Hopp til innhold
Arthur Schopenhauer. Kredit: The Miriam and Ira D. Wallach Division of Art, Prints and Photographs: Print Collection. The New York Public Library (image id: 2055368).
Arthur Schopenhauer. Kredit: The Miriam and Ira D. Wallach Division of Art, Prints and Photographs: Print Collection. The New York Public Library (image id: 2055368).
X
Innhald

Arthur Schopenhauer

Arthur Schopenhauer, tysk filosof, stilte filosofiske grunnspørsmål og gav svar som stimulerte til nytenking i europeisk åndsliv i det 19. og 20. hundreåret.

Arthur Schopenhauer var fødd 22. februar 1788 i Danzig og døydde i Frankfurt am Main 21. september 1860. Han flytta til Hamburg i 1793, byrja på gymnaset i Gotha i 1807 og på universitetet i Göttingen i 1809. I 1813 tok han doktorgraden i filosofi ved universitetet i Jena, med ei avhandling om erkjenningsteori. Hovudverket Verden som vilje og forestilling kom i 1819. Frå 1820 til 1831 oppheldt han seg i Berlin, der han hadde stilling ved universitetet. Resten av livet budde han i Frankfurt.

Schopenhauer var ein allsidig filosof og skreiv om metafysikk og moral, livsvisdom og psykiske lidingar. I studiet av viljen kom han fram til at den menneskelege viljen er ein del av ein altomfemnande vilje. Vi styrer ikkje åtferda vår i den grad vi liker å tru, for motiva kan vere umedvitne og handlingane uttrykk for tvang. I 1837 fekk han gullmedalje for avhandlinga Viljens vesen av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim. I heimlandet kom den akademiske anerkjenninga først mot slutten av livet.

Den intellektuelle arven etter Schopenhauer er tydeleg både i litteratur og vitskap. Forfattarar som Leo Tolstoj og Thomas Mann har referansar til han, Nietzsche og Kierkegaard gjekk vidare med teoriane om liding og ansvar, og i den nye vitskapen psykoanalyse vart den umedvitne viljen, som Freud kalla drifter, den sentrale forklaringa på menneskeleg åtferd.

Verda som førestilling og vilje

Schopenhauer var oppteken av kor mykje vi kan forstå av verda og oss sjølve. Mennesket har eget i sentrum og kan berre sanse ein flik av universet, og sansinga må tolkast. Vil det seie at også sanninga er subjektiv? Schopenhauer meinte at erkjenning må vere meir enn individuelle førestillingar, og han gjorde det til ei hovudsak å utforske samanhengen mellom det førestilte og det faktiske.

Han var skeptisk til det dualistiske verdsbildet i filosofien. Platon si lære om sanseverda som skuggar av det verkelege og Kant si inndeling av tingen slik han er, og tingen slik eg førestiller meg at han er, forklarte ikkje korleis dei to sfærane heng saman. Schopenhauer meinte at idear og førestillingar ikkje kan eksistere uavhengig av medvitet. Skeptikarane sin påstand om at sann erkjenning er umogleg, måtte avvisast.

I Verden som vilje og forestilling drøftar han samanhengen mellom den objektive og den subjektive verda og kva lover som gjeld for kvar av dei. Han kom fram til at dei to sidene ved røyndomen heng saman, og at brua mellom dei er viljen. Både det enkelte individet og det store verdsaltet har éin vilje. I denne viljen ligg drivkrafta bak alt som skjer. Mennesket oppfattar helst eigne handlingar som uttrykk for frie val. Så enkelt er det ikkje. Årsakene til at vi handlar som vi gjer, er ofte skjulte for oss, for den ibuande viljen til liv og forplanting styrer både vilja åtferd og åtferd som vi forklarer på kulturelt meir akseptable måtar.

Årsaker og samanhengar i den ytre verda er også dunkle, men det er mogleg å få innsikt både i sitt eige eg og i verda. Fordi den subjektive og den objektive viljen er sameinte i ein felles vilje, har mennesket tilgang til verda og kan erkjenne verda som ho er.

Schopenhauers moralfilosofi

Schopenhauer sitt svar på spørsmålet om fri vilje er både ja og nei – mest nei. Sjølv om ein person handlar etter eigen vilje, gjer ikkje det han til eit autonomt vesen. Menneska vil noko heile tida, men vi kan ikkje unndra oss fellesviljen, og det vi opplever som individuelle handlingsimpulsar, er bundne i tid og rom og dermed tilfeldige. Vi kan berre velje handling innanfor rammer vi sjølve ikkje har bestemt. Paradokset om den frie viljen har Schopenhauer oppsummert i sentensen om at mennesket kan gjere det det vil, men det kan ikkje vilje det det vil.

Vi må like fullt ta moralsk ansvar for eige liv ved å ta utgangspunkt i verda som ho er, gudlaus og irrasjonell, og innsjå at tilværet er utan føremål. Mennesket vert jaga av ymse begjær, men om vi oppnår behovstilfredsstilling og likevekt, er det berre mellombels, før vi hastar vidare. Vi er fanga i sirkelen, og lid under det.

Oppfatninga om at livet er liding og livsreisa er utan overordna meining, gav Schopenhauer omdøme som pessimist. Sjølv framheva han det positive med lidinga. Sidan alle er underlagde same lagnad, kjenner vi att vår eiga liding i møte med nesten vår og innstiller oss på å hjelpe. Evna til med-liding vert dermed fundamentet for ein universell moral.

Kjelder

Arthur Schopenhauer: Om viljens frihet, omsett og med kritisk introduksjon av Johan Fredrik Bjelke. Oslo 1993. Digital utgåve nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/a071d3702794b044e3f13058cdf6a3ae?index=8#0 [lesedato 19.9.2015]

Arthur Schopenhauer: Verden som vilje og forestilling, med innleiing ved Johan Fredrik Bjelke. Oslo 2000. Digital utgåve, nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/15c47f9b081d3f88d0384dcf50752335?index=9#4 [lesedato 19.9.2015]

Tysk wikipedia: «Arthur Schopenhauer»: https://de.wikipedia.org/wiki/Arthur_Schopenhauer [lesedato: 20.9.2015]

Peikarar

Jafar Jafarnejad intervjuar Sverre Sløgedal om Schopenhauer, frå Veien til vitenskap. Trondheim 1999

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 12.02.2019