Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Arne Garborg

Arne Garborg, leiande nynorsk forfattar frå siste del av 1800-talet. Romanar, dikt og essay av Garborg er framleis kanoniske verk. Han introduserte filosofiske, litterære og religiøse idear gjennom omfattande skribentverksemd, og han grunnla fleire aviser.


Sjå kjeldetilvisingar til bileta i tidslinja nedst i artikkelen.

Arne Garborg var fødd i Time på Jæren 25. januar 1851 og døydde i Asker 14. januar 1924. Han var odelsgut. Faren var periodevis sinnslidande, og barndomen var prega av farens depresjonar og tunge religiøsitet. Garborg søkte utdanning, gjennom lærarkurs, seinare lærarseminar i Holt (1870). Han drog til Kristiania i 1873 og tok studenteksamen i 1875.

Garborg skreiv heilt frå skuledagane og debuterte med Smaastubber af Alf Buestreng (1873). Gjennombrotet kom med Bondestudentar (1883), som skildrar temaet sitt med ein karakteristisk kombinasjon av økonomisk og sosial realisme og moralsk patos. Mandfolk (1886) er naturalistisk inspirert, og Hjaa ho Mor (1890) har same preget. Mot slutten av dette tiåret utviklar Garborg epistelforma i Kolbotnbrev (bokform i 1890), som fortel om flyttinga til Tynset i 1887 og ekteskapet med Hulda Bergersen.
Eit overgangsverk til ein meir psykologisk stil er Trætte Mænd (1890). Samtidig henta Garborg tematikken frå barndomens Jæren og skreiv meisterverk som Fred (1892), diktsyklusen Haugtussa (1895), skodespelet Læraren (1896) og den prosalyriske Den burtkomne Faderen (1899). Det viktigaste verket etter hundreårsskiftet er Knudaheibrev (1904), skrivne på hytta hans på Jæren. Frå 1897 budde han på Labråten i Asker vinterstid og i Knudaheio om sommaren. Etter at han slutta å skrive fiksjonsverk, arbeidde han med omsetjingar og sakprosa.

Diktaren

Arne Garborg var uvanleg var for nye idear og straumdrag, og han greidde å bruke dei i diktinga si. Han skapte mønsterverk innanfor fleire ulike sjangrar og fleire periodar. Romanane Bondestudentar, Trætte Mænd og Fred er dei viktigaste episke verka. Med desse tre bøkene leverte Garborg eit klassisk realistisk, eit premodernistisk-dekandent og eit naturalistisk og karnevalistisk verk, i tre ulike periodar.
Utdrag frå "Elsk" i Haugtussa (1895)
Den galne Guten min Hug hev daara;                 
eg fanga sìt som ein Fugl i Snòra;                 
den galne Guten, han gjeng so baus;                 
han veit at Fuglen vil aldri laus.

Aa gjev du batt meg med Bast og Bende;                 
aa gjev du batt meg so Bandi brende!                 
Aa gjev du drog meg so fast til deg,                 
at heile Verdi kom burt for meg!                 

Ja kunde rett eg mi Runelekse,                 
eg vilde inn i den Guten vekse;                 
eg vilde vekse meg i deg inn,                 
og vera berre hjaa Guten min.

Denne versjonen er basert på "Skriftir i samling", Aschehoug 1921-1922. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, Universitetet i Oslo.
Diktsyklusen Haugtussa (med framhaldet I helheim) er eit lyrisk hovudverk i norsk litteratur og det fremste dømet på den fornya interessa for lyrikk i 1890-åra. Det føyer seg inn i dei episke diktsyklusane frå Draumkvedet til Paal-Helge Haugens Anne. Innanfor sakprosa leverte Garborg mønstergyldige essay som Hanna Winsnes' Kogebog eller epistlane i brevbøkene. Læraren (1896) er eit drama som framleis vert framført, sjølv om dramaforma er den han bruker minst. Det særskilde er altså den store breidda i bruken av litterære former og at han lukkast med så mange av dei.
Sjå video frå NRK Skole om Haugtussa:


Målmannen

Språkspørsmålet var viktig for Garborg på fleire nivå. Eksistensielt greip han målsaka som livsoppgåve då han glei ut av den tradisjonelle religionen på slutten av 1870-åra. I Den Nynorske Sprog- og Nationalitetsbevægelse (1877) lanserte han den såkalla tonasjonslæra, nemleg at dansk(-norsk) og norsk utgjer to ulike nasjonar som er i strid. Verket gjorde han til ein sentral aktør i landsmålsrørsla, der han utførte mykje organisatorisk arbeid. Han grunnla avisa Fedraheimen i 1877 og stod sentralt i skipinga av tidsskriftet Syn og Segn i 1894 og avisa Den 17de Mai i 1904. Saman med Hulda Garborg la han grunnlaget for skipinga av Det Norske Teateret i 1913, og han argumenterte for landsgymnasa.
I Bondestudentar gjorde han språkleg og kulturell identitet til eit hovudtema, og dette var noko han arbeidde med både i essayistikk og dikting. I dei seine verka, der han nytolka Det nye testamentet, vert truskap mot morsmålet ei hovudsak. Han var òg med på å utforme den såkalla midlandsnormalen, som tok opp i seg fleire austlandske språkformer. I hans tanke fall politisk frigjering saman med språkleg frigjering. I diktinga, og særleg i jærbøkene, synte han kor store litterære ressursar som ligg i dei norske dialektane. Som dei andre pionerane i landsmålsrørsla skreiv han også dansk(-norsk), både i essay og i romanar (Trætte Mænd, Hos Mama).
Ein viktig del av det målpolitiske arbeidet hans var omsetjingane av klassiske tekstar, som Det Norske Samlaget la vekt på. Det største arbeidet Garborg sjølv gjorde, var omsetjinga av «Odyssevskvædet» frå gresk. Han omsette òg fleire Holberg-komediar for Det Norske Teatret, det store indiske «Rama-kvædet» (saman med Sri Ananda Acharya), og var medhjelpar i Arctanders Faust-omsetjing.

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri

Filosofen

Garborg hevda sjølv at to tema opptok han heile livet: det nasjonale og det religiøse. Men denne tematikken førte han inn i og ut av ei rekkje ideologiske posisjonar. Han lærte filosofi av den konservative hegelianaren Marcus J. Monrad. I dei aller første artiklane sine forsvarte han ein tradisjonell, dogmatisk kristendom. Mellom anna forsvarte han avgjerda om å nekte Georg Brandes å førelese på universitetet, av religiøse grunnar. Kierkegaards forsvar for trua som paradoks vart ein mellomposisjon.
Men Garborg kunne ikkje i lengda avvise vitskapens rett til å problematisere også religionen, og det førte han i første omgang over i ein rasjonalistisk posisjon, inspirert av Brandes og John Stuart Mill. Den realistiske og naturalistiske litteraturen undersøkte samfunnet kritisk, og det galdt òg dei ideologiske sanningane i kyrkje, heim og skule. Sentralt i denne første tida var oppgjeret med borgarleg moral og åtaket på prostitusjonen i Mandfolk. Garborg leverte polemiske meisterstykke mot til dømes biskop J.C. Heuch, som i Vantroens Væsen ville halde dei nye tankane frå livet.
Mot slutten av 1880-åra var Garborg av dei første som formidla tvilen på vitskapen og rasjonalismen. Han analyserte dette i artikkelserien «Den idealistiske Reaktion – Ny-idealismen» i Dagbladet i 1890. Han fanga opp den nye interessa for mystikk, som fanst i teosofi og udogmatisk religion, noko han skriv spøkefullt om i Kolbotnbrev (1890). Men dette fekk han til å ta opp att den religiøse problematikken i full breidd, samstundes som han tok opp stoff frå barndomens Jæren i diktinga.
Filosofisk finn vi i ulike tilnærmingar hos Garborg utover i 1890-åra, gjennom innlevande drøfting av dekadensen, inn i ei nietzschiansk «tru på livet» og til ei tilslutning til Tolstojs etiske kristendomstolking. Alt i 1890 omsette han Ola Hanssons bok om Nietzsche, og artikkelen om denne filosofen i Syn og Segn i 1895 står seg framleis godt. Gjennom verka om Hoveslekta formar han ut ei lære om Jesu etikk, med vekt på det dennesidig forpliktande, og dette knyter han til målsak og nasjonalt arbeid. Til sist lanserer han ei ny tolking av evangelia, i verket Jesus Messias (1908), som har samband med samtidig tysk liberal teologi.
Frå Jesus Messias
Som Jødane hadde gravlagt Jesus, so hadde Heidningane gravlagt Tankane hans.

I Staden for aa høyre etter kva Jesus sagde hev Verdi no i snart tvo tusund Aar trætta med seg sjølv um kven Jesus var. Og i Staden for Jesu Lære hev me fengi Læra um Jesus.

Men Kyrkja vart til eit Rike av denne Verdi, og sidan til Tenar for Rike av denne Verdi. Vakt held ho no yver Kronur og Herredøme og Eigedomar og Pengeskrin, og hjelper til med aa halde Styr paa dei fatige, som hev vorti arme og svelt, eller slæst med dei rike um Rikdomane deira. Sanne Jesus-Sveinar som ikkje kunde vera med paa slikt Vakthald, men heller fann Grunn til aa segja som Jesus: ”usæle dé rike!” - vart dømde og fordømde jamt og stødt, av Verdi og av Kyrkja aat Verdi.

Frå siste kapitlet i Arne Garborg: Jesus Messias. Tridje Upplag. Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1906. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.

Denne posisjonen heldt han fast ved, og dei siste åra knytte han seg sterkt til Henry Georges agrarsosialisme.

Gjennom alle omskiftingane hos Garborg er det nokre konstante trekk. Han er solidarisk med bonden og bakgrunnen sin, han er politisk radikal og maktkritisk, og han er orientert mot ei nasjonal fornying. Men kva dette inneber, nytolkar han heile tida, gjennom formidling av sentrale europeiske filosofiar og ideologiar. Truleg var han ein av dei viktigaste formidlarane av samtidsfilosofien i Noreg.
Garborg fekk statsstipendet som vart ledig etter Ivar Aasen, og til 70-årsdagen fekk han ei folkegåve på 100 000 kroner – og ein hest. Det nasjonale Garborgsenteret på Bryne opna for publikum 2. juli 2012, med offisiell opning 5. september 2012.

Kjelder

Thor M. Andersen: Garborg-litteratur 1866–1942. Oslo 1945
Tor Obrestad: Arne Garborg. Ein biografi. Oslo 1991
Sigbjørn Reime: «Helten i Fred. Eivind Aadnesen Garborg», Syn og Segn nr. 2/1999
Rolf Thesen: Arne Garborg (3 bind). Oslo 1933–39
Sveinung Time: «Språk og nasjonalitet hos Arne Garborg», i M.H. Frøyen og S. Time: Arne Garborgs kulturnasjonalisme. To studiar, KULTs skriftserie nr. 61, 1996

Peikarar

Vidare lesing

Andersen, Thor M.: Garborg-litteratur 1866-1942 : ein bibliografi, 1943-45 (Norsk bibliografisk bibliotek, b. 3, h. 5, s. 193-321)
Bø, Gudleiv: Veslemøys verden : veiviser i Haugtussa, 2002
Dale, Johs A.: Studiar i Arne Garborgs språk og stil, 1950
Dale, Johs A.: Garborg-studiar, 1969
Frøyen, Morten Haug & Sveinung Time: Arne Garborgs kulturnasjonalisme : to studiar, 1996
Lie, Erik: Arne Garborg : en livsskildring, 1914
Midbøe, Hans: Arne Garborg og Bondestudentar, 1951
Mork, Geir: Den reflekterte latteren : på spor etter Arne Garborgs ironi, 2002
Mortensson-Egnund, Ivar: Arne Garborg : ein fyretalsmann, 2. utg., 1924
NBL 2. utg.
Obrestad, Tor: Arne Garborg : ein biografi, 1991
Sjåvik, Jan: Arne Garborgs Kristiania-romaner : en beretterteknisk studie, 1985
Thesen, Rolv: Arne Garborg, 1933-39, 3 b. (Frå jærbu til europear ; Europearen ; Europear og jærbu)
Thorn, Finn: Arne Garborg og kristendommen, 1972
Time, Sveinung & Egil Lejon, red.: Aadne Garborg, 1981
Åmlid, Ånund: Arne Garborg : svein og meister : ei historisk-genetisk innleiding til gjenombrotsdiktinga hans, 1938

Tidslinja

Fotorettane til bileta i tidslinja er stort sett gjort greie for i biletkarusellen i artikkelen, og i dei artiklane det er peika til, men biletet av Holt lærarseminar er nytta etter avtale med Universitetet i Agder, biletet av familien Garborg er teke i 1890 av fotograf Geelmuyden (CC BY-SA 3.0-lisens). Foto frå utstillinga på Garborgsenteret er teke av Siv Magnhild Bjelland, Flikcr.com CC BY-NC 2.0.

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 28.03.2012
Sist oppdatert: 28.01.2019