Hopp til innhold
X
Innhald

Asbjørn Rydland

Asbjørn Rydland (f. 1976 i Seim i Hordaland) skriv fantasy-romanar. Han debuterte med Drakeguten i 2010 og har skrive fire bøker til i same serie. 

For Med eld i hjartet (2011) fekk han Nynorsk barnelitteraturpris, og for heile serien fekk han Fabelprisen, som blir gitt til bøker i denne sjangeren. I 2019 blei Drakeguten (2011) kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.

Rydland har vore aktiv i det såkalla laiv-miljøet, der ein gjennomfører rollespel med utgangspunkt i figurar frå fantasy-sjangeren. I 2015 kom Fredlaus, som avsluttar Drakeserien, og i 2017 gav han ut Vegandi – Galderstjerna, første bind i ein ny serie.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 06.11.2019