Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Åse-Marie Nesse

Åse-Marie Nesse, lyrikar, gjendiktar og universitetslærar. Ho var ein kjend omsetjar og gjendiktar då ho debuterte som lyrikar i 1970. Nesse var ein lærd og engasjert formidlar av klassisk europeisk danning og litteratur frå andre kulturar.

Nesse var fødd 29. april 1934 i Klepp i Rogaland og døydde 13. juli 2001 i Oslo. Ho tok examen artium ved Rogaland offentlige landsgymnas på Bryne i 1952 og lærareksamen ved Oslo lærerskole i 1955. I 1963 blei ho cand.philol. med hovudfag i tysk ved Universitetet i Oslo. Ho arbeidde som lærar og adjunkt mellom studieperiodane, og frå 1963 til 2000 var ho universitetslektor, seinare førsteamanuensis, ved Germanistisk institutt ved Universitetet i Oslo.
 
Åse-Marie Nesse var formann i Norsk PEN i mange år. Ho var medlem av Norsk kulturråd og medlem av Det litterære råd i Den norske Forfatterforening 1976–1981.
 
Nesse debuterte som lyrikar i 1970 med diktsamlinga Av hav er du komen. Forfattaren veksla mellom nynorsk og bokmål i ein forfattarskap som omfattar om lag 22 diktverk. Dikt i samling kom ut i 1999 (Samlaget). Hovudverket av gjendiktingane er Goethes FaustFaust I (1993) og Faust II (1999).
 
Åse Marie-Nesse fekk ei rad prisar, mellom dei Bastianprisen i 1967 og Den tyske æresordenen Bundesverdienstkreuz i 1993. Ho blei riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2001. I 1999 var ho festspeldiktar ved Dei nynorske festspela.
 
«Viljen»

Det går ein vilje gjennom verden
Den tvingar Negevs ørken til å bløme
Den får korn til å gro i Katmandu
Den vatnar fire tulipanar i Narvik
Den syg honning av Winnipegs prærie
Den fargar bjørkeskogen grøn i Sibir
Den finn røde skattar i Sierra Nevada
Den tiner Vatnajøkull millimetervis
Den lokkar fram vindruer i lavastein
Den let tørstande palmar bere frukt
Den sår solsikkefrø mellom tistlar
Den spinn silke av bølgeblekkdraumar
Den set ut garn på tusen famnars djup
Den er rødstrupens song blant kanonar
Den held mennesket oppreist i motvind

Diktet «Viljen» av Åse-Marie Nesse: Men du syng, Irina. Det Norske Samlaget 1986.
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Goethe til norsk

Åse-Marie Nesse omsette tysk, engelsk, spansk, nederlandsk, fransk og meksikansk litteratur til norsk. Gjendiktinga av Goethes Faust til moderne nynorsk er filologisk presis og tru mot originalen, også i metrikken, og gjord med stor formsans og rik ordfantasi.
 
Dei viktigaste språkområda hennar var tysk og latinamerikansk. Frå tysk omsette ho mellom anna Nelly Sachs og Else Lasker-Schüler, og ho gav ut antologien Over alle tindar. Tysk lyrikkantologi (1990). Av latinamerikanske forfattarar omsette ho Carlos Fuentes, Pablo Neruda og Octavio Paz. Antologien Maisguden lyser i natta. Meksikanske dikt kom i 1971.
 

Klassisk poesi

Dikta i debutsamlinga Av hav er du komen (1970) er prega av referansar til verdslitteraturen – til Homer, meksikansk litteratur og fransk mellomalderlitteratur. I den neste samlinga, Til ord skal du bli (1973) gir ho litterære portrett av ei rekkje av dei store i europeisk litteratur, frå Sapfo og Homer til Kafka og Neruda, og av norske diktarar som Henrik Wergeland, Arne Garborg og Knut Hamsun. Særleg kjent er diktet «Camilla Collett».
 
Nesse skreiv dikt i både frie og bundne former, og ho nytta gjerne klassiske strofeformer som mønster, til dømes sonetten, balladen og folkevisa.
 
I diktsamlinga Solstein (1976) går ho, i frie vers, tilbake til gamle mytar og livsformer i Mexico og dreg linene fram til dagens menneske. Ho leitar fram det menneskelege og tidlause i det eksotiske og framande.

«Kalypso»

Gudinne, seier måkane. Trollkvinne,
skumdronning, spegel.
Magiske hender, ropar fiskane. Stjerneaugo,
lipper av korall.
Vesle barn, sa Odyssevs første natta.
Siste dagen sa han: mor.

Diktet «Kalypso» av Åse-Marie Nesse: Av hav er du komen. Det Norske Samlaget 1970. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Publikumskjær lyrikar

Åse-Marie Nesse blei for alvor ein publikumskjær lyrikar med diktsamlinga Vinterhuset (1981), som er dedisert «Til far og mor». Dikta handlar om heim og barndom på Jæren og først og fremst forholdet til foreldra i den siste livsfasen, då dei var på sjukeheimen. Poeten skriv innlevande og perspektivrikt om institusjonar for gamle og om det mentale livsrommet hos menneske som snart skal døy.

«Edelstein I»

Ho er eit stykke rav
frå umålelege havsdjup
innekapsla blomeblad
er restar av ein sommar
som eingong drog forbi
før steinen dreiv i land
på ein kyst utan palmer
med sakte bølgesus

Ho er eit stykke rav
av millionar draumar
av sorg og solnedgangar
av slit og søvn og uro
men steinen er eit smykke
som prydar guds panne
og glansen er avglans
av underfulle rom

Diktet «Edelstein I» av Åse-Marie Nesse: Vinterhuset. Det Norske Samlaget 1981.
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider
 
Stor publikumsappell hadde også dei siste diktsamlingane, For bare livet (1997) og Den tredje porten (2000), der Åse-Marie Nesse skildrar kampen mot eigen sjukdom. Ho døydde av kreft i 2001. Dette er tankevekkjande tekstar med ein optimistisk grunntone, der diktaren hentar styrke og kraft i mytologi, kunst og i sjølve skrivinga. Mellom cellegiftkurane gjendikta ho dessutan førti dikt av Goethe, utgitt i Mitt hjarta slo (1999).
 

Jærdiktar

Nesse budde i Oslo mesteparten av livet, men vende stadig tilbake til Jæren og jærlandskapet, både i livet og i diktinga. Hytta på Jæren var skrivestove om somrane, og her skreiv ho mange av dikta.
 
I 2007 blei ho heidra med minnesmerket «Ein plass for poesi» ved Klepp kyrkje, ein skulptur laga av Marit Lyckander, der folk kan gå inn og setja seg og sjå ut over havet.
 
Åse-Marie Nesse var ein svært god opplesar av eigne og andre sine dikt og ein elska formidlar av tysk litteratur ved Universitetet i Oslo.
 

Kjelder

Sigrid Bø Grønstøl: «Vestlandslitteraturen», i Knut Helle o.fl. (red.): Vestlandets historie. bd. 3: Kultur. Bergen 2006
Gerd Høst: «Åse-Marie Nesse», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003
Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie, bd. 7: Inn i medietidsalderen 1965–1980. Oslo 1997
 

Peikarar

Digitaliserte bøker av Åse-Marie Nesse  på Nasjonalbiblioteket, nb.no

 

Vidare lesing

Engelstad, Elisabeth Vallevik: Åse-Marie Nesse : eit poetisk liv, 2010
Norsk biografisk leksikon 2. utg.
Vedlegg til Dag og tid, nr. 36, 9. sept. 1999 (24 s.)

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 30.06.2018