Hopp til innhold
Arvid Hanssen
Arvid Hanssen
Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv.
X
Innhald

Arvid Hanssen

Arvid Hanssen, journalist, forfattar og lyrikar. Gjennom romanar, dikt og manuskript for film og scene har han løfta fram natur og levekår i Nord-Noreg, handikap og fattigdom som litterære emne. Som diktar er han påverka av Alf Prøysen.

Hanssen vart fødd i Vika på Senja 28. juli 1932 og døydde 31. juli 1998 i Bjørkebakken i Dyrøy. Som 16-åring fekk han poliomyelitt, noko som gjorde han handikappa og sette sterkt preg på livet hans seinare. Han arbeidde lenge som journalist i Senjens Blad, periodevis også som redaksjonssekretær og redaktør. I 1972 vart avisa nedlagd, og Hanssen byrja å skrive bøker på heiltid.
 
Som forfattar var Hanssen produktiv og allsidig. Han har gitt ut ei rekkje barnebøker, men det er dikta og vaksenromanane hans som har blitt mest folkekjære. Mange av miljøskildringane sine har Hanssen henta frå dei nordnorske kystbygdene han kjende så godt, og han er sett på som ein av dei fremste formidlarane av nordnorsk kultur. Samstundes er det mykje allmenngyldig i tekstane hans. Fleire av bøkene hans er omsette til svensk, dansk og samisk, og mange av dikta hans er nytta som visetekstar. I 1993 vart han statsstipendiat.
 
Fattigdom og funksjonshemming
Hanssen voks opp på eit lite småbruk, med tungt arbeid og trong økonomi. Foreldra hadde stadig trugsmålet om tvangsauksjon hengande over seg. Den fattigdomen Hanssen opplevde på nært hald i barndomen, sette varige inntrykk, det same gjorde også naturopplevingar han fekk i denne tida.
 
I 1947 flytta familien til tettstaden Finnsnes på fastlandet. Året etter fekk Hanssen polio, og han overlevde berre så vidt tida på sjukehuset i Tromsø. Han vart lam i store delar av kroppen og brukte fleire år på å trene seg opp att. Resten av livet laut venstre arm og bein kompensere for den svake høgresida. Sjukdomen seinka også skulegangen hans mykje.
 
Rimsmeden byggjer seg opp
Handikapet gjorde det vanskeleg for Arvid Hanssen på arbeidsmarknaden, men han hadde ein hobby som han utvikla: skriving av viser, vers og forteljingar. Han fekk avsetning på tekstane som vart framførte som revyviser i lokale ungdomslag og ved festlege samkomer.
 
I 1965 sende Hanssen inn nokre tekstar til ein visekonkurranse i radioprogrammet Søndagsposten. Dette resulterte i venskap med programleiaren Alf Prøysen, landets mest populære visediktar på den tida, som oppmuntra Arvid Hanssen til å skrive meir. Det skulle likevel gå ei tid før han satsa noko større på poesien. Debuten hans som forfattar i 1969 skjedde med ei jubileumsbok om Troms Innland Rutebil.
 
Barnebokforfattaren
I tida i Senjens Blad kom Hanssen i kontakt med redaktøren for Norsk Barneblad, Johannes Farestveit, og på byrjinga av 1970-talet tok Hanssen til å skrive korte historier for bladet. Småstykka vart godt likte, og i 1972 kom dei ut samla i boka Johannes og eg. Fram til 1979 vart det i alt ni barne- og ungdomsbøker på Norsk Barneblads forlag, og seinare fire til på Cappelen. For Den vonde vinteren (1976) og Kaldt hav (1978) vann han Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin pris for beste barnebok, mens Randi til rors (1976) vart påskjøna med Melsomprisen. Kaldt hav og Den store båra (1980) gav Noregs Mållags pris.
 
Lyrikaren
Ved sida av barnebøkene heldt Hanssen fram som rimsmed. I eit formsikkert språk og med stødig rytme forma han natur- og kvardagsskildringar i dikt og viser som hadde stor appell hjå lesarane, og som inspirerte både visesongarar og komponistar. Frå 1977 til 1983 gav han ut ei diktsamling årleg, seinare tre til. I 1975 innleidde han eit samarbeid med Tove Karoline Knudsen, som har tonesett mange av tekstane hans og gitt dei ut på plate. Visene fekk etter kvart stor utbreiing og popularitet, og dei har blitt spela hyppig i radio og inngår i dei fleste nyare norske visesamlingar. Ei av dei mest kjende og populære visene til Hanssen er «Kom sommarvind».
 
Romanforfattaren
Det store gjennombrotet som forfattar hadde Hanssen med vaksenromanen Søsken på Guds jord (1981), ei usminka framstilling av dei svake sine kår i Nord-Noreg på 1930-talet og korleis samfunnet behandla dei psykisk utviklingshemma. Romanen vart ein bestseljar og vart filmatisert av Laila Mikkelsen året etter. Oppfølgjarane kom i Håpet har sterke hender (1984) og Englebrød (1985). I 1990 vart Hanssen nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for romanen Fader Armod.
 
Ettermæle
I 2000 vart Arvid Hanssens minnestiftelse oppretta. Stiftinga gir hjelp og materiale til elevar og studentar som arbeider med Hanssen sin forfattarskap, og blir leia av den yngste sonen til Hanssen, Arne Ivar Hanssen. Arvid Hanssen-huset/Nordavindshagen i Brøstadbotn i Dyrøy kommune opna i 2006 og inneheld mellom anna Arvid Hanssen dokumentasjonssenter. Bygget har fått namn etter Arvid Hanssen si første diktsamling I Nordavindshagen (1977). På Finnsnes blir Arvid Hanssen-festivalen arrangert kvart år i november.
 
Kjelder
Arne Ivar Hanssen: Arvid Hanssen. En biografi om min far. Oslo 2007
 
Vidare lesing
Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 2. utg., 2005
Hanssen, Arne Ivar: Arvid Hanssen : en biografi om min far, 2007
NBL 2. utg.
Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 22.05.2009
Sist oppdatert: 05.05.2019