Hopp til innhold
Aslaug Høydal, 1956
Aslaug Høydal, 1956
Foto: Ukjend. Nytta etter avtale med Aslaug Høydal 100 år
X
Innhald

Aslaug Høydal

Aslaug Høydal, forfattar og lærar, skreiv romanen Dyr last i 1963 som vekte mykje debatt om det nye skuleslaget ungdomsskulen.

Høydal er fødd i Seljord 22. desember 1916 og døydde i Skjåk 2007. Ho gjekk på Telemark folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelige industriskolen i Oslo og Askov Højskole i Danmark. Etter eksamen frå Elverum lærerskole i 1959 var ho mellom anna tilsett ved Ryfylke folkehøgskule og Vestoppland folkehøgskule før ho i 1960 kom til Tokke ungdomsskule. I 1971 hadde ho vidareutdanna seg til adjunkt i Trondheim og vart tilsett på Nordberg skule i Skjåk.

Ho debuterte med barneboka Born og bøling (1950) og har seinare skrive svært mange bøker, mest romanar og barnebøker.

I Sevje (1959) skildrar ho miljøet på ein lærarskule på landet. Høydal fekk Melsomprisen for romanen Dyr last (1963) om den nye lindjedelte ungdomsskulen, som vekte mykje debatt om sentralisering, IQ-testar i skulen og linjedelinga. I romantrilogien Tårer i sand (1969), Der grindane møttest (1971) og Brest i såldet (1972) held ho fram med pedagogiske debattar om ungdomsskulen i romanform. Få andre har skrive romanar med kursplandeling i sentrum for forteljinga. Høydals romanar er etter eigne utsegner ikkje laga for underhaldning, men for å reformere skulesektoren. Også I gryet gror dagen handlar om ungdomsskulen. Der er det samlivsundervisinga, elevdemokrati og nye reglar for avstraffing av elevar som får kritikk. Kritikk mot karakterar, ein skule som berre styrer etter målbare kriterium og resultat og sentralstyrte skulesystem som ikkje høver i praksis gjennomsyer alle desse romanane.

Den politiske romanen er typisk for 1960-talet, men det er ganske utypisk at det er ein kristen forfattar som vil forsvare tradisjonelle bygdeverdiar og skulen slik han hadde vore, som nytta romanen på den måten. Høydals forfattarskap syner at ein ikkje trengte å vere radikal og langt på venstresida for å engasjere seg politisk i litteraturen. Professor Jan Inge Sørbø har peika på at Høydal skriv seg inn i ein nynorsk tradisjon der kritikken mot pedagogikken i etterkrigstida var sentral, der Høydal delar plass med blant andre filosofane Jon Hellesnes og Hans Skjervheim.

 

Kjelder

Einar Gotehus: Pedagogiske og psykologiske problem i Aslaug Høydals skuleromanar. Hovudoppgåve i norsk Universitetet i Oslo 1976. https://www.nb.no/items/8088c1...

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018

Aslaug Høydal 100 år, https://aslaughoydal.wordpress.com/ [lesedato 14.3.2018]

 

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 03.10.2018