Hopp til innhold

Arild Hermstad

Arild Hermstad, geograf, tidlegare leiar av Framtiden i våre hender og den eine av to talspersonar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) sidan 2018.

Arild Hermstad er fødd 15. oktober 1966 i Bergen, men han bur no i Oslo. Han var elev ved Bergen katedralskole i 1982–85 og studerte økonomi ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1988–90. Hermstad er cand.polit. i geografi frå Universitetet i Bergen i 1995 og skreiv hovudfagsoppgåve med tittelen: «Kompost-moderne tider? Kommunale tiltak for avfallsminimering – 1990-årenes miljøsatsing i et nøtteskall?». 

Hermstad arbeidde i Sunnmørsbanken i 1986–89, var konsulent i Raftostiftelsen i 1999–2000 og generalsekretær i Framtiden i våre hender frå 2001 til 2017. Han er kommunikasjonsrådgivar i Hold Norge Rent, frå 2018, prosjektkoordinator i Fortidsminneforeningen, frå 2018, og mannleg talsperson for MDG frå 2018.

Han melde seg inn i Miljøpartiet Dei Grøne først i 2016, men allereie ved stortingvalet i 2017 var han partiet sin førstekandidat i Hordaland. Hermstad blei vald til mannleg talsperson for MDG i 2018 etter Rasmus Hansson og utgjer leiarduoen i partiet saman med Une Aina Bastholm.

Han har kort fartstid som politikar, men har likevel arbeidd lenge med det som er dei viktigaste politiske sakene hans: å arbeide for nye grøne arbeidsplassar, mindre forureining i havet og at folk skal kunne leve miljøvenleg. Som tidlegare leiar i ein miljøvernorganisasjon møter han godt rusta i politiske debattar om miljøvern og klima.

Hermstad har hatt ei rekkje verv i frivillige organisasjonar, mellom anna var han styreleiar i Syklistenes Landsforening i 2013–18.

 

Kjelder

Robert Gjerde og Stine Barstad: «Arild Hermstad valgt til ny leder i MDG», aftenposten.no, publisert 12.5.2018: https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/jPJQXo/Arild-Hermstad-valgt-til-ny-leder-i-MDG [lesedato 29.1.2019]

MDG: «Arild Hermstad», politikarprofil, mdg.no: https://mdg.no/kandidat/arild-hermstad/ [lesedato 13.3.2019]

Arild Hermstad, profil på Linkedin, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/arild-hermstad-9172a447/ [lesedato 13.3.2019]

 

Peikarar

NTB: «Går fra Fremtiden i våre hender til MDG», dn.no

Aina Fladset: «Bergenser Arild Hermstad blir MDGs nye talsperson», ba.no

Først publisert: 19.06.2019
Sist oppdatert: 20.06.2019