Hopp til innhold
Marcus Thrane. Visittkort frå omlag 1875. Ukjend fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (biletnr. blds_05747). Fri lisens.
Marcus Thrane. Visittkort frå omlag 1875. Ukjend fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (biletnr. blds_05747). Fri lisens.
X
Innhald

Arbeidarrørsla

Arbeidarrørsla kom etter at den industrielle revolusjonen hadde skapt ei industriarbeidarklasse. Karl Marx og Friedrich Engels la det teoretiske grunnlaget.

Arbeidarrørsla kom etter at den industrielle revolusjonen hadde skapt ei industriarbeidarklasse, men tidlegare forsøk for å betre arbeidsvilkåra vert òg rekna med til arbeidarrørsla.

Bakgrunnen for arbeidarrørsla er den økonomiske og sosiale utbyttinga som lønstakarane, altså dei som sel arbeidskrafta si, vart utsette for i det kapitalistiske industrisamfunnet.

Det teoretiske grunnlaget for arbeidarrørsla vart i første rekkje skapt av Karl Marx og Friedrich Engels.

Verksemda for å fremje arbeidarrørsla følgjer tre hovudliner: 1) Den faglege rørsla; fagforeiningane, 2) Den politiske rørsla; arbeidarpartia og 3) Den kooperative rørsla; samvirket. Stor vekt vart lagd på metodisk opplysningsverksemd.

I Noreg starta arbeidarrørsla omkring midten av 1800-talet med Marcus Thrane og dei foreiningane som han danna med til saman ca. 20.000 medlemmer. Denne byrjinga vart slått hardt ned på av styresmaktene. Den første fagforeininga i Noreg var Kristiania Typografiske Forening, stifta i 1872. Det første fagforbundet var Norsk Centralforening for Boktrykkere frå 1882. Den første politiske organisasjonen vart grunnlagd i 1887 med Det norske Arbeiderparti. I 1899 vart Arbeidernes faglige Landsorganisasjon (LO) stifta.

I byrjinga var arbeidarrørsla eit opprør hos kroppsarbeidarar med betring av kåra til arbeidarklassa i snevraste forstand som næraste mål. Etter kvart som rørsla har utvikla seg med aukande fart i dei fleste såkalla kulturland, har ho meir og meir fått karakteren av ei brei folkerørsle som set seg som mål å betre samfunnsvilkåra for alle.

Medan arbeidarrørsla er vorten svekt i ein del leiande industriland, har ho vakse kraftig med industrialiseringa i den såkalla tredje verda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 02.05.2019