Hopp til innhold
Det austtimoresiske flagget. Kjelde countryflags.com. Fri bruk.
Det austtimoresiske flagget. Kjelde countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Aust-Timor

Infrastruktur og utvikling i Aust-Timor ber stadig preg av den indonesiske okkupasjonen, men begynnande utvikling av olje- og gass-felt i Timorhavet gir grunnlag for forsiktig optimisme for økonomien i landet (om ikkje for klimaet i verda).

Aust-Timor (Timor Timur (indonesisk), Timor Leste (portugisisk)) var i ca. 400 år portugisisk koloni. Landet erklærte seg sjølvstendig i 1975, men vart invadert og annektert av Indonesia. Okkupasjonen var svært brutal, og ein reknar med at inntil 200 000 menneskeliv gjekk tapt. Frigjeringsorganisasjonen Fretilin kjempa for sjølvstende. Nobels fredspris gjekk i 1996 til sjølvstendeforkjemparane biskop Carlos Belo og José Ramos-Horta. Dette sette fornya søkjelys på situasjonen i landet.

I ei folkerøysting i august 1999 stemde 78,5 % for sjølvstende for Aust-Timor. Valresultatet førte til at pro-indonesisk milits ved hjelp av terror tok kontroll over dei fleste store byane, og dette førte til omfattande sosiale problem. Det vart sendt ein internasjonal fredsstyrke til området i september 1999, og innan november hadde dei indonesiske soldatane trekt seg ut. Frigjeringsleiaren Xanana Gusmão vende tilbake for å leie landet mot sjølvstende. 

I det første demokratiske valet i landet i august 2001 vann den tidlegare frigjeringsrørsla Fretilin 55 av 88 plassar i den grunnlovsgivande forsamlinga. Fram til sjølvstendet i 2002 var landet styrt av FNs overmyndigheit UNTAET. Den første presidenten i landet, frå mai 2002, var Xanana Gusmão. 

Våren 2006 oppstod det kampar mellom hæren og tidlegare soldatar. Presidenten erklærte unntakstilstand. Statsminister frå 2002, Mari Alkatiri, som var ansvarleg for avgjerda om å sparke soldatane, gjekk av i juni 2006 etter sterkt press. Nobelprisvinnaren Ramos-Horta overtok, før han vart vald til president i 2007, medan Gusmão samtidig overtok som statsminister. For å få kontroll på uroa trong styresmaktene assistanse frå fredsbevarande FN-styrkar, som var i landet frå 2006 til 2012. 

I 2015 vart landet stiftande medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa i verda, som kjempar for klimatiltak. 

President sidan 2017 er Francisco Gutererres, og statsminister sidan 2018 Taur Matan Ruak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 20.05.2020