til partiet kan delast inn i tre fasar. I den første perioden, fram til midten av 1930-åra, førte partiet ein politikk prega av eit overordna sosialistisk mål for samfunnet og av revolusjonære krav om samfunnsomforming. Frå midt i 1930-åra og i dei neste 30 åra var Arbeidarpartiet styringspartiet i Noreg. Partiet hadde særleg i perioden 1945–1961 svært stor makt. Dei siste tiåra har partiet vorte meir likt dei andre partia med omsyn til å ha makt, men er framleis eit dominerande parti i norsk politikk.
Partiet var frå første stund eit radikalt sosialistisk parti. Det vart representert på Stortinget første gongen i 1903. Men radikalismen var ikkje til hinder for at Arbeidarpartiet var resultatorientert og arbeidde for slike saker som til dømes sosialpolitikk og skulebøker til alle elevar.
I 1921 braut eit mindretal ut og danna Norges socialdemokratiske Arbeiderparti. Bakgrunnen for splittinga var at leiinga i Arbeidarpartiet hadde godteke Moskva-tesane til Komintern, den internasjonale kommunistorganisasjonen, styrt av Lenin. Moskva-tesane kravde underordring til Komintern sin politikk, fjerning av reformistar og ei kommunistisk organisasjonsform i arbeidet for revolusjon. I 1923 gjekk Arbeidarpartiet ut av Komintern. Då vart partiet splitta på nytt, no på den venstre flanken, og eit mindretal danna Noregs Kommunistiske Parti.
I 1927 gjekk sosialdemokratane saman med Arbeidarpartiet att. Då gjorde partiet sitt til då beste val og vart det største partiet i landet. Dei sa ja til oppdraget om å danne regjering, med Christopher Hornsrud som sin første statsminister. Regjeringserklæringa var svært radikal og slo fast at partiet arbeidde for ein overgang til sosialismen. Då erklæringa vart lagd fram, vart regjeringa felt av det ikkje-sosialistiske fleirtalet på Stortinget, tolv dagar etter at ho hadde vorte utnemnd.
I 1930-åra tok ein ny epoke i Arbeidarpartiet si historie til. I staden for å vende ryggen til kapitalistismen og det borgarlege statsapparatet, som det vart kalla, var tanken modna om å ta del i forminga av samfunnet. Visjonen om sosialisme var der framleis, men ei grunnleggjande omforming av samfunnet på kort sikt såg ikkje arbeidarpartipolitikarane som realistisk.
Folkemøte på Youngstorget i samband med stortingsvalet i 1936. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. kjelde: Arbeiderpartiet, flickr.com CC BY 20
Folkemøte på Youngstorget i samband med stortingsvalet i 1936. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. kjelde: Arbeiderpartiet, flickr.com CC BY 20
Med kriseforliket i 1935 danna Arbeidarpartiet igjen regjering, no saman med Bondepartiet. I vissa om dramatiske maktkampar i andre europeiske land vart konfliktane dempa. I 1935 vart òg den første hovudavtalen mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarsida inngått. Avtalen påla fredsplikt i perioden mellom forhandlingane, og han avløyste svært konfliktfylte tiår i arbeidslivet. Kimen til «den norske modellen» var lagd.
Historie etter 1945
I etterkrigstida fekk Arbneidarpartiet massiv oppslutning av veljarane og hadde reint fleirtal ved alle vala frå 1945 og fram til 1961. Dette var sosialdemokratiet sin lukkelege periode, og dei nasjonale strategane i partiet forma samfunnsfelt etter samfunnsfelt. Sosialøkonomar og ingeniørar, pedagogar og legar teikna opp og laga planar for det nye samfunnet. Sysselsetjinga heldt seg høg medan det nye samfunnet tok form.
«Arbeiderpartisstaten», som historikaren Jens Arup Seip kalla det, hadde eit teknokratisk preg, men den økonomiske framgangen og fellesskapskjensla i landet garanterte stor veljaroppslutning. Arbeidarpartiet var meir begeistra for det offentlege sin ekspansjon enn for den offentlege diskusjonen, påstår idéhistorikaren Rune Slagstad. «Stortinget har vært i politisk eksil mellom Elverum og Kings Bay», var spissformuleringa til Seip. Formuleringa viste til då Stortinget gav regjeringa fullmakter ved krigsutbrotet i 1940, medan Ap-regjeringa vart felt i 1963 etter at rapporten om ei stor ulykke i Kings Bay-gruvene på Svalbard vart lagd fram. I 1965 fekk dei ikkje-sosialistiske partia fleirtal og overtok regjeringsmakta. Frå då av var det slutt på den tida då Arbeidarpartiet vann reint fleirtal i vala.
Under ungdomsopprøret i 1970-åra vart Arbeidarpartiet kritisert av dei unge venstreradikale fordi partiet ikkje tok klarare avstand frå USAs rolle i Vietnamkrigen, og fordi partiet som NATO-lojalt indirekte støtta opp om rustningskappløpet og atomvåpenforsvaret. I 1980-åra var det derimot partiet si rolle som forsvarar av eit tilstivna offentleg byråkrati som hamna under eld, no frå den politiske høgresida.
Frå 1970 og fram til 2013 har Arbeidarpartiet hatt regjeringsmakt to tredelar av tida, frå 2005 til 2013 i ei fleirtalsregjering saman med Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet. Då ikkje-sosialistiske parti hadde regjeringsmakt først i 1980-åra, vart reformer som fornya den offentlege sektoren, mellom anna reformbølgja som har vorte kalla ny offentleg styring, sette i gang. Etter at Arbeidarpartiet igjen kom til makta, førte partiet i hovudsak vidare dette reformarbeidet.
Sentrale politikarar
Fleire av politikarane i Arbeidarpartiet har vore mellom dei viktigaste i landet dei siste hundre åra. I mellomkrigstida var Martin Tranmæl i sine mange maktposisjonar i partiet den reelle leiaren i Arbeidarpartiet. Han var ein eineståande agitator og var i første halvdel av det 20. hundreåret med på å forme partiet si revolusjonære linje. Men han vart til liks med den politiske utviklinga i partiet elles meir moderat etter som arbeidarrørsla vart integrert i det politiske systemet.
Einar Gerhardsen var med to avbrot statsminister i partiet sin samfunnsformande periode, frå 1945 til 1965. Under krigen var han kanskje den viktigaste motstandsmannen, men han lét vere å flykte og vart arrestert i 1941. Han hadde alle odds mot seg, men overlevde fangenskapen. I etterkrigstida vart han landsfaderen som personifiserte den nye fellesskapen.
Einar Gerhardsen. Foto: Statsministerens kontor.
Einar Gerhardsen. Foto: Statsministerens kontor.

Haakon Lie var i dei første tiåra i etterkrigstida den mektige generalsekretæren i partiet. Han var nådelaus anti-kommunist og mobiliserte trufaste partimedlemer til å overvake kommunistisk verksemd på arbeidsplassane.
Gro Harlem Brundtland gav i 1980-åra partiet ein stabil leiarskap, etter ei tid med intern slitasje i leiinga. «Kvinneregjeringa» hennar i 1986, då åtte av 18 medlemer var kvinner, sette ein ny standard for kvinner si deltaking i politikken og var ein verdssensasjon.
Jens Stoltenberg var i 2005 den første Arbeidarparti-statsministeren som tok med andre parti i regjering. Han var ein samlande leiar for heile landet i tida etter massakren på Utøya 22. juli 2011.
Stoltenberg-regjeringa tapte valet i 2013 og 16.oktober 2013 gjekk regjeringa av. Jens Stoltenberg takka våren 2014 ja til jobben som ny generalsekretær i NATO og gjekk av som partileiar 14. juni same år. Ny partileiar vart vald utan motkandidatar: Jonas Gahr Støre.
Jonas Gahr Støre. Foto: Arbeidarpartiet, flickr.com CC BY 2.0
Jonas Gahr Støre. Foto: Arbeidarpartiet, flickr.com CC BY 2.0
Veljarprofil og organisasjon
Med omsyn til veljarprofil er Arbeidarpartiet på 2000-talet noko overrepresentert i gruppa arbeidarar og offentleg tilsette. Partiet har mindre oppslutning enn den samla veljaroppslutninga tilseier blant sjølvstendig næringsdrivande. Partiet er litt meir populært blant kvinner enn blant menn. Partiet står sterkast langs Oslofjorden og på det indre Austlandet, svakast på Vestlandet.
Landsmøtet, landsstyret, sentralsstyret og arbeidsutvalet, i tillegg til fylkes- og lokallaga, er dei viktigaste organisasjonsledda. Det øvste styringsorganet i Arbeidarpartiet er landsmøtet, som vert samla annakvart år. Mellom landsmøta er landsstyret det øvste styringsorganet. Det er sett saman av sentralstyret i partiet, leiinga i fylkespartia og to representantar frå AUF. Kvart fylkesparti skal vere representert med begge kjønn. Ein representant frå Arbeidarpartiet si sametingsgruppe er òg med. Landsstyret møtest to til fire gonger i året. Utanom landsmøtet og landsstyret leier sentralstyret partiet. Sentralstyret har 20 landsmøtevalde medlemer, og det er krav om lik kjønnsrepresentasjon i sentralsstyret.
Arbeidarpartiet har eit tett samarbeid med Landsorganisasjonen (LO), som er den største fagforeiningssamanslutninga i landet. Leiarskapen i LO og Arbeidarpartiet møtest regelmessig i Samarbeidskomiteen, for å drøfte saker og halde oppe det fagleg-politiske samarbeidet. Partiet sin ungdomsorganisasjon er Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF). Fleire av leiarane i AUF har seinare vorte sentrale arbeidarpartipolitikarar.
I 2012 var inntektene til Arbeidarpartiet 212 millionar kroner. 62 prosent av inntektene var offentleg støtte, 28 prosent var frå eiga verksemd og ti prosent kom frå organisasjonar, inkludert seks prosent frå arbeidslivsorganisasjonar. I underkant av éin prosent var bidrag frå einskildpersonar. Valkampbudsjettet til partiet før 2013-valet var på 25 millionar kroner, ifølgje ei oversikt.
I Arbeidarpartiet si historie har partiavisa spela ei politisk rolle. Social-Demokraten, skipa i 1886, var det første namnet på hovudavisa til partiet, frå 1923 var namnet Arbeiderbladet. Arbeidarrørsla hadde sine eigne aviser i alle dei større byane. Dei siste tiåra av det 20. hundreåret vart desse avisene mindre bundne til Arbeidarpartiet, og den formelle eigarskapen av Arbeiderbladet tok slutt i 1991. I 1997 skifta Arbeiderbladet namn til Dagsavisen, som i dag er ei sjølvstendig avis, men framleis med ei sosialdemokratisk grunnhaldning.
Då Arbeidarpartiet vart skipa, var namnet Det Forenede norske Arbeiderparti, forkorta til DNA. Frå 1891 heitte partiet Det norske Arbeidarparti. I 2011 vart namnet offisielt det same som partiet oftast vert omtalt som – Arbeidarpartiet.
Kjelder
Frode Berglund, Ingvild S. Reymert og Bernt Aardal: Valgundersøkelse 2009. Dokumentasjonsrapport. Notater 29/2011. Statistisk sentralbyrå, Oslo 2011
Berge Furre: Vårt hundreår. Norsk historie 1905–1990. Oslo 1992
Hilda Nyfløt og Reidar Solberg: «Valgkamp i knestående», Dagens Næringsliv 10.8.2013
Francis Sejersted: Norsk idyll? Oslo 2000
Francis Sejersted: Sosialdemokratiets tidsalder. Norge og Sverige i det 20. århundre. Oslo 2005
Rune Slagstad: De nasjonale strateger. Oslo 1998
Jorunn Bjørgum: «Martin Tranmæl», Norsk biografisk leksikon, Store norske leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Martin_Tranm%C3%A6l/utdypning [lesedato 28.7.2013]
«Kommunestyre- og fylkestingsvalget, formannskaps- og ordførervalg, 2011». Statistisk sentralbyrå, publisert 19.12.2011: https://www.ssb.no/kommvalgform/ [lesedato 28.7.2013]
Nettstaden til Arbeidarpartiet: http://arbeiderpartiet.no/ [lesedato 28.7.2013]
Nettstaden til Arbeidernes Ungdomsfylking: http://auf.no/ [lesedato 28.7.2013]
Nettstaden til Landsorganisasjonen: http://www.lo.no/ [lesedato 15.8.2013]
NSD Norsk samfunnsvitenskaplig datatjeneste. Data om det politiske system: http://www.nsd.uib.no/polsys/regjering/ [lesedato 28.7.2013]
Finn Olstad: «Einar Gerhardsen», Norsk biografisk leksikon, Store norske leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Einar_Gerhardsen/utdypning [lesedato 28.7.2013]
«Partifinansiering, etter inntektskilde og parti. 2011». Statistisk sentralbyrå, ssb.no: http://www.ssb.no/a/kortnavn/partifin/tab-2012-09-06-01.html [lesedato 28.7.2013]
Rune Slagstad: «Stortinget – politikkens sentrum?» Foredrag ved Stortingets seminarserie om nasjon og folkestyre, «Grunnloven og deg». Lagtingssalen 21. mai 2012: http://www.stortinget.no/Global/pdf/Grunnlovsjubileet/Slagstad.pdf [lesedato 28.7.2013]
Renold Tennysen Christopher og Marita Skeie: «– Hareide er en medlemsmagnet» og «Medlemstall politiske partier 2011 og 2012». NRK Hordaland, publisert 7.3.2013: http://www.nrk.no/hordaland/medlemmene-svikter-frp-1.10939144 [lesedato 28.7.2013]
Torstein Tranøy: «Styrker båndene mellom LO og Ap», dn.no, oppdatert 4.6.2003: http://www.dn.no/arkiv/article37991.ece [lesedato 15.8.2013]
Knut Are Tvedt og Edvard Bull: «Arbeiderpartiet», Store norske leksikon, snl.no: http://snl.no/Arbeiderpartiet [lesedato 28.7.2013]
Peikarar

Først publisert: 19.08.2013
Sist oppdatert: 20.04.2017