Hopp til innhold
X
Innhald

Barn

Barn (eining), med symbol b, er ei eining som vert nytta i kjerne- og partikkelfysikk for å beskrive sannsynet for partikkelkollisjonar. Ein barn er lik ein tidel av ein milliarddel av ein milliarddel av ein milliarddel av ein kvadratmeter (10–28 m2).

Sidan barn er ei eining som tek utgangspunkt i kvadratmeter, er det altså ei måleing for areal. Dette arealet vert kalla tverrsnitt og er den vanlege måten å oppgi kollisjonssannsyn på. Ein kan forstå det intuitivt ved å sjå for seg kollisjonen mellom to partiklar frå perspektivet til den eine av dei. Når denne partikkelen fer mot kollisjonspunktet, vil han sjå overflata av den andre partikkelen framfor seg, og di større areal han ser, di meir sannsyn er det for at dei kolliderer.

Barn kjem av det engelske ordet for låve og har opphavet sitt frå andre verdskrigen og arbeidet med utviklinga av atombomba i USA. Fysikarane som var knytte til Manhattan-prosjektet, trong ei hemmeleg eining for å skildre sannsynet for at det oppstår ein reaksjon, til dømes ein kjernefysisk fusjon, i kollisjonar mellom atomkjernar. Éin barn er om lag tverrsnittet for ein reaksjon med ein urankjerne, og dette var rekna som ein lett reaksjon å få til. Namnet barn vart difor valt med referanse til det amerikanske uttrykket «big as a barn» («stor som ein låve»), som spelar på at noko er lett å treffe når ein skyt på det.

Under krigen var definisjonen av barn klassifisert informasjon, og han vart ikkje gjord offentleg kjend før i 1948. Sidan den gongen har barn vorte standardeininga for tverrsnitt i både kjernefysikk og elementærpartikkelfysikk.

Kjelder

Mike Perricone: «Signal to background», Symmetry, vol. 3, nr. 1/2006, symmetrymagazine.org: https://web.archive.org/web/20090216080511/http://www.symmetrymagazine.org/cms/?pid=1000258 [lesedato 22.10.2017]

«Non-SI units accepted for use with the SI, and units based on fundamental constants», SI brochure (8th edition). BIPM 2006, bipm.org: http://www.bipm.org/en/publications/si-brochure/table8.html [lesedato 28.1.2018]

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 14.05.2018