Hopp til innhold
X
Innhald

Arvo Pärt

Arvo Pärt er ein estisk komponist, kjend for minimalistiske sakrale verk utforma gjennom den originale komponeringsteknikken «tintinnabuli».

Arvo Pärt er fødd 11. september 1935 i Estland og vaks opp i byen Rakvere.

I den første perioden, fram til 1968, eksperimenterte Pärt med serialisme og andre modernistiske teknikkar. Den frie eksperimenteringa hans, også med religiøse tema i verk som «Credo» frå 1968, fall ikkje i god jord hos det sovjetiske kulturpolitiet. Ettersom Estland på denne tida var del av Sovjetunionen, vart distribusjon av musikken hans bannlyst i heimlandet.

Etter denne kneblinga gjekk Pärt inn i ein kontemplativ periode, då han studerte gamal kyrkjesong og monodi (einstemmig song) særleg intenst. Denne perioden var lite produktiv, i den forstand at Pärt skreiv få nye verk, men han kulminerte i 1976 i eit heilt nytt komponeringssystem, og dei neste to åra følgde dei verka som Pärt kanskje er aller mest kjend for framleis: «Für Alina», «Fratres», «Spiegel im Spiegel» og «Tabula Rasa».

Det nye komponeringssystemet, som Pärt kalla tintinnabuli (latin for «klokkar»), har vore hjørnesteinen i all musikken hans sidan. Kort forklart går dei tekniske aspekta av tintinnabuli ut på ein kombinasjon og regelbunden utfalding av to stemmer, der den eine er sentrert om den toniske triaden og den andre bevegar seg diatonisk.

Sjølv om Pärt med dette hadde gått bort frå den meir radikale og atonale samtidsmusikken, vart det slett ikkje noko lettare for han å verke som musikar no som han òg byrja å verte kjend i utlandet. Familien utvandra difor frå Estland til Berlin i 1980.

Dei tidlege tintinnabuli-verka til Pärt som er nemnde ovanfor, hadde allereie gitt han eit namn i musikkmiljøa i Vest-Europa, slik at korkje visum eller kommisjonar og platekontraktar vart eit problem. Særleg fruktbart vart samarbeidet med plateselskapet ECM og koret The Hilliard Ensemble, som figurerer på mange av dei kjende verka frå 1980-åra, slik som «Passio».

Då Sovjetunionen fall, flytta Pärt attende til Estland og vart på ny integrert i musikkmiljøet der. Samstundes nådde musikken hans – ny og gamal – eit stadig større publikum internasjonalt. Han er i dag rekna som den mest spela nolevande komponisten i verda, og den vakre og mystiske musikken har òg vorte ein del av moderne popkultur.

Kjelder

Leopold Brauneiss: «Musical archetypes: the basic elements of the tintinnabuli style», i Andrew Shenton (red.): The Cambridge Companion to Arvo Pärt. Cambridge 2012

Jeffers Engelhardt: «Perspectives on Arvo Pärt after 1980», i Andrew Shenton (red.): The Cambridge Companion to Arvo Pärt. Cambridge 2012

Immo Mihkelson: «A narrow path to the truth: Arvo Pärt and the 1960s and 1970s in Soviet Estonia», i Andrew Shenton (red.): The Cambridge Companion to Arvo Pärt. Cambridge 2012

Andrew Shenton: «Introduction: the essential and phenomenal Arvo Pärt», i Andrew Shenton (red.): The Cambridge Companion to Arvo Pärt. Cambridge 2012

Benjamin Skipp: «The minimalism of Arvo Pärt: an 'antidote' to modernism and multiplicity?», i Andrew Shenton (red.): The Cambridge Companion to Arvo Pärt. Cambridge 2012

Peikarar

Nettstaden til Arvo Pärt Centre, med mellom anna videoar, artiklar, biografi og komplett liste over komposisjonar, arvopart.ee

Utdrag frå dokumentaren «Arvo Pärt – even if I lose everything» frå 2015, arvopart.ee

Silver Tambur: «Arvo Pärt is the world's most performed living composer eight year running», med lenkje til dei relevante statistikkane frå nettstaden Bachtrack, estonianworld.com

Arvo Pärt intervjua av artisten Björk, youtube.com

Først publisert: 25.11.2019
Sist oppdatert: 30.11.2019